Slik kan du involvere innbyggarane i samfunnsplanen

Det finst mange gode grunnar til å involvere dei som bur i kommunen din i planlegginga av framtida. Dette er ikkje alltid lett, men andre har gått i førevegen og deler gjerne av sin kunnskap.

Skal du revidere samfunnsdelen eller utvikle ein heilt ny? Då vil du kanskje prøve å involvere innbyggarane i å forme kommunen si framtid. Men det finst fleire måtar enn å berre halde eit folkemøte i kommunehuset.

Kontaktinformasjon

Sigrid Ølmheim
samfunnsplanleggar, Sogndal kommune
[email protected]
+47 975 34 382

Ølmheim ynskjer å inkludere innbyggarane i den nye samfunnsplanen. Ho fann ein måte å gjere det med ressursane som var tilgjengeleg.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Sigrid Ølmheim er samfunnsplanleggar i Sogndal kommune. Ho er midt i å utarbeide ein ny samfunnsplan basert på konkrete ynskjer og tiltak frå alle lokalsamfunna i kommunen. Dette er korleis ho har engasjert grendene i deira eiga framtid.

– Det handlar om å vere i kontakt med innbyggarane sine, å vite kvar skoen trykkjer. Det er ein stor jobb, men eg trur det er viktig, seier Sigrid Ølmheim

Oppdatering: Sogndal kommune sin samfunnsplan ligg no tilgjengeleg på nettsida utfordrarbygda.no.

 

Å lære av dei som gjekk føre

Kontaktinformasjon

Grete Waaseth
Samfunnsplanleggar, Steinkjer kommune
[email protected]
+47 950 70 221

Det er ikkje vits i å finne opp hjulet på nytt. Om du ynskjer å engasjere innbyggarane i din eigen kommune i langsiktig planlegging, er det andre som har gått føre deg. Rundt omkring sit mange som gjerne gjev ei hjelpande hand.

Då Sigrid Ølmheim tok til med den nye samfunnsplanen for Sogndal kommune, ynskja ho å jobbe ope og samspelande. For å få hjelp i startfasen vendte ho seg til Distriktssenteret. Der vart ho sett vidare i kontakt med Steinkjer kommune – ein kommune som var midt i ein ambisiøs medverknadsprosess.

– Dei var særs villige til å hjelpe. Vi hadde eit digitalt møte og eg fekk tilsendt køyreplanar, oppgåvesett og anna materiell. Eg slapp å finne ut av alt sjølv, men vi i Sogndal måtte likevel finne vår eigen måte, seier Ølmheim.

For sjølv om hjulet kan brukast mange plassar, må du sjølv velje dekket som passar dine forhold.

Sogndal kommune - fakta

  • Ny» kommune av 2020, tidlegare Balestrand, Leikanger og Sogndal.
  • I underkant av 12.000 innbyggarar
  • Positiv nettoflytting til delar av kommunen, men ikkje heile
  • Over landssnittet høg utdanning
  • Negativt driftsresultat på -2,6 %

SSB-data frå 2020

For å nå ut til alle bygdene, ville Ølmheim å gjere noko meir enn å halde folkemøte i regi av kommunen. I fleire lokalsamfunn var gredalag og velforeiningar naturlege stadar å starte. Elles kontakta ho andre viktige frivillige organisasjonar. Her ville ein finne personar som var engasjerte og involverte i sine lokalsamfunn.

Men fleire av desse organisasjonane er ikkje knytt til kommunen på nokon strukturell måte. I tillegg er kvart lag organisert ulikt. I Fjærland har ein eit bygdelag med eit bygdeutval som har tradisjon for å arbeide demokratisk med samfunsspørsmål, medan ein på Kaupanger ikkje har noko slikt for heile bygda. Her har dei eit grendalag for ein del av bygda, Amla, som kunne vere med.

– Men idretten er stor på Kaupanger. Difor tenkte vi å inkludere idrettslaget også, seier Ølmheim.

Då Sogndal ynskja lære frå Steinkjer merka dei seg det som kanskje er naturleg i ein kommune dobbelt så stor – dei hadde sett av fleire ressursar til samfunnsplanlegginga. Dei var fleire som arbeidde med prosjektet, hadde data frå ei innbyggarundersøking gjort i samband med kommunereforma og henta meiningar frå skular, eldreheimar, vaksenopplæring og mange andre institusjonar.

