Fagområde: Tilflytting

Stemma frå Dale

Sunnfjordbygda Dale ønskjer å bli den viktigaste arenaen for kunstproduksjon utanfor byane. – Vi vil vere staden kunstprodusentane ikkje kan gå utanom, seier Ingrid Hansen i Fjaler kommune.

Særeigne ressursar

Dale, ei tidlegare industribygd ved Dalsfjorden i Sunnfjord, er i ferd med å forsyne seg av ein lokal, fornybar ressurs – menneske med kompetanse innan kreative næringar. Til å vere ei litt avsidesliggjande vestlandsbygd med 1194 innbyggjarar, har Dale eit stort kreativt og internasjonalt miljø. To nyetableringar på nittitalet bidrog sterkt til dette særpreget. I 1995 opna den vidaregåande skulen Red Cross Nordic United World College med 200 elevar frå over 80 land. I same periode kom Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen (NKD), som idag får støtte frå Det norske kulturdepartementet. Her kjem 20 samtidskunstnarar, designarar og arkitektar på bu- og arbeidsopphald kvart år. Eit nyare tilskot er Transplant, eit designsenter drive av Birgitta Ralston og Alexandre Bau. Det Paris-baserte paret fatta interesse for Dale som arbeidsstad etter eit opphald på NKD. Transplant står for utstillingar og arrangement der formgjevarar kjem saman for å dele og elte nye idear. Bygget rommar òg eit ”bibliotek” for innovative materiale. Denne dagen i mars er nordiske møbeldesignarar samla i det lyse lokalet for å mane fram visjonar av ”framtidas stol”.

Ralston & Bau si satsing i periferien har smitta. Designarane Dana og Jan Brauer vraka New York for å bu i Dale. Den tyske tekstilkunstnaren Karina Sigmund har etablert seg i Dale, det same har teaterregissørane Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie, som satsar på å byggje opp ein produksjonsarena for scenekunst.

Treng infrastruktur

– Vi treng ikkje gå ut og marknadsføre oss, vi må i grunnen berre ta vare på avhopparane. Men då må vi ha infrastruktur til det, seier Ingrid Hansen. Ho har leidd eit forprosjekt finansiert av Bulyst og Sogn og Fjordane fylkeskommune. ”Pre Form” er Fjaler kommune sin respons på tilflyttinga av menneske som vil skape noko i Dale. Visjonære lokalpolitikarar ser at dei må leggje til rette for at fleire av dei kreative personane som kjem til Dale kan bli verande. Eit konkret mål er å skaffe hus og eit lokale der produksjon, særleg av scenekunst, kan finne stad.

Fleksible bustader og eigna øvingslokale er viktige føresetnader for å utvikle produksjonsmiljøet for scenekunst vidare. For å kunne øve inn større teaterproduksjonar, må ein ha eksklusiv tilgong på eit stort, søylefritt lokale over 6-8 veker. Skodespelarane må ha ein stad å bu. Til no har teaterproduksjonane nytta den nedlagde skulen på Straumsneset, medan skodespelarane er innkvarterte på den gamle sorenskrivargarden, Lillingstonheimen. Jakob Sande-tunet, med våningshuset og den nyoppussa Løa, kan òg bli viktige.

– Pre Form skal også jobbe med å binde saman dei ulike kulturinstitusjonane i kommunen, forklarar kultursjef Ingeborg Tysnes.

Torkil Sandsund seier det finst dramatikarar som kan tenke seg å kome til Dale for å skrive, berre det finst ein stad å bu.

– Fleire seier gjerne at ”Har de fasilitetane, så kjem vi”.

Våren 2011 søkte Fjaler kommune om midlar til eit fleirårig hovudprosjekt finansiert av Bulyst-programmet. Eit viktig mål er at kommunen byggjer opp kompetanse på å hjelpe kunstnarar med å skaffe seg eit varig levebrød i Dale.

– Mange opplever støtteapparatet som ein jungel. Det å skrive ein god søknad er nesten eit eige fagfelt, seier Miriam Prestøy Lie.

Eit preg av Dale

Det er alt blitt laga teater for norske scenar i Dale, og to nye prosjekt er på trappene. Ingrid Hansen håpar det som blir skapt i Dale i framtida, vil bere preg av staden.

– Eg er oppteken av å gjenskape stemma frå bygda i kunsten. Det er ein veldig viktig del av dei produkta vi skal ha ut, at det kjem fram at dei stammar herifrå, seier ho.

Birgitta Ralston har òg ein visjon om at kunst og design som blir til lokalt, skal gjere Dale kjend ute i verda.

– Dale er faktisk kjent langt utanfor landet alt no. Denne staden blir stadig visualisert, til dømes gjennom verka som blir til på Dalsåsen og stilte ut utanlands, seier ho. Draumen er at folk i framtida skal assosiere Dale med kunstproduksjon, på same måte som det finske knivmerket Fiskars blir assosiert med den vesle bygda Fiskari, der knivproduksjonen tok til.

– Slik tenker eg at Dale lett kan bli – at kommunen kan få eit tyngdepunkt, og at innbyggjarane kan bli involverte. Det hadde vore fantastisk om denne tankegangen blei forankra i kommunen.

Stikkord:
Steder: