Ung eldsjel samla inn millionar til rockescene

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Nordfjordeid, Sogn og Fjordane: Den 21 år gamle Joakim Myklebust er svært nøgd om dagen. No ser han endeleg resultat etter tre år med kamp og tigging. Rockescena i bygda er i ferd med å ta form.

– Ideen til ei rockescene fekk nokre kompisar og eg i 2006 då arbeidet med eit eige operahus i bygda starta. Vi meinte huset kunne inkludere ei intimscene, men pengane strakk ikkje til. Vi møtte likevel opp på byggjemøte. Etter litt kaos, der vi nesten vart kasta ut av møtet, fekk vi tilbod om ein gamal gymsal. Kommunen har vore ærlege med at dei ikkje kan støtta oss økonomisk, anna enn med momsrefusjon, seier han som set pris på at kommunen ikkje gir dei falske forhåpningar.

Tre månader vart tre år

Det er haust 2009, og Myklebust ser endeleg at noko fysisk er i ferd med å skje med det gamle gymnastikkanlegget.

– Eg trudde innsamlinga av pengane skulle ta tre månader. Det tok tre år, seier han som i løpet av desse åra har opplevd bølgjedalar og – toppar i høve framdrifta til prosjektet.

– Det har vore avgjerande med fagpersonar innafor musikkmiljøet som har hatt trua på oss, og som har kopla oss med dei rette folka. Det er blitt eit spleiselag mellom fylkeskommunen, krisepakkemidlar og private aktørar. Vi held alt hemmeleg til vi var sikre på at vi hadde fått inn nok pengar til å starte byggjeprosjektet. Vi hadde ikkje lyst å hause opp forventingane før vi var verkeleg sikre på at vi hadde nok pengar. Gjennom gruppa ”workshop for actionhus” på Facebook har vi kontakt med dei ungdomane som er seriøst interessert i å ta i eit tak, seier han.

Ungdomane sitt prosjekt og område

Myklebust har sjølv ikkje hatt adresse i Eid-bygda dei siste åra, og han veit ikkje når eller om han vender attende til heimbygda. – Eg vil no fullføre jobben eg var med å starte, og det er å klargjere eit hus for musikkinteressert ungdom. Etter at den jobben er gjort, må eg gi litt f… og konsentrere meg om arkitektstudiet og livet mitt i Bergen, seier han som er eit ypparleg døme på ein aktiv bygdeungdom som har skjønt at skal noko bli gjort, må ein av og til ta initiativ sjølv.

– Det skal bli spennande å sjå korleis rockesenteret blir brukt. Målet er at det skal opnast seinast våren 2010. Då er det ungdomane i bygda som har ansvar for å fylle romma i rockesentret med aktivitet.

Bygda Nordfjordeid har fleire gode døme på at ungdomar og eldsjeler kjem langt med pågangsmot.Malakoff og Opera Nordfjord er to av dei. Til neste år vil rockescena på Nordfjordeid vere endå eit døme på at ungdom kan, berre dei slepp til. Slik tenkte journalisten at artikkelen skulle avsluttast, men eldsjel Myklebust vil ha det siste ordet:

Eldsjela vil ha det siste ordet

– Akkurat den siste delen blir kanskje litt omvendt. Vi slapp aldri til, vi pressa oss fram og slo hardt i bordet. Så moralen blir kanskje at ungdom kan, berre dei er målbevisste nok og torer stille krav, seier han og legg til endå eit poeng det er verdt å merke seg.

– Eg er litt ueinig med konklusjonen din om at ungdom kan få til ting berre nokon lar dei sleppe til. Slik trur eg ikkje verda skal vere, for då ender ein opp med å realisere masse dårlege prosjekt berre fordi ungdomar står bak. Ungdomsprosjekt må nesten finne sin livsrett på lik linje med andre prosjekt. Vi har hatt klare mål og bygd opp ei ungdomsgruppe med same mål, altså har vi stadig hatt meir å trykke på med, avsluttar han.

Stikkord:
Steder: