Prosjektet Framtidskommunen Høyanger si målsetting er:
«Å styrke Høyanger kommune sin posisjon, internt og eksternt, slik skal kommunen blir oppfatta som ein interessant og attraktiv plass å bu, besøke, drive næring eller investere. Slik skal ein snu folketalsutviklinga, samt skape fleire arbeidsplassar».
Prosjekt vil bli gjennomført i fire delprosjekt:
- Omdøme
- Rekruttering og kompetanse
- Bustad
- Reiseliv og handel
Forprosjektet vart starta opp i februar 2008. Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå næringslivet og kommuneorganisasjonen arbeidde fram til juni 2008 med organisering og utforming av eit prosjekt som var tenkt å vere ei av satsingane i arbeidet for å oppnå auka folketal og fleire arbeidsplassar i kommunen. Oppstartsmøte i hovudprosjektet fann stad juni 2008. Arbeidet er integrert i eksisterande stillingar.
Aktiviteter
- Deltatt på utstillingar/stand
- Tilflyttartreff i kommunen
Hovedmål
Målgrupper
- Høgt utdanna arbeidskraft/arbeidskraft med spesifikk kompetanse
- Arbeidskraft generelt
- Entreprenører
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
Framtidskommunen Høyanger er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.