Prosjektet har fokus på kulturbasert stad- og næringsutvikling og inkludering av innvandrarar. Gjennom prosjektet skal det etablerast eit kunst- og kultursenter som skal innehalde ei rekkje ulike element.
Nokre eksempel er kulturarbeidsplassar og kreative yrker, kvinnearbeidsplassar, fleirkulturelle arbeidsplassar og høve for innvandrarar til å vise tradisjonar og kultur, kurs/opplæring/kompetanseoverføring av kunst, handverk, gamle teknikkar, immateriell kulturarv og design med meir.
Prosjektet er tildelt 1,2 millionar i Bulystmidlar i 2011.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.