Bustadsatsing i Herøy

Herøy kommune har dei siste åra hatt sterk folketalsvekst. Auken kjem i stor grad av arbeidsinnvandring. No jobbar kommunen med å få til varig busetting og erfarer at gode butilbod er heilt avgjerande.

Herøy kommune i Nordland opplevde i perioden 2007 – 2009 stor arbeidsplassvekst i oppdrettsnæringa. Men folketalsveksten kom ikkje automatisk. Kommunen måtte ta ei aktiv rolle for å auke busettinga.

Heilskapleg satsing på auka busetting

Arbeidskraftbehovet blei i hovudsak løyst ved arbeidsinnvandring, særleg frå dei baltiske landa. Men dei fleste blei der kun mellombels. Kommunen såg behovet for ei sterkare satsing på å få til fast busetting og starta i 2010 opp arbeid med eigen kommunedelplan for auka busetting, og med prosjektet «integrering og inkludering av tilflyttere«. Arbeidet er støtta med nasjonale Bulyst-midlar.

Tiltak som kommunen har jobba med dei siste åra, knyter seg til både inkludering generelt og til bustadsituasjonen spesielt. Slik som: innbyggarinvolvering, identitetsbygging, fadderordning for tilflyttarar, tilflyttardag, språkopplæring, tilrettelegging av informasjon, prioritert saksbehandling på byggesak, kommunal tilrettelegging av tomter og ein bustadbyggar-skule.

Kommunen har også etablert eit eige bustadselskap – HerBo AS – som både forvaltar og utviklar bustader ut frå behova til kommunen.

Planar og tiltak med resultat

Herøy har allereie hausta resultat av satsinga: Etter fleire år med nærast ingen bustadbygging og auke i bustader brukt som feriehus, blei det i 2012 omsett heile 10 bustader, ein klar vekst frå tidlegare år. Veksten har kome også i nybygging, med heile 45 igongsette bustader i 2010. Storparten av desse er bygde gjennom det kommunale selskapet HerBo.

Folketalsutviklinga snudde i 2010, og i 2011 var Herøy blant kommunane med sterkast veksande folketal, relativt sett. Alt som følgje av busetting av arbeidsinnvandrarar.

Nye mål gjennom nasjonal bustadsatsing

Kommunen har mål om ytterlegare auke i folketalet, bl.a gjennom vidare styrking av det bustadpolitiske arbeidet. Prioriterte målgrupper er arbeidsinnvandrarar, ungdom, eldre og andre med behov for tilpassa bustadtilbod. Særleg ser kommunen det som avgjerande å ha eit bustadtilbod som legg til rette for etablering av «et første-hjem».

Herøy har nytta tilskotsmidlane til fleire prosjekt. So langt blir 23 bueiningar planlagde og bygde med tilskot frå satsinga. Fleire private hushaldningar har fått tilskot til einebustad, enkelte med utleigedel. Ni av desse bustadene blir bygde av elevar på bustadbyggarskulen. Det er også gitt tilskot til bygging av eit leilegheitskompleks med fire utleigeeiningar.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av satsinga.