Det er ei utfordring at ikkje kommunar og fylkeskommunar i større grad deler erfaringane sine med sosiale medier meir enn dei gjer. Samstundes viser utgreiinga Sosiale kommuner 2013 – Omfattende, men fragmentert at mange ønskjer å dele kunnskap og erfaringar. Den viser og at fleire etatar og departement vert utfordra til å levere meir kunnskap om sosiale medier.
Etterlyser effektivisert deling av kunnskap, råd og erfaring
Mange kommunar og fylkeskommunar har teke i bruk sosiale medier på mange forskjellige område. Til saman har dei omfattande erfaring med bruk, prosessar og målgrupper, men dei har i mindre grad kjennskap til kvarandre sin kunnskap og erfaringar. Utgreiinga avdekkjer også store sprik i erfaringane dei ulike kommunane og fylkeskommunane har. Gjennom utgreiinga blir det etterlyst meir systematisk og målretta samarbeid og effektivisert deling av kunnskap, råd og erfaring.
Kommunane melder om at involvering av innbyggarane ved hjelp av sosiale medier berre sporadisk er med i strategiar, utviklingsplanar og tiltak. I undersøkinga er det kommunikasjons- og informasjonsansvarlege som har svart. Mange fortel at dei har prøvd å bruke sosiale medier til mange ulike utviklingsprosessar. Likevel er det også mange «veit ikkje»-svar, noko som tyder på at sosiale medier framleis er uprøvd på mange område.
Mindre erfaring med å skape involvering
Flest gode erfaringar finn vi innan omdømmearbeid, tilbakemelding til innbyggarar og informasjon om utviklingsarbeid. Det kan tyde på at dei fleste har mest erfaring med å bruke sosiale medier som informasjonskanal, og mindre erfaring med å skape involvering gjennom sosiale medier.
Enkeltkommunar har positive erfaringar med å involvere og engasjerer mange ulike målgrupper gjennom sosiale medier, men her er det også store forskjellar.
Både kommunar og fylkeskommunar fortel gjennom utgreiinga at dei kan tenkje seg samordna kampanjar gjennom sosiale medier.
Kompetansesenter for distriktsutvikling er deloppdragsgjevar
Utgreiinga er gjennomført av I all offentlighet. Kompetansesenter for distriktsutvikling har vore deloppdragsgjevar for delen som omhandlar erfaringar med bruk av sosiale medier for å involvere og engasjere innbyggjarane i lokalt utviklingsarbeid.