Fagområde: Omstilling

Omstillingsarbeidet tek ikkje slutt

Omstillingsprogrammet Vaksdal kommune gjennomførte frå 1997-2002 har bidratt til mellom 102 og 128 arbeidsplassar i perioden 1997 til 2009. Utan omstillinga ville Vaksdal hatt 7-8 prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand  i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

– Vaksdalsamfunnet står i dag betre rusta til å møte eventuelt nye omstillingsutfordringar om dei skulle kome, seier direktør Halvor Holmli ved Distriktssenteret.

– Næringsutviklingsarbeidet er profesjonalisert og næringslivet er meir robust. Det er også betre kontakt mellom kommunen og det lokale næringslivet.

Vaksdal hadde omstillingsstatus i perioden 1997-2002, for å ta tak i utfordringane etter langvarig nedgang i sysselsettinga, spesielt i tekstilindustrien. Totalt vart det løyvd 26 millionar kroner til omstillingsarbeidet, og det vart sett mål om 80 nye arbeidsplassar innan 2000. Studien som no er gjennomført viser at Vaksdal  ville hatt 7-8 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 102 og 128 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1997 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forsking og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda  bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda  har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– Omstillingsarbeidet i Vaksdal viser at det er viktig å vidareføre utviklingsarbeidet etter ein omstillingsperiode. Kontinuerleg fokus på næringsutvikling og omstilling er naudsynt for å oppretthalde sysselsettingsnivå og folketal.

Fakta:

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida  hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.

Områda som er med i studien

Kommune Omstillingsperiode Tilskot Arbeidsplassar pr 2009 Arbeidsplassar utan omstilling
Odda 1998-2003 53,5 MNOK 199-248 5-7 % færre
Røyrvik 1994-2000 32 MNOK 19-28 8-13 % færre
Dalane (Eigersund, Bjerkreim, Lund og Sokndal kommunar) 1997-2002 10,4 MNOK 30-38
Sokndal 1997-2002 28 MNOK 68-101 5-8% færre
Narvik 1996-2001 78,5 263-394 3-4% færre
Vaksdal 1997-2002 26 MNOK 102-128 7-8 % færre
Sigdal 1996-2001 19,5 MNOK 60-75 4-5 % færre
Bremanger 1998-2003 32 MNOK 75-113 5-7 % færre
Oppdrift (Nome, Kragerø, Risør og Tvedestrand kommune) 1997-2002 57 MNOK 173-216 1,4-1,7 % færre
Glåmdalsregionen (Nord-Odal, Sør-Odal, Eidskog, Kongsvinger, Grue, Åsnes og Våler kommune) 1998-2003 50 MNOK 150-225 1 % færre

Kolonna ”Arbeidsplassar pr 2009” viser kor mange arbeidsplassar omstillingsarbeidet har bidratt til frå oppstart og fram til 2009.

Kolonna ”Arbeidsplassar utan omstilling” viser kor mange prosent færre arbeidsplassar området ville hatt om ikkje omstillingsarbeidet hadde vorte gjennomført.