Felles planressurs i kommunane Åseral, Hægebostad og Audnedal

Kommunane Åseral, Audnedal og Hægebostad i Vest-Agder samarbeidar om ein dedikert stilling som felles planressurs. Samarbeidet har styrka kommunane sin kompetanse, og ført til auka utviklingskapasitet innan samfunnsplanlegging. Arbeidsmåten kan vera med å sjå nye felles område for dei tre kommunane.

Hægebostad, Åseral og Audnedal er tre kommunar i indre del av Vest-Agder. Det er ca. 4 500 innbyggarar i dei tre kommunane. Difor har dei sett det som naturleg å samarbeida på fleire område for å styrka utviklingskapasiteten og dra ut synergiar på tvers.

Bakgrunn

I samband med programmet Lokal samfunnsutvikling i kommunane – LUK – vart det inngått ein avtale mellom Vest-Agder fylkeskommune og dei tre kommunane. Denne gjekk ut på å styrke plankompetansen i området. Åseral var gode på planarbeid, medan dei to andre kommunane mangla slik kompetanse.

Prosjektmål og tiltak

Det vart utarbeidd ein prosjektplan for eit treårig løp med ei eiga stilling som felles planressurs. Denne planen vart forankra politisk i alle tre kommunestyra, og ei prosjektgruppe med etatsjefar frå alle kommunane og plansjefen i fylkeskommunen vart nedsett.

Det har vore eit klart mål i prosjektet å få gjennomført konkrete tiltak i dei to kommunane som hadde svak plankompetanse frå før, og på same tid bidra til å styrke den totale plankompetansen. Frå kommunen som hadde god plankompetanse, var det eit mål å vedlikehalde og utvikle kompetansen til beste for kommunen.

Fylkeskommunen har arbeidsgjevaransvaret for stillinga som vart utylyst på ordniær måte med mange kvalifiserte søkjarar. I det daglege arbeidet i kommunane er stillinga underlagt fagsjefen i kvar kommune.

Kommunane har brukt stillinga noko ulikt. I Hægebostad har det vore faste kontordagar. Ein suksessfaktor her har vore ein direkte link på kommunenivået. Denne arbeidsforma har vore effektiv.

I Audnedal har planressursen ikkje hatt faste kontordagar, men fungert som teknisk leiar si høgre hand. Ho har elles arbeidd med sentrumsplanar både for Konsmo og Byremo i den første fasen. Audnedal vurderer også å gå på faste kontordagar frå hausten 2014

I Åseral har stillinga vore eit godt supplement til den allereie gode kompetansen kommunen har hatt på fagfeltet. Prosjektleiaren har vore sjølvgåande, noko som har vore viktig.

Konkrete tiltak har vore samfunnsdelen i kommuneplanen for Hægebostad og sentrumsplanar for både Konsmo og Byremo i Audnedal kommune. Prosjektleiaren har i tillegg i fått auka plankompetanse ved å gjennomføre Samplan-kurset som er eit nasjonalt kompetansetiltak for planleggarar frå heile landet i ulike offentlege og private instituasjonar.

Status

Per 1. september 2014 er «prosjekt felles planressurs» godt over halvveges inne i prosjektperioden som er satt til 3 ½ år med avslutning i desember 2015.

Det er brei semje både administrativt i styringsgruppa og frå høgste politisk hald i kommunane at ein vil arbeide for å finne fram til nye løysingar etter prosjektavslutning.

Det vil alltid vera eit økonomisk spørsmål korleis ein skal få til ei vidareføring av prosjektarbeidet. Samstundes har planressursen gitt meir enn ein kunne forventa både gjennom god forankring av prosjektet og rett person i stillinga.

Eit felles område som kommunane kan løfta inn i ei vidareføring er kulturminneplanarbeidet som etter kvart skal gjennomførast i alle dei tre kommunane. Her kan det også vera aktuelt å sjå på ein felles kulturminneplan, spesielt om dei tre kommunane i framtida vil gå inn i ei felles samanslutning.

