Over fleire år har fleire lokalsamfunn i Sør-Trøndelag arbeidd systematisk med bygdeutvikling. Metodane og innfallsvinklane var ikkje alltid like, men målet var det same. Å skape optimisme, framtidstru og bygdeutvikling med utgangspunkt i landbruket. I samarbeid med Fylkesmannen og Fylkeskommunen dukka så ideen om eit felles nettverk opp. Kvifor sitje på kvar sin kant og streve med dei same utfordingane, når ein kan hauste av andre sin erfaring, verte inspirert, få idear og kraft til vidare arbeid?
Nettverket Optimistbygdene
Difor vart nettverket Optimistbygdene skipa. Til no er det seks bygder med: Bessaker i Roan kommune, Budalen i Midtre Gauldal kommune, Hasselvika i Rissa kommune, Lønset i Oppdal kommune, Sætervik og Vingsand i Osen kommune. Prosjektet har tett samarbeid med Frøya inn i framtida,- som er eit anna småsamfunnsprosjekt.
Arena for inspirasjon og erfaringsutveksling
Nettverket Optimistbygd skal vere ein arena for inspirasjon og erfaringsutveksling om felles utfordringar. I prosjektet søkjer ein og å utvikle nye metodar og prosessar for arbeid med bygdeutvikling. Målet er at smitteeffekten skal føre til at fleire optimistbygder blir med i nettverket og at ein får ein overføringsverdi knytt til prosessmetodane som er utvikla.
Dei vikige nettverka
Distriktssenteret tykkjer det er viktig at ein etablerer nettverk og samarbeidsformer som kan gje lokalsamfunn og eldsjeler påfyll og kompetanse til å fortsetje det viktige arbeidet med lokalsamfunnsutvikling. Prosjektet Optimistbygdene kombinerer på ein god måte kompetansen til dei regionale støttespelarane med erfaringane og kunnskapen i det enkelte samfunn, slik at ein får ein kompetanseheving og erfaringsutveksling som gjev fornya kraft til vidare arbeid i dei enkelte bygdene.
Les meir på nettsida til optimistbygd. (nede pr 03.10.2022)