Framtidskommunen Høyanger

Prosjekt som har som mål å snu folketalsutviklinga og samt skape fleire arbeidsplassar i Høyanger kommune.

Prosjektet Framtidskommunen Høyanger si målsetting er:

«Å styrke Høyanger kommune sin posisjon, internt og eksternt, slik skal kommunen blir oppfatta som ein interessant og attraktiv plass å bu, besøke, drive næring eller investere. Slik skal ein snu folketalsutviklinga, samt skape fleire arbeidsplassar».

Prosjekt vil bli gjennomført i fire delprosjekt:

  1. Omdøme
  2. Rekruttering og kompetanse
  3. Bustad
  4. Reiseliv og handel

Forprosjektet vart starta opp i februar 2008. Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå næringslivet og kommuneorganisasjonen arbeidde fram til juni 2008 med organisering og utforming av eit prosjekt som var tenkt å vere ei av satsingane i arbeidet for å oppnå auka folketal og fleire arbeidsplassar i kommunen. Oppstartsmøte i hovudprosjektet fann stad juni 2008. Arbeidet er integrert i eksisterande stillingar.

Aktiviteter

  • Deltatt på utstillingar/stand
  • Tilflyttartreff i kommunen

Hovedmål

Snu folketalsutviklinga, samt skape fleire arbeidsplassar.

Målgrupper

  • Høgt utdanna arbeidskraft/arbeidskraft med spesifikk kompetanse
  • Arbeidskraft generelt
  • Entreprenører

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Framtidskommunen Høyanger er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.