Notater på flipoverark: "Dagen i dag". Foto.
Dei regionale satsingane Blilyst og Kysten er klar etablerer samarbeidsnettverk for bustadetablering. I september samla nettverket seg til første arbeidsøkt. (Foto: Trude Risnes)

Bustadutvikling gjennom regionalt samarbeid

Når bustadutfordringar blir diskutert, kan det vera smart å sjå utover kommunegrensene.

Det har skjedd ei bustadpolitisk oppvakning i Kommune-Noreg dei siste åra, der både by- og distriktskommunar erfarer at mangelfulle bustadtilbod hemmar vidare utvikling. Årsakene er samansette, og det er løysingane óg. Men om standardløysinga neppe finst, finst det kjenneteikn ved arbeidsmåtar og tiltak, som vi erfarer gjev resultat i det bustadpolitiske arbeidet. Samarbeid og samhandling er sentrale stikkord.

Nettverkssamarbeid på tvers av kommunar

I nordlandskommunane Gildeskål, Hamarøy og Beiarn blei det fart i sakene etter at bustadtemaet kom på dagsorden gjennom eit regionalt nettverkssamarbeid. I Hardanger jobbar dei aktivt og målretta gjennom den regionale satsinga Flytt til Hardanger, i Sør-Trøndelag har regionsprogramma Kysten er klar og Blilyst etablert eit felles bustadpolitisk nettverk som arbeidsarena. Mykje det same skjer i Buskerud og Hedmark, med eit utval kommunar og fylkeskommunen som nav.

Kvifor har desse kommunane valgt å jobbe på tvers av kommunegrenser, og bryte praksisen med å halde det bustadpolitiske arbeidet «innomhus»? Kva forventningar og erfaringar har dei med å jobbe slik?

I same båt

Då Husbanken i Bodø møtte regionråda i sin region hausten 2010, oppdaga dei raskt at bustadproblematikken var gjennomgåande lik i dei fleste kommunar. Det merkast også på førespurnadane frå enkeltkommunar inn til kontoret. «Alle var i same båt», med lite nybygging og ein ikkje-fungerande leigemarknad, trass i opplevd etterspurnad etter bustader. Dette var opptakten til eit bustadpolitisk prosjektet «Helhetlig boligpolitikk og bedre virkemiddelbruk i distriktene«, der kommunane Gildeskål, Beiarn og Hamarøy deltok saman med Husbanken, KS og Nordland fylkeskommune.

– Kommunane hadde eit felles kunnskaps- og analysebehov, og lite bustadfaglege ressursar kvar for seg. Det var heilt naturleg å ta tak i dette i eit breiare nettverkssamarbeid, seier Adelheid Kristiansen, avdelingsdirektør i Husbanken region Bodø.

Regionale støttespelarar med

Felles behov og effektiv kunnskapsbygging er altså sentralt. Det er også viktig ay kommuneoverskridande bustadsamarbeid gjer det mogeleg for regionale støttespelarar å bidra meir og følgje arbeidet over tid. Det gjeld både i Nordland, Hardanger, Sør-Trøndelag, Buskerud og Hedmark.

– Husbanken kan sjeldan tungt inn i bustadpolitiske problemstillingar hjå enkeltkommunar. Vi utfordrar difor kommunane til å søke nye arbeidsmåtar og tverrgåande samarbeid, og støttar opp om slike, seier Olav Ohnstad i Husbanken Bergen. Han representerer Husbanken i den regionale bustadpolitiske arbeidsgruppa i Hardanger, og fortel at eit tilsvarande initiativ no tek form blant kommunane på Jæren.

Lokale gevinstar med regional samhandling

I den regionale arbeidsgruppa i Hardanger sit også Hordaland fylkeskommune. Saman med Husbanken bidreg fylkeskommunen med brei planfagleg kompetanse, noko som for mange distriktskommunar er eit knapt gode. Husbanken og fylkeskommunen ser at samhandlinga gjer bustadplanarbeidet i kommunane enklare, og er opptekne av at kommunane og den regionale partnarskapen finn fram til arbeidsmåtar som gjer dette mogeleg.

I Sør-Trøndelag og Buskerud er dei regionale bustadinitiativa forankra i satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK), der fylkeskommunane bidreg med regionale midlar. Hedmark fylkeskommune har på si side vore fødselshjelpar til eit interkommunalt bustadinitiativ i Østerdalen, bl.a med bidrag frå Bulyst-midlar. Lokale gevinstar og regional overføringsverdi er forventningar hjå fylkeskommunane i alle dei tre fylka.

Men samarbeid på tvers av kommunegrenser og samhandling med regionale aktørar set også krav.

– For kommunen er det uansett viktig å ha nok ressursar til aktiv planleging og oppfølging», seier plansjef Marit Rødseth i Hordaland fylkeskommune.

