Fagområde: Tilflytting

Bustad- og tettstadutvikling i Granvin

Folk vil bu og drive i Granvin, men tilbodet av bustader har vore lite. No satsar kommunen på målretta tettstad- og bustadutvikling.

Granvin er ein fjordkommune i Hardanger med 925 innbyggarar. Folketalet har gått ned dei siste åra, men med betre balanse mellom ut- og innflytting siste åra. Frå desember 2013 og til januar 2014 gjekk folketalet frå 901 til 920 innbyggarar. Granvin er ein pendlarkommune, med høgast ut- og innpendling av alle Hardanger-kommunane.

Bustadsituasjonen hindrar utvikling

Kommunen erfarer at bustadmarknaden er eit hinder for utvikling. Her er ein frustrasjon frå yngre folk som vil satse i kommunen, men som vert hindra av mangel på bustader. Bustadmarknaden er lite dynamisk, med heile 88% einebustader, lite tilgjengelege tomter og få gjennomgangsbustader.

Dette har kommunen teke tak i og er undervegs med fleire planprosessar med sterkt bustadfokus. Her er klare målsettingar knytt til statdutvikling i tettstaden Granvin, nye bustadfelt og bygg, og betre utnytting av eksisterande bygningar. Nye og betre kommunikasjonar gjev god tru på ei positiv utvikling framover.

Tilskot frå den nasjonale satsinga

Som deltakar i den nasjonale bustadsatsinga «Bustadetablering i distrikta» søkte Granvin i 2012 økonomisk støtte til eitt prioritert bustadprosjekt. Kommunen fekk midlar som skulle bidra til å realisere fire leigebustader i kommunen. Desse er no bygde og alle er utleigde, til fastbuande ungdommar. Utbyggjarane, ein lokal snikkar og ein entreprenør, fekk til saman 800.000 kroner i tilskot, altså har kvar leilegheit fått eit tilskot på 200.000 kroner.

Deler av tilskotsmidlane skal også gå til bygging av einebustader, nokre med utleigedel. Eit leilegheitsprosjekt på taket av eit næringsbygg er også lagt inn i planane for tilskot.

Hovedmål

Granvin skal utvikle seg som ein god bustadkommune i Hardanger- og Vossaregionen. I bustadutviklinga er fokuset på tre som byggemateriale og som energikjelde sentralt. Bærekraft, kvalitet og fleksibilitet er nøkkelord for korleis Granvin ønskjer å jobbe i bustadutviklinga.

Delmål

  1. Utvikle nye bustadfelt
  2. Realisere nye bygg på eksisterande tomter
  3. Betre utnytting av eksisterande bygg

I 2011 og 2012 blei det sett i gong ein stor andel bustader, samanlikna med tidlegare år. Heile 19 bustader blei igongsett i 2012. Vidare er kommunen godt i gang med å tilrettelegge nytt tomteareal, med mål om ferdig reguleringsplan i 2014. Her bidreg tunnellmassar frå nye vegsamband i regionen til 20 dekar nytt tomteland, sentralt i Granvin-bygda.

Lokal bustadstifting som verktøy

Granvin bustadstifting ivaretek kommunen sitt arbeid med å tilrettelegge bustader, der kommunen vurderer å ha eit særleg ansvar. Stiftinga, eigd av den lokale banken, lokale verksemder og kommunen, forvaltar i dag eit bygg med 12 leilegheiter til utleige, sentrumsnært og nær omsorgssenter- og sjukeheim. 3 leilegheiter har universell utforming/livsløpsstandard og kan slik passe for alle. Kommunen erfarer at tilbodet møtte behov hjå ulike befolkningsgrupper, og her bur både ungdomar og pensjonistar. Bl.a har fleire eldre, som tidlegare budde i grendene, seldt einebustaden og flytta inn.

Eit nytt byggesteg er no under planlegging, med 12-16 leilegheiter. Kommunen vurderer at desse skal dekke bustadbehov blant ungdom som treng tilrettelagde bustader, andre som har vanskar med å skaffe seg bustad og behovet kommunen har for å kunne tilby «prøvebu/rekrutteringsbustader»

Gå- og sykkelvenlege Granvin

Bustadutviklinga heng tett saman med tettstadutviklingsprosjektet «Trebygda Granvin». Målet er ein levande tettstad, der folk bur og rekk over sine daglege gjeremål, til fots eller på sykkel. Sentrumsplanen legg vekt på fortetting, der utviklinga av det tidlegare togstasjonsområdet er sentralt.

Gjennom tettstadprosjektet har kommunen gjennomført arkitektkonkurranse, jobba fram reguleringsplan (til vedtak våren 2014), og gjort arbeid knytt til elveførebygging, som legg til rette for både bustader og ein elvepark med tilrettelagde turstiar. Arbeidet er finansiert av kommunen. Det er også søkt fylkeskommunale tettstadmidlar og nærmiljømidlar.

Kommunen opplever god interesse for prosjektet, både blant lokale ungdomar og frå nabobygda Voss. Utbetringa på vegnettet og nye tunnellar legg godt til rette for felles bu- og arbeidsmarknad med Voss. Fjordnære bustadareal, tilgang til båtplass og mildare klima er bukvalitetar som Granvin kommune no kan tilby.

Bruk av lokalt trevirke

Bruk av lokalt trevirke som byggematerial er også eit mål i tettstadprosjektet og i bustadutviklinga. Blant anna skal leilegheitene til Granvin bustadstifting byggast i tre, med laft og i tråd med lokal byggeskikk.

Tettstadprosjektet er bakgrunnen for Granvin si deltaking i kompetansenettverket «Fremtidens bygder».

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av satsing og prosjekt.