Frå berekraftsmidlar til regionalt matnettverk
I 1998 delte Røros kommune ut Lokal Agenda 21 til eldsjeler og bønder som samarbeida om prosjektet «Lokal mat til lokalt forbruk». Tilskotet var utløysande for matmerket «Mat frå Fjellregionen», som seinare vart Rørosmat. I dag er Rørosmat ein leiande aktør på lokalmat, med 8 tilsette som arbeider for å gje primærnæringa i regionen fleire bein å stå på.
I tillegg til store lokalmataktørar som Rørosmeieriet, Røros Kjøtt og Stensaas Reinsdyrslakteri, har regionen fleire små og innovative lokalmatverksemder. Mangfaldet av aktørar skapar grunnlag for utvikling, og Rørosmat gjer det lettare for dei små og dei store å spele kvarandre gode.
Lokal Agenda 21
Agenda 21 er FN sin handlingsplan for berekraftig utvikling, laga under Rio-toppmøtet i 1992. Planen innheld oppfordingar til lokalsamfunn om å lage eigne handlingsplanar, ofte omtalt som Lokal Agenda 21
Kollektivt løft med lokalt ressursgrunnlag
Vi kan lære mykje av måten lokalmatverksemdene byggjer på det lokale, styrkar kvarandre og jobbar samfunnsretta. Distriktssenteret sin rapport Verdiskaping basert på natur- og kulturressursar (2017) syner mellom anna korleis lokalmataktørane i Fjellregionen finn og nyttar dei berekraftige handlingsromma i regionen. Rapporten peikar vidare på at næringsaktørar som Rørosmat bidreg til å utvikle lokalsamfunnet rundt seg, mellom anna gjennom å styrke lokale verdikjeder og å byggje på lokal kultur og identitet.
Ei masteroppgåve som byggjer vidare på denne rapporten, viser at lokalmataktørane ser på samarbeid som ein grunnleggande premiss og drivkraft for utvikling. Relasjonane er prega av gjensidig avhengigheit til kvarandre, den lokale kulturen og dei naturgitte føresetnadane på staden. Eit felles ynskje om å skapa berekraftig samfunnsutvikling gir grobotn for eit kollektivt, regionalt løft.
Gjennom mottoet «best lokalt», driv desse aktørane det vi kan kalla for samfunnsretta næringsutvikling, noko som gir positive effektar i heile regionen.
Matproduksjon bidreg til regionalt samarbeid
Fjellregionen i Byregionprogrammet
Søkerkommune: Tynset
Samarbeidskommuner: Rendalen, Tolga, Alvdal, Folldal, Os, Røros, Holtålen
Folketall i regionen: 22.716 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 12.094 km²
Det regionale matsamarbeidet har ringverknadar for næringslivet i Fjellregionen, samstundes som lokalmatsatsinga òg har bana veg for meir samarbeid mellom kommunane. Som del av Byregionprogrammet satsar Fjellregionen på «Lokalmathovudstaden Røros» og «Verdiskaping knyttet til bioøkonomi». Matproduksjon er blitt eit felles prosjekt kommunane kan samla seg om, og i dag har regionrådet ein eigen strategi for å utvikle området som ein matregion. I arbeidet med ein matregion, ser kommunane at dei er avhengige av kvarandre regionalt, og at ein oppnår større meirverdi ved å samarbeida.
Kva verdiar vert skapte?
Gjennom Lokal Agenda 21 vart berekraftig utvikling satt på agendaen. Det finst ulike inngangar når ein ynskjer å utvikle og styrke dei berekraftige handlingsromma i ein kommune. I dette arbeidet er det nyttig med verktøy som kan gje oss nokre nye perspektiv. Eit slikt verktøy i arbeidet med bærekraftig samfunnsutvikling er brei verdiskaping. Arbeid med brei verdiskaping handlar om å sjå samanhengar mellom økonomisk, miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping, og å nytta dette samspelet til å skape større lokal meirverdi.
Modellen under syner eksempel på indikatorar knytt til ulike typar verdiskaping. Den kan brukast som eit verktøy til å reflektere rundt korleis både kommunar og næringsaktørar kan fange opp kompleksitet, og trykke på dei rette knappane for å utløyse lokal og regional meirverdi.
Her kan du lesa meir om den breie verdiskapinga i Røros, Lom, Vega og Lysefjordområdet.
Styrk dei samfunnsretta utviklingsaktørane i din kommune
Dei regionale verdiskapingseffektane kjem ikkje alltid frå dei «reine» næringslivssatsingane. Viktig verdiskaping kan bli utløyst av eldsjeler med engasjement for staden. Lokal forankring og samarbeid i nettverk kan vere nøkkelord for å finna fram til dei samfunnsretta utviklingsaktørane. Dette er kanskje aktørar som er godt eigna til å byggje bru og finne nyskapande løysingar. Dei som tenker breitt rundt verdiskaping, er ofte også bevisst på korleis deira verksemd påverkar lokalsamfunnet totalt sett.
Kven i din kommune tek omsyn til dei ulike formene for verdiskaping? Kanskje det er lokale matprodusentar? Kanskje butikkeigaren? Kanskje eldsjeler innanfor kulturlivet? Kanskje dei som brenn for idretten?
Nokre kjenneteikn på samfunnsretta utviklingsaktørar
For å finna dei samfunnsretta utviklingsaktørane i din region, kan du byrje med å leita etter dei som:
- Vil skapa noko, med eigne ressursar
- Vil skapa positiv utvikling i lokalsamfunnet
- Tenker langsiktig og har fokus på neste generasjonar
- Gjer berekraft til «sitt» omgrep, tek eigarskap og viser veg
- Ser samarbeid som ei sentral drivkraft for nyskaping og utvikling
Nokre grep kommuen kan gjere for å legge til rette for samfunnsretta utviklingsaktørar:
- Bli kjent med aktørane som vil skapa utvikling i kommunen og i regionen.
- Gjer det lett for desse å ta kontakt med kommunen
- Samle dei som ynskjer å skapa lokal utvikling – lag møteplassar!
- Rette inn verkemiddel, som for eksempel kommunale næringsfond
- Bidra med tid og ressursar
Planlegg for framtida
Kommunar og samfunnsaktørar som jobbar med berekraftig lokal samfunnsutvikling må vere førebudd på at dette ofte er langsiktig arbeid. Kanskje det tek 20 år før resultata syner seg? Rapporten om verdiskaping basert på natur- og kulturressursar viser at den breie verdiskapinga er resultat av kontinuerleg arbeid med forvaltning, formidling og forankring. Kommunane som lukkast med brei verdiskaping har nokre fellestrekk:
- tydlege prioriteringar
- langsiktig planlegging
- investering i fellesgode
- lokal forankring og brei involvering
- samhandling på tvers av mange aktørar