Fagområde: Bolig og bomiljø

Hus til folk i Østerdalene

Gjennom prosjektet «Hus til folk i Østerdalene» har Hedmark fylkeskommune arbeidd for å auke kunnskapen om lokal bustadpolitikk og stimulere til framtidsretta bustadutvikling i mindre bustadmarknader.

«Hus til folk i Østerdalene» starta opp som forprosjekt i 2010, i eit samarbeid mellom Hedmark fylkeskommune, Regionrådet i Sør-Østerdal og Regionrådet i Fjellregionen. I 2012 blei arbeidet vidareført som hovudprosjekt, med vekt på tiltak i tre utvalde pilotkommunar: Tynset, Tolga og Engerdal.

Bakgrunn

I kommuneplanprosessar og arbeid med småsamfunnsutvikling erfarte Hedmark fylkeskommune at bustadutfordringar med få tilgjengelege bustader, lite variert bustadtilbod og ein dårleg fungerande marknad, stadig blei løfta fram. Dette var bakgrunnen for prosjektet. Initiativet blei forsterka og forankra i fylkesrådets visjon om 220.000 innbyggarar i Hedmark i 2020.

Mål for hovudprosjektet: Stimulere kommunar til å sette bustadpolitikk på dagsorden, og tenkje nytt rundt kommunens rolle, samarbeid og organisering, nye buformer og samspelet mellom bustad, arkitektur/omgjevnader, miljø.

Stort behov for kunnskap om bustadutvikling

Forprosjektet såg nærare på utfordringane med få tilgjengelege bustader, eit lite variert tilbod, ein dårleg fungerande marknad, og korleis dette kunne jobbast med i eit fellesprosjekt. Det blei tidleg klart at problemstillingane var relevante i heile regionen, og at kommunane hadde eit felles kunnskapsbehov. I løpet av forprosjekt-perioden blei det henta inn kunnskap og erfaringar frå anna bustadstrategisk arbeid, og forankra hjå den politiske og administrative leiinga i interesserte kommunar. I alt blei det gjennomført 4 arbeidsseminar for kommunane.

Det blei også utarbeidd kriterie for val av pilotar til eit hovudprosjekt. Interesserte kommunar førebudde søknader i tråd med desse.

Konseptutvikling og tiltak i pilotkommunar

Jmf. forprosjektet skulle hovudprosjektet drivast som eit «kompetanse- og læringsnettverk for boligutvikling», med ein felles prosjektleiar. Fylkeskommunen gjekk vekk frå denne modellen, då søknad om utviklingsmidlar hjå Husbanken Øst ikkje nådde gjennom. Som eit alternativ valgte ressurs i strategisk stab å avgrense fellesaktivitetar i prosjektet til 2 erfaringssamlingar, og løfta i staden temaet inn i LUK-satsinga (Lokal samfunnsutvikling i kommunane). Eit mindre utval kommunar, som søkte deltaking i prosjektet, fekk også disponere midlar til tiltak. Aktivitetane i hovudprosjektet blei gjennomført i perioden 2012-2013.

Deltakarkommunane

Kommunane Tolga, Tynset, Engerdal blei valgt som pilotar. Tynset kommune har brukt midlane til å støtte plan- og utviklingsarbeid for bustadområde i bygdene Tylldalen og Kvikne. I bygda Kvikne omfattar reguleringsplanen både hytteutbygging, leilegheiter og einebustader. Tolga har nytta midlane til konseptutvikling, bl.a modell for utbygging og drift av utleigeeiningar (samarbeid kommune, private aktørar). Engerdal søkte midlar til prosjektet «Hus til folk i sentrum», som er eitt av 10 delprosjekt i eit større stadutviklingsarbeid (LUK-deltaking). Sentralt i prosjektet: utbyggingskonsept for å realisere eit bustadprosjekt retta mot seniorar.

Finansiering med regionale midlar, Bulyst og LUK

Fylkeskommunen har ikkje gitt midlar til fysisk bygging, men har bidrege med regionale utviklingsmidlar, som stimuleringsmidlar. til eit utval av pilotprosjekt . Det er også gitt midlar til å få utarbeidd kunnskapsgrunnlag/analyser som fleire har nytte av. I 2010 søkte og fekk Hedmark fylkeskommune 800.000 kroner frå den nasjonale Bulyst-satsinga. Det blei også søkt Husbanken om utviklingsmidlar til hovudprosjektet, men her fekk ikkje Østerdals-regionen gjennomslag.

