Fagutdanning gjer inkluderte innvandrarar til ressursar for lokalt næringsliv

Innvandrarar med fagutdanning er ein viktig ressurs for både private og offentlege verksemder. I Gloppen kommune har eit breitt samarbeid mellom skule, det offentlege og privat sektor gitt fagutdanning til innvandarar og tiltrengt arbeidskraft til verksemder.

Pasient i seng, sjukepleiar ved senga. Foto.

Foto: Ole Eltvik

I Gloppen samarbeider kommunen, Nav, Vestland fylkeskommune, Firda vidaregåande skule og lokalt næringsliv om eit fagutdanningstilbod som er godt tilpassa vaksne innvandrarar og kompetansebehova i offentlege og private verksemder. Modellen vert kalla Gloppenmodellen.

I følgje ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, er motiverte fagutdanna innvandrarar i dag ein «vanvitig ressurs» for Gloppen kommune. Modellen er frå 2021 vidareført til alle vidaregåande skular i Nordfjord. I følgje Rolf Årdal frå opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune er arbeidet eit døme på korleis ein ønsker å utvikle samarbeid med arbeidslivet i heile Vestland.

Ein utdanningsmodell tilpassa vaksne innvandrarar

Mangelfull norskkompetanse, mangel på førarkort og forsørgjaransvar gjer det ofte utfordrande for vaksne innvandrarar å fullføre fagutdanning. I Gloppenmodellen kombinerer ein difor teori og praksis frå start.

Tradisjonell fagutdanning i Norge består av 2 år med teorifag før ein går ut i toårig praksis. Etter 4 år kan ein ta fagprøven og bli fagarbeidar. Til skilnad frå denne tradisjonelle modellen, er Gloppenmodellen organisert etter det ein kallar vekslingsmodell. I vekslingsmodellen kombinerer ein opplæring på skulen og i bedrift gjennom heile studieløpet.

At elevane ikkje kan godt norsk frå start krev ekstra innsats. Ein må ha engasjerte lærarar og arbeidsgjevarar som yter meir enn det som normalt er venta. Men effekten av å kombinere språklæring med arbeid er god. Elevane lærer språket raskare, og får også raskare god forståing for faguttrykk og «stammespråk» på arbeidsplassen.

Modellen må også passe til deltakarane sine livssituasjonar, der mange har forsørgjaransvar og er avhengige av inntekt. I Gloppenmodellen får deltakarane tidleg kontakt med arbeidslivet, og mange får relevant lønna arbeid som dei gjennomfører parallellt med utdanninga.

– For oss som har utfordringar med språk og ulike kulturar er denne modellen veldig god. Når eg er på jobb prøver eg å gjere det eg har lært på skulen. Og når eg er på skulen har eg mange spørsmål frå praksisen.

Hayat Bashari, lærling i helsefag

Flyktningar i introduksjonsprogrammet er prioritert målgruppe i Gloppenmodellen. I tillegg til andre minoritetsspråklege, som er prioritert av NAV eller Flyktningtenesta. Og arbeidet har gitt gode resultat. Av alle som har starta utdanningsløpet har 79 % fullført med fagbrev eller autorisasjon etter 4 – 5 år. Gloppen har altså funne ein modell som gjer det mogleg for vaksne innvandrarar å fullføre fagutdanning og kvalifisere til arbeid.

4 personer på tannklinikk. Foto.

 – Tenk om alle kommunane i landet hadde gjort den jobben som Gloppen gjer, då hadde me ikkje hatt nokon utfordringar knytt til integrering.

Hallgeir Hansen, Rektor Firda vidaregåande skule

Prosjektleiar Ann Iren Festervoll, meiner at Gloppenmodellen også kan fungere for andre grupper som har vanskar med å gjennomføre ei ordinær fagutdanning. Frå 2021 kan difor også ordinære søkarar få studieplass, dersom det er ledig kapasitet når dei prioriterte gruppene er vurderte.

Utdanningane i Gloppenmodellen

Helsefagutdanning var den første utdanninga som vart organisert gjennom Gloppenmodellen, tilbodet starta opp i 2013 i samarbeid med helse og omsorgsetaten i Gloppen kommune. Seinare har fleire fagtilbod komme til. Først tannhelsesekretærutdanning i samarbeid med tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune, seinare polymerkompositt og betongfag i samarbeid med lokalt næringsliv.

Frå hausten 2021 har alle vidaregåande skular i Nordfjord tilbod om utdanningar etter Gloppenmodellen, då starta ein opp bygg og anleggsteknikk i Stryn, restaurant og matfag i Måløy og teknologi og industrifag på Eid.

