Liv i Lom/Lom som nasjonalparklandsby

Gjennom småsamfunnsprosjektet «Liv i Lom» skal kommunen utvikle spennande aktivitetar, attraktive bu- og arbeidsplassar. Saman med prosjektet ”Lom som nasjonalparklandsby” har kommunen gjort seg nyttige erfaringar, mellom anna om forankringsarbeid.

Gjennom ”Lom som nasjonalparklandsby” skal Lom kommune vidareføra sitt arbeid med å utvikle Lom til en attraktiv kommune for busetnad og næringsetablering, og det inngår i kommunen satsing ”Liv i Lom”.

Formannskapet er styringsgruppe, og var også det i forprosjektet. I forprosjektet hadde dei også ei ressursgruppe som har bestått av kommunalt tilsette.Ressursgruppa vert i hovudprosjektet avløyst av prosjektgruppa for landsbyrådet.

Det overordna målet til «Liv i Lom» er å vidareutvikle Lom som ein attraktiv kommune for busetnad og næringsetablering, og der dei har med 4 hovudpunkt i målformuleringane:

  1. utvikling av lokalsamfunnet som nasjonalparklandsby/-kommune som ramme
  2. Samfunnsutvikling for å auke busetnad og trivnad
  3. Næringsutvikling for å utløyse næringspotensialet i satdbundne ressursar
  4. Nettverksbygging og samarbeid med eksterne aktørar for å syte for regional- og nasjonal kompetanseoverføring.
Eierskap, organisering og formell forankring

Distriktssenteret vuderer Prosjektet Liv i Lom til å ha god og sterk forankring i det kommunale arbeidet. Dette mellom anna med bakgrunn i at formannskapet har vore styringsgruppe i heile forprosjektperioden og dei held også fram i det vidare arbeidet.

Forankringa og eigarskapen hjå lokalbefolkninga er etterkvart blitt styrka gjennom tiltak og aktivitetar både i Bøverdalen med mellom anna Bøverbrusfestivalen og i stiutvikling Lom sentrum. I tillegg har dei køyrt vertskapskurs for befolkninga i Lom i samarbeid med reiselivslaget.

Det har blitt jobba godt med med å kople på mange ulike målgrupper i kommunen til prosjektet, noko som ein haustar resultat av allereie no.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Distriktssenteret meiner at prosjektet har vore oppteke av å involvera lokalbefolkninga i arbeidet. I forprosjektet vart det gjennomfør møter både i Lom sentrum og i Bøverdalen. Dette har gitt innbyggarane meir innflytelse og medverknad i det vidare arbeidet i småsamfunnsprosjektet.

Vi ser at det også er viktig å ha tette band til anna næringsliv i kommunen og på det interkommunale plan. Mellom anna er Jotunheimen Reiseliv med lokalisering på Fjellmuseet i Lom svært viktig å ha med på laget i denne samanhengen.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Liv i Lom fekk ein noko dårleg start ved at prosjektarbeidet kom seinare i gang enn det som vart tenkt. Samstundes har det blitt nytta store ressursar frå kommunalt hald. Dette gjeld både på politisk og administrativt nivå. Dette har resultert i at prosjektet har høg prioritet. Difor vurderer Distriktssenteret det slik at hovudprosjektetet er godt i gang og på rett kjøl. Det skjer mykje i høve til dei tiltaka som ligg inne i prosjektplanen.

Ei utfordring for prosjektet kan vera at det er fleire prosjekt som er vevd inn i kvarandre. Det er ein styrke ved at kan nytte dei ressursane ein har på ein god og effektiv måte. Samstundes har dei ulike finaniseringspottane ulike priorieteringar, noko som gjer at det kan vera vanskeleg å få gjennomført ein del av tiltaka.

Kommunens rolle

Kommunen har vore og er ein sentral aktør i alle deler av prosjektarbeidet,Forprosjektet har vore oragnisert med formannskapet som styringsgruppe i tillegg til ei ressursgruppe og 100 % prosjektleiarstilling i kommunen. Formannskapet held også fram som styringsgruppa i hovudprosjektet, og no er ressursgruppa vert avløyst at det nyvalde landsbyrådet.

Den gode forankringa og medverknaden frå kommunen gjer at dei spelar ei viktig rolle som samfunnsutviklar i dette prosjektet, og kommunen har øverført erfaringar frå arbeidet til andre prosjekt dei etterkvart har fått.

Fylkeskommunen peiker på kommunen sitt sterke engasjement i dette prosjektet, og at prosjektet er sterkt forankra til samfunnsdelen i kommuneplanen.

Fylkeskommunens rolle

Distriktssenteret meiner at Fylkeskommunen i Oppland er tett påkopla Liv i Lom, og dei kjenner godt til prosjektarbeidet. I forprosjektet deltok fylkeskommunen i tillegg med kr 100 000,-.

Distriktssenteret vurderer det slik at kontakten kunne vore endå betre, spesielt i ein tidleg fase når det lokale utviklingsprosjektet fekk midlar gjennom den nasjonale småsamfunnsatsinga. De er viktig at kommunane har med seg dette når det vert søkt om midlar. Fylkeskommunen er den viktigaste regionale utviklingsaktøren i eit fylke, og kan nyttast på fleire område i eit utviklingsarbeid.

Distriktssenteret ser det også slik at småsamfunnsprosjekt med ein bruk og vern-tilnærming, der også fylkesmannen som ein viktig regional samarbeidspartnar både fagleg og økonomisk. Liv i Lom har hatt god kontakt med fylkesmannen i prosjektperioden

Målformulering

Det overordna målet for småsamfunnsatstinga i Lom var å sikre levande bygdesamfunn der ein nyttar stadbundne ressursar i naturen og kulturlivet.