Fylkeskommunen er innstilt på vera arbeidsgivar for stillinga ut 2015, gjennom bruk av LUK-midlane og eigne midlar. Samstundes blir det viktig å starte arbeidet med ei avklaring på korleis dette kan vidareførast etter prosjektavslutning. Dette bør skje i første kvartal 2015 for å gje forutsigbarheit for prosjektleiaren, men også for kommunane med tanke på det vidare samfunnsutviklingsarbeidet.

Meirverdi av ein felles planressurs

  • For kommunane som hadde den svakaste plankompetansen frå før, har det heilt klart vore ein meirverdi med å kople kompetansen prosjektleiaren til det eksisterande fagmiljøet i kommunen.
  • Ved å kome utanfrå til kommunane Hægebostad og Audnedal har prosjektleiaren kunne hatt ein meir frimodig tone mot politikarar når det gjeld planarbeid. Det har igjen vore med å gje tyngde i det vidare arbeidet.
  • Det at kommunane har fleire samarbeidspunkt, har gjort at prosjektleiaren har vore med å sjå fleire saker i samanheng.
  • På fylkesnivå ser dei at planarbeidet er styrka i dei tre kommunane. Dette er ein meirverdi på kort sikt.
  • På styremøta i prosjektet flyt kunnskapen fritt og dette har vore viktig og nyttig. Ein meirverdi for samarbeidet mellom kommunane i prosjektfasen og for framtidige prosjekt på tvers av kommunane.
  • Prosjektleiaren har fått styrka sin kompetanse gjennom å ta vidareutdanning «SAMPLAN». Dette har vore eit ledd i den langsiktige strategien for å styrka kompetansen på fagfeltet i Indre Agder

Ordførarane er heilt klare på at meirverdien har vore stor så langt i prosjektarbeidet. Det å få lagt stillinga til fylkeskommunen, medan det operasjonelle har føregått i kommunane har vore eit viktig moment. Det gir også styrka samhandling og tillit mellom det regionale og lokale nivået.

I tillegg har ein klart å finna fram til «rett person» i eit godt forankra prosjekt frå starten. Det har gitt resultat på kort sikt og dei meiner det også vil gi resultat på lengre sikt.

Felles planressurs og medverknad i kommunane

Sidan prosesskompetansen også har vore ein del av stillinga, har arbeidet med medverknad glidd inn som ein naturleg del av arbeidet i kommunane. Medverknad er nytta både i kommuneplanarbeidet og i eit moglegheitsstudie for ein kommunedelplan i Hægebostad og for sentrumsplanane i Audnedal. Her har prosjektleiaren arbeidd med å setja saman grupper med ulik kompetanse. Det har vore gode prosessar – og folket har fått gitt sine tilbakemeldingar i dei prosessane som er køyrde.

Eit anna viktig moment har vore å få til ei balanse mellom politiske og administrative miljøet. Stillinga har innbefatta både folkemøter, innspel frå skule og ungdoms-miljøet, kristenlivet og idretten for å nemne nokre grupper.

Utviklingskapasitet samanlikna med før prosjektstart

Kapasiteten på kort sikt er heilt klart blitt styrka ved at prosjektleiaren hadde kompetanse på oppgåver som låg klare og venta i kommunane. Det er allereie gjennomført viktig arbeid som blir tatt med vidare i det langsiktige samfunnsutviklingsarbeidet i kvar einskild kommune.

Det ligg opningar for å styrka kapasiteten når prosjektet er over. Her ser ein klart ein styrke i at stillinga har vore med å tilføra plankompetanse til fleire i administrasjonen i kommunane, spesielt Audnedal og Hægebostad.

Koplingar til planressurs-prosjektet og kommunereformprosessen

Dei tre kommunane er i dag i ein prosess når det gjeld kommunereformsamarbeidet. Her er også Marnardal kommune påkopla. Samstundes er det slik at Hægebostad er ein del av Lister-regionen medan Audnedal og Åseral er med i Lindesnes-regionen.

Arbeidet med felles planressurs-stilling har gått uavhengig av den prosessen som no skjer. Uansett kva som skjer, vil det vera eit behov for planlegging i alle kommunane i dag og fram til ein kommunereform som eventuelt trekk opp nye grenser. Difor er både administrasjonen og det politiske miljøet opptekne av at her er det den praktiske gjennomføringa av prosjektet som er grunnlaget for suksess – også for det arbeidet som skal gjerast inn i framtida.