Villsau og kystlandskap er berekraftig utvikling i praksis

I Ytre Sogn føregår det eit arbeid som byggjer identitet og stoltheit knytt til natur og kultur. Hardbakke villsaulag og Fjordkysten regional- og geopark er dømer på korleis ein kan jobbe med berekraftig samfunnsutvikling nedanfrå og opp.

Person mater 3 sauer. Foto.

Villsau-prosjektet i Solund bidreg til å ivareta kystlyngheiane.
Foto: Roar Vangsnes. Distriktssenteret.

Fleire stader langs kysten finn du eit karakteristisk, rullande landskap. Trea er vekke for lenge sidan, og i staden er det knehøg lyng som dominerer innimellom dei grå svaberga. Dette landskapet kallar vi kystlynghei, og det er eit kulturlandskap som dei siste 5000 åra er forma av slått, brenning og beiting. Utan vidare tilsvarande skjøtsel vil eit slikt landskap bli redusert og i verste fall forsvinne heilt. Kystlynghei er på den norske raudlista som kom i 2018, og er viktig for ei rekke kystplanter, insekts- og fugleartar.

Hardbakke villsaulag i Solund vart stifta i 2020. Laget er eit lokalt samvirkelag der mellom anna skule og barnehage er medeigarar. Villsaulaget vart stifta for å ta vare på eit av Norges eldste kulturlandskap, kystlyngheia.

Sauer beiter i lynghei. Foto.

Villsauen beiter i lyngheia.
Foto: Hilde Buer

Mat på marginale ressursar

Villsaulaget produserer ikkje berre mat på marginale utmarksressursar, det har og blitt ein møteplass og læringsarena som skapar samhald på tvers av generasjonar. Ivaretaking av gamle tradisjonar og bruk av ny teknologi går hand i hand. Villsaulaget nyttar seg av Nofence, eit digitalt gjerdesystem som i tillegg til å avgrensa kor sauene kan bevege seg, gjer det mogleg å gjete og lokalisera dyra.

Folk er med på å fôre, klyppe og flytte sauene. Villsauene beiter nært kommunesenteret, noko som gjer det enkelt å vera med. Dette er ein måte å ta vare på kunnskap om skjøtsel av landskapet som er på veg til å forsvinna. Villsaulaget er organisert som et samvirkelag som er eigd og vert drifta av medlemmene. Alle som vil kan bli med. Lamma slaktast på hausten, og andelseigarane får tilbod om kjøt, skinn, ull og horn.

To unge personar parterar ein sau. Foto.

Partering og fordeling – valfag på Solund ungdomskule.

Villsaulaget handlar om å ta dei ulike berekraftsdimensjonane: Den sosiale, kulturelle, økonomiske og miljømessige i bruk. Den sosiale og kulturelle berekrafta ligg sterkt forankra i det å skapa ein arena, møteplass for folk i alle aldrar og der skulen og barnehagen blir involvert. Den økonomiske berekrafta viser at det vert lagt eit grunnlag for å hente ut økonomiske verdiar av den felles innsatsen. Det å ta tilbake eit levande kulturlandskap gjennom beitedyr, gir større artsmangfald og at det også har betydning i reiselivssamanheng.

Samarbeid nedanfrå og opp

Hardbakke Villsaulag er eit resultat av m.a. sterk grad av involvering av mange lokale krefter i Solund. Dei er mellom anna ein av fleire partnarar kopla til Fjordkysten regional- og geopark. Fjordkysten reigional- og geopark er eit samarbeid mellom dei 4 kommunane Solund, Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Parken fungerar som ein samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og har som mål å utvikle og å ta vare på regionen sine natur- og kulturressursar, basert på lokalsamfunna sine eigne premissar. Vidare skal parken bidra til å byggje identitet og stoltheit i felles identitetsområde med basis i brei verdiskaping og berekraftig samfunnsutvikling.

Lynghei som brenn. Snødekte fjell i horisonten. Foto.

Brenning er ein del av skjøtselen av kystlyngheia.
Foto: HIlde Buer

Villsaulaget er slik sett også eit godt døme på korleis Fjordkysten arbeider for å skape lokal mobilisering i felles identitetsområde innanfor dei fire kommunane. Dei er opptekne av å skape verdiar som er bygd nedanfrå-og-opp. Over tid har kommunane, organisasjonar og eldsjeler i regionen mobilisert i lokalsamfunnet og bygd eit samarbeid der foredling, formidling og forvaltning av den spesielle kyst-arven har stått sentralt. Samarbeidet bidreg til å utløysa frivillig arbeid gjennom langsiktige partnarskap, samhandling og medverknad. Når innbyggarane har moglegheit til å engasjere seg, både lærar dei om, og kan bidra til å ta vare på kulturminner og kulturmiljø. På den måten bidreg regionalparken mellom anna til å skapa stoltheit, tilhøyrsle og en moglegheit til å delta i utviklinga av lokalsamfunnet.

I 2020 vart Fjordkysten regionalpark og villsaulaget peika ut som norsk kandidat til Europarådets landskapspris 2020 – 2021. I nominasjonen vart det framheva at landskapsskjøtselen og villsaulaget blir sett på som en modell på korleis ein kan hente attende overgrodde kulturlandskap, formidle kystkultur og skapa møteplassar. På den måten bidreg utmarksressursane til utvikling i lokalsamfunnet.

Rosa røsslyng. Nærbilde. Foto.

Foto: Roar Vangsnes. Distriktssenteret.

Bygge på samarbeidsforum

I samband med rapporten om berekraft i distriktskommunar  gjennomførte vi utvalde  fokusgruppeintervju. På Fjordkysten  hadde vi med utvalde representantar i regionen. Vi spurte dei m.a. om korleis dei definerer berekraft, erfaringar med berekraftig utvikling, innbyggarinvolvering, barrierar, drivarar og dilemma. Vi  spurte mot slutten kva som var viktigast for eit berekraftig Fjordkysten om 10 år. Her kom  samarbeid og tillit opp som det viktigaste.

Gjennom regional- og geoparken sitt arbeid har dei etablert samarbeidsforum der innbyggarane, politikarar, næringsliv og organisasjonar har møtepunkt på tvers av fag og rollar.

«Eg meiner samarbeidet bidreg til sosial berekraft ved å bygge bruer og skapa samarbeidskultur mellom private aktørar og kommunen og samarbeidsregionen. På den måten får vi inn idear frå det private.»

Kjell Mongstad, styremedlem og medlem av arbeidsgruppa til Fjordkyst-parken

Fjordkysten regional- og geopark arbeider for å bygge identitet og stoltheit knytt til natur og kultur, og samstundes og å bidra til å auke forståinga for korleis verdiane blir utfordra av endringar i ressursbruk og klima. Det handlar mellom anna om å sette berekraft på dagsorden. Skape rom for samhandling, dialog og involvering av næringslivet, organisasjonar og innbyggarane, og å oppretthalde eit desentralisert busetnadsmønster til kunnskapsformidling mellom anna i skular og barnehagar.

Små born helser på sauer. Foto.

Solund barneskule på besøk hjå villsaulaget.
Foto: Trude Søilen