Fagområde: Stedsutvikling

Nytt liv som kulturhus

Ein gong husa den lafta tømmerstova på Nordfjordeid ein bank. I dag er Kulturhuset Gamlebanken eit knutepunkt for kulturlivet i Eid.

Det skulle eigentleg ikkje ha stått der i dag. Det lafta tømmerhuset frå 1891 tente som banklokale i sytti år og som bibliotek i tjue. På åttitalet var det nær riving, så nær at banktilsette som var innom det støvete lageret spøkte med at ein ville gjere banken ei teneste ved å miste ein sneip på golvet. Kommunestyret vart redninga. Dei ville ikkje la Sparebanken Vest rive Eidsgatas eldste bygg. Banken rusta i staden opp det vindskeive rivingsobjektet for 7-8 millionar kroner. Fram til 1997 heldt næringsavdelinga og regionbanksjefen hus der, fram til nedskjeringar gjorde bygget overflødig.

Stifting

– Nokon som var ”passe galne” meinte at huset burde vere eit hus for alle – for offentlegheita, seier Arve Espe. Han var ein av dei som tykte innbyggjarane på Eid hadde bruk for ein stad der ein kunne stille ut, oppleve og kjøpe kunst. Gamlebanken stod tom, og framgangsmåten for å få til eit kunstgalleri, blei å etablere ei stifting. I starten stod ein heiltidstilsett for drifta, men økonomien tolte det ikkje, og småstillingar kombinert med dugnadsdrift blei prøvd ut. I dag jobbar enkeltpersonar på timebasis for stiftinga, medan ein fast kjerne av kunstinteresserte tek vakter og sit i stiftingsstyret. Espe sjølv har site i styret i femten år.

Fleire funksjonar

Som eldre hus flest, er Kulturhuset Gamlebanken dyrt å drive. Det krev mykje vedlikehald og straumutgiftene er høge. Fleire leigetakarar er med andre ord ein føresetnad for drifta. Kontoret på loftet blir leigd av Opera Nordfjord, som kvar haust set opp ein fullskala opera med ei blanding av profesjonelle songarar og lokale amatørar. Operautstillinga blir vist i Kulturhuset Gamlebanken, og internasjonale stjerner som sopranen Elizabeth Norberg-Schulz har sunge i førsteetasjen, så sopranrøysta tona ut over handlegata. I dei lyse lokala i første etasje står eit piano og fleire notestativ klar til den kommunale kulturskulen sine elevar, som har øvingar og intimkonsertar i huset.

Eid kommune er ein viktig samarbeidspartnar – ikkje minst fordi dei står for drifta av ein turistinformasjon i bygget kvar sommar. Turistvertane er òg utstillingsvakter og sekretariat for Malakoff rockfestival, som har eit lite utsal i bygget. Folk har elles både gifta seg og hatt store selskap under taket på den gamle bankbygningen. Romma er stemningsfulle, og golvet har ein god knirk som vitnar om eit langt liv.

Gir staden mykje

– Til saman sviv det rundt, seier Arve Espe om lappeteppet av små inntektskjelder og dugnadsinnsats. Dei frivillige betyr alt for drifta. Pensjonistar målar og sjauar. To damer tek faste vakter på torsdagar og fredagar slik at galleriet er ope. Sjølv legg han òg ned ein viss innsats på fritida.

Plassen framfor Kulturhuset Gamlebanken er blitt ein viktig samlingsplass heile året, der frivillige sel sveler og kaffi når det er vêr til det. Espe er oppteken av at Eid skal ha eit slikt kulturelt pusterom, ein roleg og stemningsfull stad der handlande kan få eit stopp i kvardagen og sjå på kunst. Også handelsorganisasjonen i bygda ser behovet, og støttar så godt dei kan.

– Det gir meg så mykje å halde på med det her. Ein får leve ut ei interesse og er samtidig med på å skape noko, seier Arve Espe.

Stikkord:
Steder: