Lokkar med direkte lykke i Vest-Telemark

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

– Vest-Telemark er ikkje lykke for alle. Men det kan vere det for mange. Det hevdar den einaste bygdemeklaren i landet, Emilie Asplin.

Ærleg kommunikasjon

Valet av domenenamn skal spegle at det er mykje lykke i Vest-Telemark.

– Er ikkje det å love for mykje?

– Me er opptekne av å vere edruelege i kommunikasjonen vår, og me understrekar at Vest-Telemark ikkje er lykke for alle. Er du urban og elskar godane i byen, bør du ikkje flytte hit. Det er ikkje slik at me ynskjer oss tilflyttarar for ein kvar pris. Me ser gjerne at dei som kjem er motiverte for å flytte hit, og aller helst for å bli varige innbyggarar. Me ynskjer oss tilflyttarar som vorte litt ”småforelska” i oss. Dei flyttar ikkje berre frå noko, men dei har eit medvite forhold om kva dei flyttar til, seier Asplin (biletet).

Eit reelt alternativ

Emilie Asplin (31) har sjølv flytta til Øyfjell i Vinje, ei bygd med 300 innbyggarar. Tønsberg-jenta, med sju år i Oslo bak seg, fortel at ho ikkje kunne hatt det betre. Jobben hennar går ut på å få folk til å ”falle for” Vest-Telemark. Ho meiner dei seks kommunane i Vest-Telemark har mykje å by på. Utfordringa er å synleggjere dette og styrke attraktiviteten til regionen.

– Me må vise oss fram, slik at folk for augo opp for at me finnes og er eit reelt alternativ, fortel ho.

Gjennom ”Vi snur vinden” blir det arbeidd på mange plan. I samarbeid med andre aktørar jobbar prosjektet for å styrke næringsstrukturen og bustadmarknaden i regionen. Dei marknadsfører regionen gjennom ulike arrangement og ”stunt” både i Vest-Telemark og Oslo. Folk som er nyfikne på regionen, får personleg oppfylging. I tillegg er det eit mål å styrke stoltheita til dei som alt bur i Vest-Telemark, samt å skape medvit kring vertskapsrolla hjå folk som ofte kjem i kontakt med potensielle tilflyttarar.

Flyttelyst

Bygdemeklaren fylgjer personleg opp dei som viser interesse for å flytte på seg. – Min jobb er å etablere flyttelyst. Eg inviterer dei på besøk og viser dei rundt. Det er viktig at dei blir sett, understrekar Asplin. Men det er ikkje nok at ho sjølv struttar av entusiasme for regionen.

– Prosjektet er ikkje liv laga om ikkje kvar einaste innbyggar er stolte av heimstaden sin, brukar sitt nettverk og skryt av den til andre. Det er dei som er dei beste seljarane. Gjennom prosjektet prøver me å auke stoltheita til innbyggarane, fortel bygdemeklaren.

Viktig for omdømmet

Sidan prosjektet starta opp for halvanna år sidan, har rundt 10 familiar pakka flyttelasset og sett kursen mot regionen – At folk flytter hit, er i seg sjølv viktig for omdømmet vårt. Mange tenkjer at ”dersom andre gjer det, kan dette vere eit alternativ for meg og”. Gjennom å synleggjere flest mogleg av tilflyttarane, skapar me interesse for regionen. Me viser at ”det går an”, fortel ho.

Målgrupper

Målet med ”Vi snur vinden” er å medverke til at til saman 50 nye familiar flyttar regionen i løpet av tre år, samt at det blir oppretta 15 nye verksemder. Den eine hovudmålgruppa er familiar som er livsstilsflyttarar, ofte med ynskje om å bu på småbruk og skape sin eigen arbeidsplass. Den andre hovudmålgruppa er personar som har flytta til regionen det siste året. – Ofte er dette ein sårbar fase, der vidareflytting er eit alternativ. Å jobbe med denne gruppa er viktig for å sikre varig busetting, fortel bygdemeklaren.

” Vi snur vinden” har utspring i regionrådet Vest-Telemark Rådet sin strategiske næringsplan, og er drifta av Vest-Telemark næringsutvikling. Det treårige prosjektet er finansiert av fylkeskommunen, Landbruks- og matdepartementet og eit fellesfond for kommunane i regionen.

Nokre av aktivitetane i Vest-Telemark

  • Idédugnad for lag og organisasjonar
  • Utarbeiding av presentasjonsmateriell
  • Bygdevisningar
  • Vest-Telemarktreff i Oslo
  • www.vest-telemark.no

Bygdelivsmeklar Emilie Asplin, [email protected]