Fagområde: Kommunereformen

Kunnskap og erfaringer fra prosesser med kommunesammenslåing

Innbyggarane vil vite kva dei får og kva dei mister. Det er den enkle, men likevel vanskelege lærdommen frå kommunesamanslåingsprosessane som er gjennomført sidan 2000.

Kompetansesenter for distriktsutvikling har kartlagt 14 kommunesamanslåingsprosessar som er gjennomført i perioden 2000-2013. Sju av desse enda opp med kommunesamanslåing. Dei sju andre vart avslutta utan at det vart samanslåing. Rapporten er ikkje ei oppsummering av alle sider ved dei 14 samanslåingsprosessane. Målet er å presentere det vi meiner har særleg læringsverdi i kommunereformarbeidet som no skjer.

Suksessfaktorar

Kommunesamanslåingsprosessar er praktisk utøving av kommunane sine roller som lokal samfunnsutviklar og lokal demokratisk arena. Hvis målet er å slå saman kommunar, ser vi gjennom kartlegginga at det er element som fremmer og hemmer samanslåing.

  • Informasjon: Innbyggarane er opptekne av kva vi har, kva vi får og kva vi eventuelt mister.
  • Leiing: Lokale politiske og administrative leiarar må vere i førarsetet
  • Openheit: Køyr opne og inkluderande prosessar der ulike interessentgrupper blir involvert (t.d. ungdom, næringsliv, frivilligheit, tilflyttarar)

Kva skiljer prosessane?

Alle kommunane som har blitt slått saman etter 2000 er slått saman av to kommunar. Fleire av prosessane som ikkje har ført til samanslåing har involvert fleire kommunar.Kartlegginga viser at det er nokre skilnader på korleis prosessane har vore gjennomført der dei har enda med samanslåing og der dei ikkje har enda med samanslåing.

Samanslåtte

Initiativet kom frå lokale politiske og administrative leiarar

Lokal kontekst virkar inn på målformuleringane

Lokalisering av kommunesenter, rådmann og sentraladministrasjon avklart før folkeavstemming

Garantiar om at det ikkje skulle vere oppseiingar av tilsette

Lang tid på prosess til vedtak (tre år og meir)

Folkeavstemming og anna innbyggjarhøyring

Ingen klare forskjellar eller likskapar i involvering av tilsette

Korte avstandar mellom kommunesentra før samanslåing

Ikkje samanslåtte

Lokale leiarar følgde opp eit nasjonalt initiativ (unntatt Ørland/Bjugn og Skånland/Tjeldsund)

Lokal kontekst virkar ikkje inn på målformuleringane

 

Uklare premisser rundt organisering og lokalisering

 

Kort tid på prosess til vedtak (1-3 år)

Innbyggjarhøyring brukt i liten grad (folkeavstemming i tre av sju prosessar)

Ingen klare forskjellar eller likskapar i involvering av tilsette

Til dels store avstandar mellom kommunesentra.

Dei fleste prosessane i kartlegginga er grundig dokumentert og vurdert frå tidlegare. Denne dokumentasjonen er med i grunnlaget for denne rapporten. I tillegg har vi gjennomført intervju med ulike lokale aktørar og gått gjennom medieomtale om prosessane.