Hedmark fylkeskommune har knytt bustadarbeidet tett saman med LUK-satsinga, og det er nytta LUK-midlar til å gjennomføre arbeidet. Temaet er også kopla på stadutvikling, med fokus på sentrumsutvikling.

Status 2014-2015

I prosjektets avslutningssamling drøfta kommunane, regionrådet Fjellregionen og fylkeskommunen interessa for og nytten av å halde fram eit felles regionalt arbeid. Felles arenaer blei vurderte som viktige for å skape felles forståing for bustadutvikling i regional utvikling, og ressurseffektivt med omsyn til å skaffe fram fakta og kunnskap med interesse for alle. Etablering av felles plattform for regional og lokal bustadutvikling blei definert som mål.

LUK-midlar for 2014/2015 sikra i hovudsak finansieringa av det vidare arbeidet. Vinteren 2014 blei det bl.a gjennomført ei regional samling mellom dei 6 kommunane i Fjellregionen, i tillegg til Stor-Elvdal og Engerdal. Regionrådet stod som arrangør.

«Hus til folk i Østerdalene» starta opp som forprosjekt i 2010, i eit samarbeid mellom Hedmark fylkeskommune, Regionrådet i Sør-Østerdal og Regionrådet i Fjellregionen. I 2012 blei arbeidet vidareført som hovudprosjekt, med vekt på tiltak i tre utvalde pilotkommunar: Tynset, Tolga og Engerdal.

Prosjektet har bidrege til styrkt kunnskap om bustadutvikling og stimulert kommunar til å tenkje nytt rundt si bustadpolitiske rolle og arbeide med framtidsretta bustadkonsept.

Fylkeskommunen som kontinuitetsberar og pådrivar for kunnskapsnettverk

Hedmark fylkeskommune har hatt ei sentral rolle som initiativtakar og ansvarleg for å koordinere nettverksaktivitetar mellom pilotkommunane. Fylkeskommunen har erfart at dette har stor betydning for små kommunar og regionrådssekretariat med lite utviklingsressursar: «Når det kjem initiativ og innspel frå kommunane, så prøver vi å støtte opp, legge til rette for fellesaktivitet, koordinere, trekke ting saman», seier seniorrådgjevar Tove Krattebøl i strategisk stab .

«I dette arbeidet har vi konkret lagt til rette for kunnskapsarenaer, der fylkeskommunen har teke jobben med å etablere og samordne nettverk som har ønskt å jobbe med tema. Fylkeskommunen har, i samarbeid med regionråda, fasilitert og gjennomført samlingar. Dette har kommunane etterspurt og tykt godt om. Samlingane har gitt effektiv kunnskapsdeling, sterkare felles forståing og ikkje minst inspirasjon til det lokale arbeidet i kvar enkelt kommune.

Fylkeskommunen har også gitt midlar til å dra inn kompetanse. «Vi sit ikkje nødvendigvis med den spesifikke faglege kunnskapen, men er del av nettverk og kjenner til eksterne ressursmiljø.Vi fungerer som viktige kontinuitetsberarar, gjennom folka og ressursane vi stiller med», seier Krattebøl.

Bustadutvikling i samordna areal- og transportplanlegging

Fylkeskommunane vil bli sterkare utfordra på bustadutvikling framover, meiner Krattebøl, og viser til at bustadplanlegging er lagt inn i retningslinene for samordna areal og transportplanlegging (BATP). «B-en i BATP utfordrar fylkeskommunane på kompetanse», seier Krattebøl og held fram: «At fylkeskommunen sjølv ikkje forvaltar fagkompetansen, forsterkar nytten av pilotar og fyrtårnprosjekt. Gjennom slike pilotar blir det utvikla ny, unik kompetanse. Her må fylkeskommunane vere tett på, og få ut overføringsverdien til andre. Dette har vore sentralt i Hus til folk-prosjektet», seier den erfarne seniorrådgjevaren i Hedmark fylkeskommune.