– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand i Trøndelag Forsking og Utvikling.
Konkrete resultat
– Vaksdalsamfunnet står i dag betre rusta til å møte eventuelt nye omstillingsutfordringar om dei skulle kome, seier direktør Halvor Holmli ved Distriktssenteret.
– Næringsutviklingsarbeidet er profesjonalisert og næringslivet er meir robust. Det er også betre kontakt mellom kommunen og det lokale næringslivet.
Vaksdal hadde omstillingsstatus i perioden 1997-2002, for å ta tak i utfordringane etter langvarig nedgang i sysselsettinga, spesielt i tekstilindustrien. Totalt vart det løyvd 26 millionar kroner til omstillingsarbeidet, og det vart sett mål om 80 nye arbeidsplassar innan 2000. Studien som no er gjennomført viser at Vaksdal ville hatt 7-8 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 102 og 128 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1997 og fram til 2009.
Nyttig lærdom
I studien har Trøndelag Forsking og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.
– Omstillingsarbeidet i Vaksdal viser at det er viktig å vidareføre utviklingsarbeidet etter ein omstillingsperiode. Kontinuerleg fokus på næringsutvikling og omstilling er naudsynt for å oppretthalde sysselsettingsnivå og folketal.
Fakta:
Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.
Områda som er med i studien
Kommune | Omstillingsperiode | Tilskot | Arbeidsplassar pr 2009 | Arbeidsplassar utan omstilling |
Odda | 1998-2003 | 53,5 MNOK | 199-248 | 5-7 % færre |
Røyrvik | 1994-2000 | 32 MNOK | 19-28 | 8-13 % færre |
Dalane (Eigersund, Bjerkreim, Lund og Sokndal kommunar) | 1997-2002 | 10,4 MNOK | 30-38 | |
Sokndal | 1997-2002 | 28 MNOK | 68-101 | 5-8% færre |
Narvik | 1996-2001 | 78,5 | 263-394 | 3-4% færre |
Vaksdal | 1997-2002 | 26 MNOK | 102-128 | 7-8 % færre |
Sigdal | 1996-2001 | 19,5 MNOK | 60-75 | 4-5 % færre |
Bremanger | 1998-2003 | 32 MNOK | 75-113 | 5-7 % færre |
Oppdrift (Nome, Kragerø, Risør og Tvedestrand kommune) | 1997-2002 | 57 MNOK | 173-216 | 1,4-1,7 % færre |
Glåmdalsregionen (Nord-Odal, Sør-Odal, Eidskog, Kongsvinger, Grue, Åsnes og Våler kommune) | 1998-2003 | 50 MNOK | 150-225 | 1 % færre |
Kolonna ”Arbeidsplassar pr 2009” viser kor mange arbeidsplassar omstillingsarbeidet har bidratt til frå oppstart og fram til 2009.
Kolonna ”Arbeidsplassar utan omstilling” viser kor mange prosent færre arbeidsplassar området ville hatt om ikkje omstillingsarbeidet hadde vorte gjennomført.