Fugleturisme i Øst- og Midt-Finnmark

Kvart år kjem turistar frå heile Europa for å studere og fotografere den unike fuglefaunaen i Finnmark. No vil dei lokale turistbedriftene styrke samarbeidet med dei utanlandske operatørane.

I dag er fugleturismen tilrettelagt for tilreisande grupper, og svært dominert av utanlandske operatørar. Bioforsk Svanhovd vil byggje opp lokal kompetanse, slik at lokale turistbedrifter kan drive bærekraftig og naturbasert.

Kompetanseheving, tilrettelegging og informasjon

Dei viktigaste tiltaka i prosjektet er å heve kompetansen, både hjå turistbedriftene, innbyggjarane og tilreisande. Det skal skje gjennom betre tilrettelegging, informasjon og presentere relevant forsking frå området. Kvart år skal det vere felles samling for turistbedriftene, der føremålet er å byggje nettverk, styrke kompetanse og samarbeid.

Enkle grep av stor verdi

Prosjektet skal leggje til rette for feltbiologiske aktivitetar ved sjølve turistanlegget. Det betyr rett og slett å sette opp fuglekassar, fôring av fugl, byggje skjul og  stiar i fire ulike naturtypar.

Desse tiltak vil bidra til auka vern av naturverdiane, mindre slitasje på naturen og mindre forstyrringar av fuglelivet. I tillegg vil kunnskapen om mangfald i naturen auke, og gi meir medvit og engasjement. Dette kan bidra til at fugl og verneområde blir ein større del av identiteten og stoltheita til lokalmiljøet.

Samarbeid gir fleire turistar

Gjennom å auke talet på turistar i området og betre informasjonen, kan Øvre Pasvik nasjonalparksenter og Stabbursnes naturhus og museum saman med det øvrige næringslivet, vente fleire besøkande og auka omsetnad.

Samarbeidspartnarar

Forskingssenteret Bioforsk Svanhovd har kompetanse innafor mellom anna ornitologi, lokalkunnskap og turismeutvikling i Norge og Russland. Senteret skal samarbeide med lokale turistbedrifter, og hente inn relevant fagleg ressursar frå Statens Naturoppsyn, (SNO) Nordostkompaniet og andre.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt innafor programmet Naturarven som verdiskapar.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.