Kommunen si rolle

Rødseth er oppteken av planarbeid som verktøy for faktisk gjennomføring, og meiner kommunane atkivt må legga til rette for bustader der det er eit ønskje frå kommunen, befolkning og utbyggjarar.

– Kommunen bør signalisere kvar ein ønskjer bustadbygging og sjølv planlegge større attraktive område under eitt, seier Rødseth og peikar på at ferdigregulerte felt, som kan byggast ut stegvis etter kvart som marknaden tilseier det, er etterspurt frå utbyggarane i slike marknader.

Tydelege prioriteringar i kommuneplanen og dialog med utbyggjarar vil også korte ned behandlingstida, meiner plansjefen og utdjupar: – Utbyggjarar som fremjar planar i strid med overordna planar må rekne med lang handsamingstid. Det er derfor viktig med god kontakt med utbyggjarar i overordna planprosessar, som kommuneplanens arealdel, slik at ein sikrar grunnlag for planar som let seg gjennomføra raskt. I motsett fall vil planprosessane kunne ta uforholdsmessig lang tid.

Styrka gjennomslagskraft for felles bu- og arbeidsmarknader

Regionale bustadsamarbeid vil også kunne styrke profileringa av felles bu- og arbeidsmarknader og signalisere vilje til utvikling, både overfor bustadsøkande og næringslivet i regionen. Regionale initiativ har gjerne meir gjennomslagskraft i media, noko som igjen gjev nødvendig merksemd hjå aktørar og beslutningstakarar.

Kva erfarer kommunane og regionale støttespelarar?

I tida etter samarbeidsprosjektet i Nordland («Helhetlig boligpolitikk og bedre virkemiddelbruk i distriktene») erfarer deltakarkommunane Hamarøy, Gildeskål og Beiarn at dei kvar for seg har teke ei sterkare bustadpolitisk rolle. Kommunane er no aktivt medvirkande i bustadetableringa, både i eigen kommunal og privat regi. Gildeskål har gjort endringar i kommunal bustadforvaltning og ser resultat av det, bl.a med ein betre fungerande leigemarknad.

Hamarøy har, gjennom tett samarbeid med lokale utbyggarar, medverka til realisering av bustader både til eige behov og for den generelle marknaden.

Beiarn har utarbeidd ein bustadstrategisk plan, som set det generelle bustadpolitiske arbeidet i nær samanheng med det bustadsosiale. Med eit aukande tal eldre med behov for tilrettelagde bustader, er det bustadpolitiske arbeidet del av førebygging og pro-aktivt arbeid for å få fleire eldre til å bu lengre i eigne husvære og utanfor institusjon. Beiarn kommune stadfestar at nok bustadfagleg kapasitet og kompetanse er utfordringar for små distriktskommunar, og sler fast at den felles bevisstgjeringa og kunnskapinga i samarbeidet har vore ein vesentleg faktor for framdriften i det lokale arbeidet. Deltakinga frå Husbanken, fylkeskommunen og KS opplevast svært nyttig for dei tre kommunane.

Dei same signala kjem frå Hardanger. Prosjektleiar Anette Hjeltnes er godt nøgd med resultata frå det regionale samarbeidet so langt. I Hardanger har bustadtemaet modna godt i dialogen mellom kommunane, Husbanken og fylkeskommunen. Her har kommunane i samarbeid med Husbanken gjennomført ei analyse av bustadmarknaden i einskildkommunane med ei oppsummering av fellestrekk for bustadmarknaden og utfordringar i regionen. I tillegg har Flytt til Hardanger gjennomført ei tilflyttarundersøking der bustad har vore tema. No står kommunane midt i arbeidet med å lage kommunale bustadstrategiske planar. Parallellt med dette skal den regionale arbeidsgruppa jobbe fram ein regional bustadstrategisk plan. Distriktssenteret kjenner ikkje til andre slike initiativ, og ser dette som eit spennande pilotarbeid for korleis og kor langt eit regionalt bustadstrategisk arbeid kan strekke seg.

Husbanken i Bodø og Bergen støttar vurderinga frå kommunane og erfarer at det regionale samarbeidet har styrkt kommunane både når det gjeld bustadfagleg kapasitet, kompetanse og handlingsevne. På same vis blir Husbanken og fylkeskommunen sjølve styrka gjennom slike samarbeidsmodellar.

Olav Ohnstad i Husbanken Bergen rosar dei kommunale og regionale initiativa for ei betre fungerande bustadetablering i distrikta, og kjem samstundes med påminning: – Gløym ikkje den administrative og politiske forankringa i leiinga. Dersom ein ikkje går inn i samarbeidet med reelle mål om å oppnå noko i fellesskap, så blir det kun “snakk”- og kanskje nokre gode lunsjar, seier han.

Distriktssenteret, på si side, utfordrar andre regionar til å diskutere bustadsamarbeid, og ser Husbanken og fylkeskommunane som naturlege støttespelarar i fleire slike initiativ framover.

Stikkord: