LivOGLyst i Ålfoten – skap god mobilisering over tid

Lokal samfunnsutvikling er viktig for å skape eit inkluderande og levande lokalsamfunn. Bygda Ålfoten har styrka engasjementet og samhaldet gjennom LivOGLyst-programmet. Eit prosjekt med mål om å utvikle attraktivitet gjennom brei deltaking i lokalsamfunnet.

Barn som spelar landhockey i ballbinge. Foto.

Landhockeyturnering i Ålfoten.
Foto: Ålfoten LivOGLyst

Ålfoten er ei lita bygd i Bremanger kommune, i Vestland fylke. Eit høgst levande organisasjonssamfunn med om lag 160 innbyggjarar. Bremanger har fleire små bygder, og lokal samfunnsutvikling er derfor viktig. Ålfoten ønsker å behalde skule, skape trivsel og bulyst, og eit attraktivt lokalsamfunn for både eksisterande og nye innbyggarar. For å lukkast med denne samfunnsutviklinga må dei jobbe målretta og langsiktig.

LivOGLyst-programmet har gitt innbyggjarane i Ålfoten ein ny giv og glød som har skapt engasjement og nysgjerrigheit, kan prosjektleiar Bjarte Myklebust fortelje.

Kva er LivOGLyst?

LivOGLyst er eit program som er unikt for Vestland. Vestland Fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Norge samarbeider om programmet, som består av både eit kompetanseprogram og ei økonomisk støtteordning. Fylkeskommunen eig LivOGLyst-programmet og har ansvar for prosjektleiinga. Med mål om å skape betre bulyst, god folkehelse og næringsutvikling kan lokalsamfunn først søke om å vere med i eit eittårig forprosjekt.

Alle lokalsamfunnsaktørar er velkomne til å søke om å delta i LivOgLyst. Det er krav om at ein frivillig organisasjon i bygda stiller som formell eigar av prosjektet. I tillegg må kommunen vere med som støttespelar, og stille med økonomisk støtte i det treårige hovudprosjektet.

Målet med det eittårige forprosjektet er å mobilisere, kartlegge og identifisere ønske og idear i lokalsamfunnet. Om lokalsamfunnet får innvilga søknaden sin om eittårig prosjekt, mottek dei eit tilskot frå fylkeskommunen på 80 000,- kr. Midlane kan brukast til prosjektleiing, kompetanseheving, nettverksbygging, mobilisering og innkjøp som mogleggjer planlagde aktivitetar, men midlane kan ikkje nyttast til varig fysisk materiell, til dømes leikestativ eller anna.

Når lokalsamfunnet har fullført eittårig forprosjekt, kan dei søke om å halde fram med eit treårig hovudprosjekt. I treårige prosjekt skal lokalsamfunnet jobbe vidare med nokre av ideane som er kome fram i forprosjektet. I tillegg til å halde fram med mobilisering av innbyggjarane. Deltakarane som blir tatt opp i treårige prosjekt, mottek 390 000,- kr. i tilskot frå fylkeskommunen.

I tillegg til den økonomiske støtteordninga består LivOgLyst av eit kompetanseprogram. Kvar haust arrangerer Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og Innovasjon Norge ein LivOGLyst-konferanse. Denne konferansen er open for alle som er interessert i høre og lære meir om LivOGLyst-programmet. Målet er at deltakarane skal få eit innblikk i programmet og bli kjent med eksisterande prosjekt. På våren blir det arrangert ei nettverkssamling for deltakarar i programmet. Då er målet at dei aktive prosjekta skal bli kjent med kvarandre, utveksla erfaring og byggje nettverk.

Kommunen si oppgåve

For at ein organisasjon skal kunne søke deltaking i LivOGLyst, må kommunen stille med ein kontaktperson som kan følgje opp prosjektet. I det eittårige forprosjektet er det ikkje krav om økonomiske støtte frå kommunen, men i den treårige hovudprosjektperioden er det eit krav om at kommunen støttar prosjektet med 30 000.- kr per år.

I Bremanger er det Marcel Meijer som har vore kommunekontakt for LivOGLyst. Han fortel at han har delteke på dei fleste møta i prosjektgruppa for LivOGLyst lokalt. I prosjektgruppa har han primært hatt som rolle å observere framgangen i prosjektet, men han har og bidrege med idear til prosjektutviklinga. Deltakinga hans i prosjektgruppa har særleg vore viktig for å lette dialogen i saker som gjeld kommunen.

Gjennomføring – Kva må til for å lykkast med LivOGlyst-programmet?

Distriktssenteret har kome fram til nokre sukesskriterier som kan hjelpe andre å lukkast med LivOGLyst. Desse har vi delt inn i fem punkt, og kan vere nyttig å ta med seg i planlegginga av eit nytt prosjekt.

1 Stor prosjektgruppe

I Ålfoten er Grendeutvalet som er prosjekteigar, med Bjarte Myklebust som prosjektleiar. Ålfoten LivOGLyst har hatt ei prosjektgruppe på ca. 10 personar med representantar frå ulike aldersgrupper, organisasjonar, næringsliv og kommunen. Både prosjektleiar og kommunekontakt i Ålfoten legg vekt på at prosjektgruppa bør vere stor nok til at dei har mange å dele arbeidet mellom.

2 Samarbeid og inkludering

Mobilisering er ein viktig del av vellukka lokalsamfunnsutvikling. For å lukkast må lokalsamfunnet ta i bruk heile samfunnet, og alle positive krefter. Eit godt samarbeid mellom frivilligheit, kommune og næringsliv kan bidra til å styrke evna til å gjere gode idear til konkrete resultat.

I Ålfoten har samansettinga av prosjektgruppa vore viktig for at arbeidet har nådd ut breitt i lokalsamfunnet. Prosjektgruppa har representantar frå lokalsamfunnet i ulike aldrar og organisasjonar. I tillegg deltek kommunekontakten.

3 Prosjektplan

Bjarte Myklebust meiner det er nyttig å planlegge prosjektet godt, og ha ein tydeleg og strukturert framstegsplan. Alle i prosjektgruppa bør ha god kjennskap til prosjektplanen.

4 Mobilisering

Ålfoten LivOGLyst har jobba systematisk for å mobilisere breitt, og brukt prosjektplanen for å planlegge korleis dei skal gå fram. Først har prosjektgruppa definert ulike målgrupper i lokalsamfunnet som dei ønsker å involvere. Og så har dei planlagt korleis dei kan nå dei ulike gruppene gjennom målretta arrangement og samlingar.

I tillegg til ein god plan for arbeidet, meiner Bjarte det er viktig at prosjektgruppa er synlege og viser engasjement. God informasjonsflyt til bygdefolket er også viktig for å få folk til å delta på arrangementa. Prosjektgruppa har brukt Facebook og Instagram aktivt for å spreie informasjon og få innspel til arbeidet. i tillegg har dei brukt oppslagstavlene i bygda.

5. Modningsprosess

Ein passe lang modningsprosess er avgjerande for å få innbyggjarane med på laget, og få forslag til idear dei har lyst å gjennomføre. Dette er i alle fall erfaringa frå Ålfoten.

I løpet av første prosjektår har prosjektgruppa i Ålfoten gjennomført fleire omgangar med innsamling av innspel til arbeidet. Det første dei gjorde var å gjennomføre ei anonym spørjeundersøking med generelle spørsmål om bygda, og spørsmål om kva innbyggarane saknar i bygda si. Prosjektgruppa la ut spørjeundersøkinga i alle postkasser, og det var også mogleg å svare på undersøkinga på nett. På denne måten fekk dei inkludert så mange som mogleg til å svare.

Seinare i prosessen sto prosjektgruppa på stand der dei samla inn innspel til arbeidet, og dei har hatt ei eiga idépostkasse der bydefolket har kunnet komme med innspel undervegs i prosessen.

Eit mangfald av idéar har kome til liv i Ålfoten

«Alt engasjement er bra» – Bjarte Myklebust

Det har vore viktig for prosjektgruppa i Ålfoten at ideane ikkje blir lagt i ein skuff, men at dei blir til liv. Aktivitetar skapar positivitet og engasjement. I løpet av første prosjektår har LivOgLyst Ålfoten gjennomført ei rekke kreative og sosiale og arrangement. Her kan du lese meir om ein del av det som har foregått i Ålfoten det første prosjektåret:

Aldersspesifikke inspirasjonssamlingar som sosiale møteplassar

For å involvere innbyggjarane og kome fram til kva idéar dei skulle realisere, arrangerte prosjektgruppa tidleg i prosjektåret fleire inspirasjonssamlingar. I staden for å ha ei felles samling for alle i bygda, arrangerte dei fleire samlingar. Målet var å inkludere alle, og samtidig få fram ønska til dei ulike målgruppene. På kvar samling vart programmet tilpassa til målgruppa. Samlingane skulle inspirere, og få fram innbyggarane sine innspel til LivOgLyst, men i tillegg var det viktig å skape noko meir enn eit vanleg møte; det skulle være kjekt å delta!

For kvar inspirasjonssamling laga prosjektgruppa personlege invitasjonar til alle i målgruppa. Bjarte meiner invitasjonane skapte forventning og gjorde folk nysgjerrige på å delta.
For aldersgruppa 31-45 år inviterte prosjektgruppa til ei sosial inspirasjonssamling, rundt cafe-bord og med noko å bite i. Ettersom mange i denne målgruppa har barn, inviterte dei ungane til kino med popcorn i naborommet.

Aldersgruppa 46-62 år vart inviterte til  inspirasjonssamling med godt prat, mat og innspel via Kahoot.

For aldersgruppa 62+, besto inspirasjonssamlinga av sosial samling med kaffe og kake, levande musikk og quiz med lokalhistorie. Dei eldre fekk også tilbod om skyss. Skulen og barnehagen hadde kvar si inspirasjonssamling der dei fekk frukt mens dei snakka om kva dei hadde lyst til å gjere, og kva dei sakna i bygda si.

Det var også inspirasjonssamlingar for dei i alderen 19-30 år, framtidsverkstad for Krunhjorten 4H (8-19 år), og samlingar for organisasjonar, næringsliv og grendelag, og for utflytta ålfotarar, feriegjester og hyttefolk.

På alle samlingane snakka deltakarane om rekruttering og tilflytting, funksjonar og fasilitetar, trivsel og næringsutvikling. Dei snakka om situasjonen i dag og kom med idear til utviklinga vidare.

Trivselspåske som sosialt høgdepunkt

Eit høgdepunkt i det eittårige forprosjektet var Trivselspåska. I løpet av tre dagar midt i påskeuka, ønskte prosjektgruppa å skape noko motiverande og kjekt for både prosjektgruppa og innbyggjarane, ved å realisere nokre av ideane som hadde kome fram. Resultatet blei fleire kreative arrangement med svært stor oppslutning.

Person på storkjøkken. Lagar raspeballar. Mange store gryter. Foto.

Raspeballar under produksjon!
Foto: Ålfoten LivOGLyst

Trivselspåska starta med raspemiddag i Ålfottunet på tysdag i påskeuka. Fleire erfarne husmødre frå Ålfoten fekk oppdraget å lage potet-rasper på gamlemåten til heile bygda. Omlag 130 personar fekk servert middag denne dagen, og sette til livs til saman 390 rasper!

På onsdagen i påskeveka arrangerte LivOGLyst landhockeyturnering i ballbingen ved oppvekstsenteret. Først meldte ein og ein seg på turneringa, etterfulgt av tilfeldig lagsamansetning. Det var mogleg å melde seg på i både barne -og vaksenklasse, og premie til vinnarlaga. Ein slik påmeldingsmetode gir felleskapsskjensle og inkludering. Turneringa vart ei engasjerande og hyggeleg stund på tvers av generasjonar.

Trivselspåska vart avslutta på Skjærtorsdag. Ei lokal dame tok på seg å lage heimelaga konfekt. Og alle innbyggarane, både fastbuande og mange besøkande i påskeveka, fekk besøk av LivOGLyst, med konfekt og ønske om god påske.

Mange folk samla rundt mange bord til sosialt lag i ein gymsal. Foto.

Topp stemning i lokal gymsal!
Foto: Ålfoten LivOGLyst

På kvelden Skjærtorsdag arrangerte LivOGLyst samling i gymsalen på oppvekstssenteret. Som del av kvelden var alle utfordra på å delta i «alle mot 1»-konkurranse. Prosjektgruppa hadde førebudd nokon førehandsinnspelte utfordringar som vart spelt av på storskjerm. I tillegg vart nokon utfordringar gjennomført på direkten frå scena. Deltakaren på scena konkurrerte mot alle i salen om å svare rett på utfordringane, og kunne få hjelp av eit lokalt «kjendis-panel». Omlag 160 personar deltok på konkurransen, som hadde 5000,- i premiepotten.

