Fagområde: Næringsutvikling

Festivalkommunar – samhandling mellom kommunar og festivalar

Mange norske kommunar er vertskap for festivalar, men det finst ingen fasit på korleis kommunen skal samhandle med festivalen. Denne studien inneheld mange konkrete døme på korleis samarbeidet faktisk artar seg og kva som kan bli betre.

Det finst inga oppskrift på kva kommunar skal gjere for festivalar. Velfungerande metodar finst det derimot. Kanskje kan fleire ha nytte av «Ein søknad inn, eitt brev ut», etter modell av Voss og Veko? Og kanskje kan fleire kommunar profilere seg i lag, som Rauma og Norsk fjellfestival?

Kva får kommunen att?

Festivalar har først og fremst eigenverdi. For kommunar kan dei òg føre med seg mange positive effektar. Kommunane peikar særleg på sosial og økonomisk verdiskaping – at festivalar gir auka trivsel for dei som bur på staden og dei som reiser dit på besøk. I tillegg kjem heldige ringverknader for det lokale næringslivet.

Distriktskommunar må dessutan merke seg at festivalar er med på å setje stader på kartet. Ein stad kan i tillegg oppleve at fleire store arrangement kjem i stand på bakgrunn av at kommunen har lagt godt til rette for ein enkelt festival.

Kva kan kommunen gjere for festivalen?

Rapporten syner at festivalar i aller høgste grad har bruk for ein aktiv vertskommune som er velvillig, tilgjengeleg og bidreg på ein del felt, der dette er dei vanlegaste:

  • praktisk og teknisk tilrettelegging, beredskap
  • formalitetar, avtalar, løyve og tryggleik
  • hjelp med søknader om støtte
  • kontakt mot regionale nettverk
  • profilering og marknadsføring

Festivalleiinga er oftare eldsjeler på kjerneinnhaldet enn dei er profesjonelle på festival som næringsverksemd. Difor har dei ofte behov for både rådgjeving og etableringshjelp frå kommunen. Særleg formalitetar bør kommunen vere innstilt på å hjelpe til med. Ettersom festivalar veks, møter dei ei rekkje formelle krav som i verste fall kan ta luven frå ferske arrangørar.

Eit smart grep frå kommunen si side kan difor vere å oppnemne ein koordinator som tek seg av all kontakt med festivalen. Det er òg ein fordel om festival og kommune går saman om gode rutinar for årvisse formalitetar. Når det gjeld sjølve avviklinga av festivalen, bidreg mange kommunar gjennom å tilby ressursane dei rår over – som lokale, anlegg, areal og personell. Involvering i beredskap og evalueringsmøte kan vere til stor nytte for begge.

Generelt gjer kommunar lurt i å utvikle kapasiteten sin som arena og byggje kompetanse om arrangement i lokalsamfunnet. Slike tiltak vil komme mange andre til gode og er ein naturleg del av rolla som lokal samfunnsutviklar. Ein større innsats for å profilere festivalen, eventuelt ved å knyte eige omdømmearbeid opp mot festivalen, er etterlyst av fleire.

Nokre viktige konklusjonar

  1. Festivalar profilerer ofte kommunane meir enn kommunane profilerer festivalane
  2. Festivalar byr på trivsel, nettverksbygging og mangfaldige samarbeidsprosjekt
  3. Kommunal velvilje overfor festivalarrangørane er særleg viktig i oppstartsåra
  4. Uansett kor mykje kommunen gir i tilskot, er bidraget viktig som verdsetjing og som døropnar for andre tilskot
  5. Ein del kommunar bidreg med mykje ”usynleg” arbeid for festivalar
  6. Når festivalar veks til ein viss storleik, kjem mange formalitetar i tillegg til kjerneaktiviteten
  7. Praktisk og teknisk tilrettelegging, tryggleik, beredskap, hjelp med formalitetar og søknader er viktig
  8. Festivalar er ei blanding av frivillig innsats og kommersialisme, kultur og næring, møteplass og opplevingsturisme
  9. Festivalar har ringverknader for lokale bedrifter innan handel, service, transport, servering og overnatting
  10. Kommunar og fylke kan støtte og stimulere til samarbeid og kompetanseutveksling mellom festivalar og andre store arrangement
  11. Innhald og profil er festivaleigarane sitt ansvar
  12. Festivalane gjer at kommunen blir rusta til å halde andre store arrangement

Bakgrunn for studien

Studien er gjennomført a  Norsk institutt for by- og regionforskning på oppdrag frå Distriktssenteret. Dei har samla erfaringar frå femti personar med tilknyting til 11 festivalar og kommunar. Studien tek føre seg korleis kommunar fyller rolla som vertskap for festivalar, med vekt på kva som fungerer og kva som kan bli betre.

Funna deira er av stor interesse for kommunar som er vertskap for festivalar og for kultur- og opplevingsnæringa generelt, men særleg dei som sjølv driv festivalar.