Fagområde: Omstilling

Sysselsettingsvekst treng ikkje gi folketalsvekst

Omstillingsprogrammet Sigdal kommune gjennomførte frå 1996-2001 har bidratt til mellom 60 og 75 arbeidsplassar i perioden 1996 til 2009. Utan omstillinga ville Sigdal hatt 4-5 prosent færre arbeidsplassar i dag. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand  i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

– Studien viser at omstillingsarbeidet har bidratt til auka samhandling mellom kommune og næringsliv, stor vekst i hyttemarknaden, gardsturisme og nettverksbygging, seier direktør Halvor Holmli ved Distriktssenteret. – Men sjølv om sysselsetjinga veks, er det ikkje nokon automatikk i at folketalet skal auke.

Sigdal hadde omstillingsstatus i perioden 1996-2001, for å møte negativ utvikling og sysselsettingsnedgang. Totalt vart det løyvd 19,5 millionar kroner til omstillingsarbeidet, og det vart mellom anna sett mål om 69 nye arbeidsplassar. Studien som no er gjennomført viser at Sigdal ville hatt 4-5  % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 60 og 75  arbeidsplassar er skapt frå starten i 1996 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forsking og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda  bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda  har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– Fleire av kjeldene i Sigdal trur ein del av resultata frå omstillingsarbeidet kunne ha kome uansett, men at det då ville ha lengre tid , seier Holmli. – Studien minner også om tidlegare evalueringar, som trekk fram den gode organiseringa av omstillingsprogrammet.

Fakta

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida  hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.