Prosjektet Bulyst – gje det vidare! er ein vidareføring av «Vi snur viden». Prosjektet har fokus på vertskapsrolla og mottakarapparatet, og jobber for å skape blilyst. På denne måten ynskjer ein å bidra til å skape ein region som er attraktiv å bu i og flytte til, utvikle trygge og bærekraftige bustadmiljø, og gjennom dette oppnå befolkningsauke.
I prosjektet jobbar ein spesielt med å bygge opp eit nettverk av kommune- og grendekontaktar i regionen. Desse skal kunne mobiliserast som lokale guidar når nokon ynskjer å flytte hit. Eit døme på at slike lokale kontaktar er viktige, er dømet på at mange ledige hus berre vert «lagt ut på jungeltelegrafen». I dette arbeidet vert det samstundes viktig å gjere innbyggarane i Vest-Telemark medvitne om rolla si som vertsskap for nye innbyggarar.
Nettportal er: www.vest-telemark.no.
Aktivitetar
- Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
- Brev til potensielle tilflyttarar
- Annonsering i media
- Eigen nettstad
- Tilrettelagt bustadar for tilflyttarar
- Kampanje for å synliggjere regionen som busetjing
- Kampanje for å skaffe arbeidskraft/synliggjere jobbmogelegheiter
- Samarbeid med næringsliv og/eller frivillige organisasjonar
- Vertskapsordning
Viktigste salgsargument
- Livskvalitet
- Godt oppvekstmiljø
- Gode tenestetilbod
Samarbeidspartnere
- Grende- /bygdelag
- Telemark Fylkeskommune
- Fylkesmannen i Telemark
- Regionråd i Vest-Telemark, Vest- Telemarkrådet
- Næringslivet
- Frivillige lag og organisasjonar
- Næringsutviklingsselskap for Vest-Telemark
Hovedmål
Målgrupper
- Arbeidskraft generelt
- Ungdom
- Barnefamiliar
- Potensielle tilbakeflyttarar
- Flyttarar frå storbyområder
- Entreprenørar
- Hyttefolk
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
Bulyst – gje det vidare! er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.