Dette var ei breidde Sogndal kommune ikkje hadde høve til å sikte på.

– Vi måtte gjere dette avgrensa og realistisk, alt etter kva vi hadde av tilgjengelege ressursar, seier Ølmheim.

Sogndal kommune greidde soleis å finne løysingar som passa lokalt for å setje i gong arbeidet med å lytte til innbyggarane sine. For eit arbeid skulle det bli.

Samarbeid med idretten har vore viktig i Sogndal kommune. Folkemøtet på Kaupanger vart haldt av og i klubbhuset til idrettslaget.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Eldsjeler fekk løyse oppgåver

Ølmheim ba frivillige lag frå alle skulekrinsar i kommunen om å plukke ut 6 engasjerte personar kvar. Desse skulle ikkje kome med alle ideane for framtida sjølve, men skulle hjelpe kommunen ved å engasjere heimbygda si.

I alt samla 8 grupper på 6 personar seg til eit fellesmøte i kommunesenteret Sogndalsfjøra. I tillegg til dei 7 gruppene som kom frå grendene, stilte Sogndal næringsforeining for å tale næringslivets sak.

Ordførar og rådmann opna møtet med å leggje grunnlaget for diskusjonen. Dei fortalde om utviklingstrekka i kommunen og utfordringane ein stod ovanfor i åra som kjem.

Etter å ha site blanda på tvers av lokalsamfunna og diskutert litt for å bli varme i trøya, kom oppgåva dei alle var der for å løyse. Grendene sette seg kvar for seg, og tok til med å skrive ned deira ynskja resultat av ein samfunnsplan i deira eige lokalsamfunn.

Bilete under syner eit av oppgåvearka som vart nytta på folkemøta i Sogndal. Spørsmåla legg føringar for at ein ynskjer konkrete tiltak og dømer på kva ein kan svare på. Arket er delt i to, slik at ein kan fremje langsiktige investeringstunge forslag, samt tiltak som kan gjerast med det same gjennom redirigering av ressursar eller berre ein annan måte å gjere ting på.

Målet med øvinga var ikkje berre å få innspel til samfunnsplanen frå dei engasjerte personane som var på fellesmøtet. Håpet var også at desse gruppene skulle ta med seg modellen vidare til sine bygder og grender.

Alle innspela skal bli samanstilt i kategoriar som vil spela inn på utarbeidinga av planen.

 – Vi stimulere til konkrete innspel heller enn abstrakte mål. Ein skal kunne sjå att innhaldet i innspela sine i det som skjer. Vi vil ta alle på alvor, seier Ølmheim.

Dei som møter på folkemøta må kunne sjå att ideane dei diskuterte i samfunnsplanen då den er ferdig, meiner Ølmheim.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Merverknadsmånad i Sogndal kommune

Sogndal kommune sette av ein månad som «medverknadsmånad» før utarbeiding av planen, politisk handsaming og offentleg ettersyn med innspel sto for tur. Det var i denne månaden grendalaga og dei engasjerte lokale skulle arrangere folkemøte og hente inn meiningar frå sine naboar.

I tillegg til dette hadde kommunen ei side på nettsida si: «Korleis er Sogndal kommune i 2030?». Her fann ein føremålet med sammfunnsplanen, ei oversikt over køyreplanen til prosjektet og eit kontaktskjema der ein kunne sende inn eigne forslag.

Berekraft og tenester i sentrum

I klubbhuset til Kaupanger idrettslag samla 20-30 seg kring bord i grupper på 4 og 5 personar. Det er litt bisart å ha namneopprop på eit folkemøte med lukta av sprit hengande i lufta, men slik er det no i 2020.

Frammøtte var både lokalpolitikarar, pensjonistar, nyetablerte og alle imellom. Nokre er med i bygdelag, andre i idrettslaget eller berre er samfunnsengasjerte.

Som oppvarming skal alle skrive ned og legge fram for gruppa korleis Sogndal kommune ser ut ti år fram i tid. 

Mange av dei frammøtte meiner at kommunen om ti år er god på å ta vare på dei eldre, det er ein god og moderne bustadpolitikk, folketalet veks og ein kan sykle overalt. «Trivselskommunen som satsar på alle – også kultur og natur» er ei av dei fiktive avisoverskriftene gruppene ser føre seg står på trykk i 2030.

Praten går godt og folk vert varme i trøya og klare for oppgåvene som kjem.