Etterpå var det fest i same lokale, i samarbeid med Hjortegarden AS som sto for vakthald og servering. Totalt var omlag 250 personar innom Ålfottunet denne kvelden. Med tanke på at Ålfoten har 160 innbyggjarar, synest dette at prosjektgruppa har lukkast i å skape engasjement og nå ut til både fastbuande og tilreisande.

Barnehagen besøkte hestegard

To born rir på ponni eller Shetlandshest. To vaksne følgjer. Foto.

Barnehagen får oppfylt sitt ønske. Foto: Ålfoten LivOGlyst

Prosjektgruppa har vore opptekne av at ungane og skulle sjå resultat av sine innspel til LivOGLyst. Under inspirasjonssamlinga i barnehagen kom det fram mange ønsker. Ein morgon når ungane kom til barnehagen, var alle desse ønska hengt opp som lappar på eit «ønske-juletre» i garderoben i barnehagen. Det var sjølvsagt veldig spanande for ungane å finne att ønska sine på den måten!

Eit av ønska, var at ungane villa ha ein hest. Prosjektgruppa fant ut at dette var eit ønske det var mogleg å oppfylle. I samarbeid med ein lokal bonde fekk ungane kome på gardsbesøk og ri på hest.

Besøkssisten

Mot slutten av prosjektåret sette LivOGLyst seg mål om å få innbyggarane til å gå meir på besøk til kvarandre. Dei inviterte derfor til noko dei kalla besøkssisten. Besøkssisten er som ein stafett. Eit bilete er stafettpinne, og målet er at alle i Ålfoten skal signere biletet. Den som har stafettpinnen skal gå på besøk til nokon som enno ikkje har signert, og slik vandrar stafettpinnen frå hus til hus.

Sosialt engasjement over tid

For å halde engasjementet oppe, har prosjektgruppa skapt eit mangfald av sosiale arenaer i Ålfoten gjennom året. Mat er ofte ein triveleg måte å samle folk på, og mange arrangement har derfor inkludert matservering. Det har vore haustmiddag, kino med popcorn og strikkekafé med sal av kaffi og vaflar.

Arrangementa er lagt til rette for at både barn og vaksne kan møtast samtidig. Jaktsesongen er viktig for mange, og Ålfoten har mange jaktenker i denne perioden. LivOGLyst arrangerte derfor jaktenketreff for damer, samtidig som barna kunne vere med og leike seg i gymsalen. Utan arrangementet for barna, hadde mødrene heller ikkje kunne delta, men på denne måten vart dette ein triveleg dag for både vaksne og barn.

Vegen vidare

I løpet at første prosjektår har mange idear kome fram og mange av dei har fått liv gjennom kreative og sosiale aktivitetar i Ålfoten. Prosjektgruppa ser at dei lukkast å få med seg innbyggjarane, tilreisande og hyttefolk. Dei har skapt LivOGLyst i Ålfoten!

I Ålfoten har deltakinga i LivOGLyst bidrege til stort engasjement og brei mobilisering av innbyggjarane. Det er innbyggjarane sjølve som har hatt ideane, og ansvaret for å gjennomføre dei. Bjarte Myklebust trekk fram at å ansvarleggjere innbyggjarane for eigen trivsel er viktig for å lukkast. Alle må føle at dei har noko å bidra med, at både dei og ideane deira er viktige for bygda. Gjennom medverknad og eigarskap skapar LivOGLyst stadtilhøyrsle.

Ved slutten av første prosjektår ønskjer Ålfoten no å søke om å bli treårig prosjekt. Idéar som har kome fram til det treårige prosjektet, er arbeid med å få på plass ei båthamn og kaianlegg der innbyggarane kan leige båtplass. Andre idéar er treningssenter og kontorfellesskap som kan bli realisert i løpet av den treårige perioden. Dei ønskjer å halde fram arbeidet med å skape aktivitet og engasjement i Ålfoten.