I desse notata vert følgande 3 hovudspørsmål drøfta:
- Kva er viktige forutsetningar for at små kommunar, med utgangspunkt i stadbundne natur- og kulturressursar kan arbeide heilskapleg med berekraftig utvikling?
- Kva føringar, utfordringar og utviklingspotensiale kan FNs berekraftsmål gje spesielt for små norske distriktskommunar?
- Korleis kan nasjonal politikk bidra til å styrkje distriktskommunane, i samspel med fylkeskommunane, i arbeidet med berekraftig utvikling?
Notata har ulike inngangar og tilnærmingar til desse hovudspørsmåla. Nokre bodskap går igjen, samstundes som dei vektlegg ulike element. Nokre hovudpunkt:
- Det er eit behov for større statleg samordning.
- Fylkeskommunane blir trekt fram som ein viktig utviklingsaktør på området, både med rettleiing, hjelp og støtte til å samordne arbeidet.
- Kommunane bør arbeide saman i nettverk, både regionalt og i eit større område, med berekraftig utvikling.
- Dei små kommunane har fordeler ved at det ligg godt til rette for samarbeid internt, og større moglegheit til å samhandla på tvers mellom etatar. Eldsjelene/utviklingsaktørar i kommunane er viktige ressursar. Forskarane viser til kor viktig det blir å skape tillit og få til samskaping gjennom gode prosessar.
Notata er levert av Vestlandsforsking, Telemarksforsking og NMBU på oppdrag frå Distriktssenteret.