Deltakarane på gruppene hadde alle lappar å skrive på, slik at ein kunne jobbe individuelt, samt at det ikkje vert for tidkrevjande å samle alle innspela.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Deretter fekk dei oppgåver som byggjer på mål henta frå planstrategien til kommunen. Dei fekk 10 minutt per oppgåve til å diskutere og notere, ei tid dei brukte fullt ut kvar gong. Ølmheim, som leia møtet, må vere påpasseleg med tida for å halde skjemaet, for entusiasmen er stor.

Etter å ha vore gjennom alle oppgåvene, fekk gruppene litt tid til å samle eit par forslag og presentere dei. Etter å ha jobba i over ein time hadde fleire grupper tungt for å velje berre noko, men det gjekk bra. Ein frå kvar gruppe reiste seg og la fram deira konkrete innspel.

Berekraftig utvikling var i fokus hjå stort sett alle gruppene. Noko av det som kom fram var at

  • arealplanlegginga må vere meir langsiktig,
  • det må leggast til rette for bruk av sykkel, også mellom bygdene,
  • og kommunen skal bli best på sirkulære løysingar.

I tillegg var tilbodet til eldre eit viktig tema. Gruppene meinte at

  • eldreomsorga må ha plass til alle som vil bu på Kaupanger,
  • det trengs fleire sosiale møteplassar, også for eldre
  • og velferdsteknologien skal vere framoverlent i kommunen.

Ei av gruppene kom også med eit konkret forslag til omstrukturering av skulekrinsar for å auke elevgrunnlaget, for so å legge til rette for ei utbygging av skulen saman med ein ny idrettshall.

Det som kom fram var både generelle ynskjer, men også konkrete forslag som samla fleire interesser. No sit kommunen på verdifull informasjon om kvar skoen trykker på Kaupanger.

Deltakarane på folkemøtet bidrog både med ynskjer for generelle retningar for kommunen si satsing og konkrete forslag til nye løysingar.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Nye idear og tenkemåtar

– Det var godt å få inn nokre nye tankar.

Einar Skeie er pensjonist og bur på Kaupanger. Han tykte det var godt å få høyre andre sine idear og diskutere dei. Han meinte ein fekk lagt fram sine meiningar, og kunne i samspel med andre utvikle dei.

– Gjennom gruppearbeidet fekk vi samla kunnskapen til fleire, og resultatet kunne bli større enn summen av delane, seier Skeie.

Einar Skeie, i midten, tykte å jobbe i grupper var ein god måte å gjere det på, framfor eit vanleg folkemøte.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Eit arbeid utan fasit

Konkret og realistisk. Det verkar å ha vore sentrale ønska resultat av medverknadsprosjektet i Sogndal.

Men kvar kommune er ulik og vil soleis ha ulike føresetnadar og ynskjer. Samfunnsplanlegging er eit arbeid utan ein fasit.

Kontaktinformasjon

Anne Irene Myhr
Rådgjevar, Distriktssenteret
[email protected]
+47 481 68 279

I Sogndal måtte dei vere realistisk då sjølve prosessen med innsamling av forslag frå innbyggarane skulle planleggast. Kommunen har ein samfunnsplanleggar som har fleire andre ansvarsområde og som også var åleine om prosjektet. Likevel var det mogleg å finne løysingar.

– Det er berre kreativiteten som set ein stoppar for korleis ein kan involvere og engasjere. Du skal ut og få til noko, ikkje sitje på kontoret og skrive samfunnsplanen sjølv, seier Ølmheim.

Eit prosjekt med so mange uavhengige aktørar stiller krav til at du er strukturert og organisert. Men om du får innbyggarane med på planlegginga frå byrjinga av, heller enn å møte motstand eller nye ynskjer etter ein plan er lagt på bordet, kan det vere verdt det. Det meiner dei i alle fall i Sogndal.

– Det vert kanskje aldri perfekt, men det vert betre, seier Ølmheim.

I tida som kjem vil Sogndal kommune vektlegge å halde på den gode kontakten dei har oppretta med innbyggarane når det gjeld samfunnsutviklingsspørsmål, fortel Ølmheim. Mellom anna vil dei forsøke å digitalisere opplegget for å gjere det mindre ressurskrevjande å samle inn informasjonen, men likevel halde det tilgjengeleg.

– Vi er veldig nøgde med medverknadsopplegget vi har gjort, men vi vil bli betre til neste gong, mellom anna ved å gjere det digitalt.