Flatanger kommune er ein kystkommune ytst på Namdalskysten med omlag 1150 innbyggarar. Etter fleire år med nedgang i folketal og arbeidsplassar, har Flatanger i 2009-2012 hatt befolknngsvekst. Arbeidsinnvandring har vore viktig bidrag til positive tilflyttingstal.
Behov for bustader
Auka tilflytting har gitt utslag i behov for fleire bustader i Flatanger, særleg då store avstandar hemmar pendling og utvikling av ein større regional bu- og arbeidsmarknad.
Flatanger kommune viser til ei lokal undersøking som konkluderer med eit stort fleirtal av unge som kan tenkje seg å bu i kommunen, men at bustadmangel hemmer busettinga. Få bustader blir omsette og det er lite nybygging. Flatanger har mange fritidsbustader, noko som kan vere med å forsterke bustadmangelen, ved at heilårsbustader i marknaden også er attraktive som feriebustader.
Fritids- og heilårsbusetting hand i hand?
I kommunedelplanen og i søknaden til den nasjonale bustadsatsinga «Boligetablering i distrikta» viser Flatanger kommune engasjement for å marknadsføre kommunen som open og inkluderande. Dei er også bevisste på å etablere bustader der mellom anna ungdom og arbeidsinnvandrarar kan prøvebu, før dei etablerer seg i eigne bustader.
Det er ei konkret målsetting å få bygd leigebustader som rettar seg mot ungdom og arbeidsinnvandrarar. Tilskotsmidlane som Flatanger kommune har søkt om, er difor planlagt brukt til bygging av utleigebustader for arbeidsinnvandrarar. Hausten 2013 er ikkje bygginga starta.
Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapporten midtveisevaluering Boligetablering i distriktene. Distriktssenteret vil formidle erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av satsinga.