I hovudprosjektet står det fylgjande; Vidareutvikle Lom til ein attraktiv kommunen for busetnad og næringsetablering i fire punkt:

  1. Utvikling av lokalsamfunnet som nasjonalparklandsby-/kommune som ramme
  2. Samfunnsutvikling for å auke busetnad og trivnad
  3. Næringsutvikling for å utløyse næringspotensialet i stadbundne ressursar
  4. Nettverksbygging og samarbeid med eksterne aktørar for å syte for nasjonal og internasjonal kompetanseoverføring

Liv i Lom har avslutta forprosjektet og eit viktig mål for småsamfunnsprosjektet var å få etablert Lom som nasjonalparklandsby. Prosjektet definerer klare og realistiske visjonar, målsettingar og resultat og effektiindikatorar knytte til dei valde strategiane i prosjektet.

Målformuleringane i hovudprosjektet for «Liv i Lom og Lom som nasjonalparklandsby» lever opp til dei utfordringane som gjer seg gjeldande i Lom.

Resultat og effekt

Distriktssenteret meiner at det har vore ei brei og god mobilisering som gjer at det var god måloppnåing i forprosjektet i høve til dei måla som er satt. Det er eit tydeleg større engasjement lokal for å sjå på Lom som nasjonalparklandsby som er viktig ressurs i utviklingsarbeidet. Både prosjektleiing og kommunen jobbar svært målretta for å nå måla i hovudprosjektet.

Distriktssenteret ser at småsamfunnsprosjektet i Lom har ein sterk fane i kommunen og for regionen elles.

Nyskapning og kreativitet

Distriktssenteret meiner at småsamfunnssatsinga har vore med å gi god synergi til fleire tiltak som skjer i kommunen rundt lokal samfunnsutvikling og bruk og vern-arbeidet. Hovudprosjektet i småsamfunnssatsing er no delt i to:

  1. Liv i Lom
  2. Lom som nasjonalparklandsby. Dette gjer at ein kan sjå ting i samanheng.

Dei har også fått etablert klimaparken 2469 som er eit døme på nyskaping og krevativitet. Her ligg det inne viktige synergiar. Midlane frå småsamfunnsatsinga er med å gi moglegheit til framdrift gjennom god prosjektleiing, medan sjølve tiltaket hentar ressursar frå fleire andre stader.

Liv i Lom er eit kommunalt prosjekt, der forprosjektet vart avslutta i april 2009. Hovudprosjektet vil bli avslutta våren 2012.

Det overordna målet til «Liv i Lom» er å vidareutvikle Lom som ein attraktiv kommune for busetnad og næringsetablering.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner Liv i Lom har ein sterk og god kommunal forankring til prosjektarbeidet. Både kommunestyret og formannskapet og bygdene er involvert. Det gir eigarskap som har stor betyding for framdrift både her og i liknande prosjekt.

Mål og resultat

Arbeidet med småsamfunnsprosjektet kom noko seinare i gang enn det som var planlagt. Distriktssenteret meiner likevel at prosjektarbeidet er kome godt i gang, og at småsamfunnsatsinga i Lom har bidrege sterkt til at nasjonalparklandsbyen vart etablert. Ordet nasjonalparklandsby var nemnt for fyrste gang i Stortingsmelding nr. 21 (Hjarte for heile landet), og det dukka opp som ein konsekvens av småsamfunnssatsinga.

Etterkvart som prosjektarbeidet har gått framover, er det ei auka oppslutnad om arbeidet. Dette skuldast mellom anna konkrete tiltak som lokale sti-prosjekt som også vert nytta mykje av lokalbefolkninga og vertskapskurssom er gjennomført det siste året.

Prosess og vurderingar

Distriktssenteret meiner at den sterke forankringa til kommunen og god prosjektleiing har medført til fleire mobiliseringsprosessar både i Lom sentrum og i Bøverdalen. Prosjektarbeidet i Lom har så langt vist at lokalsamfunnet må sitja i førarsetet i prosesessen for å gjere Lom til ein attraktiv plass å bu med eit nyskapande næringsliv og kulturliv.

Utfordringa midt i prosjektperioden frå eit forprosjekt til eit hovudprosjekt, er at fleire prosjekt vert vevd inn i kvarandre. Dei ulike finansieringskjeldene har ulike krav til bruk av virkemidlane som vert gitt til utviklingsarbeidet. For Liv i Lom gjeld dette mellom anna småsamfunnsmidlar, midlar frå naturen som verdiskapar og midlar frå Lom som nasjonalparklandsby samt regionale og fylkeskommunale midlar. Styrken er likevel at det er med på å halde oppe eit høgt aktivitetesnivå og engasjement for uviklinga av Lom.

Vegen vidare

Liv i Lom er eit pågåande prosjekt, som no er i gang med hovudprosjektet. Prosjektarbeidet skal vare fram til april 2012. Distriktssenteret meiner at prosjektarbeidet er inne på eit godt spor, men møter, som mange andre prosjektarbeid, stadig utfordringar, til dømes ved at det er skifte i prosjektleiinga midt i prosjektperioden.

Distriktssenteret ser at erfaringane i prosjektet «Liv i Lom» vil vera viktige å kunne formidla vidare til andre likande prosjekt. Prosjektleiinga og kommunen gir sterkt uttrykk for å vera med å dela sine erfaringar, både suksesshistoriane og det som har vore mindre vellukka.