Ein fleksibel modell tilpassa rekrutteringsbehov i arbeidsmarknaden

Innvandrarar med fagutdanning er no viktige ressursar for verksemder i Gloppen og i resten av Nordfjordregionen. Avgjerande for å oppnå dette er at studietilbodet er godt tilpassa behovet for rekruttering og motivasjonen til deltakarane.

2 personer jobber med en anatomimodell. Foto.

Gloppenmodellen har difor ikkje faste fagtilbod. Tilbodet vert tilpassa årleg, basert på grundige undersøkingar av elevgrunnlaget og behova i næringslivet.  Modellen har blitt meir fleksibel etterjvart som fleire kommunar og skular er blitt med. Ein tilpassar no utdanningstilbod for å kome nærast mogleg elevane, lærlingbedriftene og behova i næringslivet. Og ein drar nytte av dei ulike skulane sine ulike lokale.

Undersøking i næringslivet

Hausten 2021 sendte NAV i Nordfjord ut denne undersøkinga til arbeidsgivarar i Nordfjord, som del av marknadsundersøkinga knytt til vurdering av nye studietilbod.

NAV og Fylkeskommunen samarbeider om fagutdanningar for vaksne. I haust starta vi opp ei klasse på kvar av dei vidaregåande skulane i Nordfjord. Bygg- og anlegg i Stryn, helsefagarbeidarutdanning i Gloppen, teknologi- og industrifag på Nordfjordeid og restaurant- og matfag i Måløy. Utdanningsmodellen vi nyttar vert kalla Gloppenmodellen. Elevane kombinerer teori og praksis dei tre første åra, medan dei er lærlingar på heiltid det fjerde året.

No startar arbeidet med å få på plass nye fagutdanningar med oppstart haust 2022. I den forbindelse kartlegg vi kva fagutdanningar dei vidaregåande skulane kan legge til rette for, kva kompetansebehov verksemdene i Nordfjord har og kva yrkesmål dei arbeidsledige i Nordfjord har. Målet er å finne ein best mogleg samanheng mellom kva verksemdene treng, yrkesmålet til dei som er på veg inn i arbeidslivet og kva fagutdanningar skulane kan starte opp.

Vi håpar difor at De tek dykk tid til å svare på desse spørsmåla.

  1. Namn på verksemda
  2. Kontaktperson for verksemda
  3. Har verksemda dykkar vanskar med å rekruttere rett kompetanse/yrkesgrupper?
  4. Dersom ja, kva kompetanse/yrkesgrupper er vanskeleg å rekruttere?
  5. Har verksemda dykkar moglegheit til å gje praksisplass/læreplass til elevar etter Gloppenmodellen?
  6. Om du har andre innspel som kan vere relevant i forhold til denne kartlegginga kan du skrive det her

Vestland fylkeskommune ved rettleiingstenesta gjennomfører lokalt opptak til Gloppenmodellen. Opptakskriterium er personleg motivasjon, interesser og haldningar. Ein brukar mykje ressursar for å sikre at kandidatane er godt kjent med og motiverte for utdanninga. Mellom metodane som vert brukt er karriererettleiing, utprøvingspraksis, intervju og besøk i bedrift.

 – Annakvar båt vi lagar er pilotprosjekt. Difor treng vi fagarbedarar som kan faget sitt og har god materialkunnskap, som kan vere med å drive utviklinga framover. (…) Vi synes det er utruleg verdifullt med gloppenmodellen, fordi det er ikkje fast tilsetting åleine som er målet, men også at ein har fagutdanning.

Synne Marie Oppheim, Leiar personal og bærekraft i Brødrene Aa

Gjennom avtalar med lærebedriftene er deltakarane sikra lærlingplass frå start. For framandspråklege elevar er dette spesielt viktig, fordi gruppa elles kan ha vanskar med å få lærlingplass. Samstundes får bedriftene moglegheit til å tilpasse utdanninga og sikre at lærlingen sin kompetanse passer til behova i bedrifta. Tilbakemeldinga frå arbeidsgjevarane er at Gloppenmodellen bidreg med motiverte og lojale arbeidstakarar som dekker viktige kompetansebehov.

Det  kontinuerlege arbeidet for å tilpasse utdanningstilbodet til elevgrunnlaget og behova i arbeidsmarknaden er ein suksessfaktor ved Gloppenmodellen. Ein sikrar at kompetansen til deltakarane er etterspurt lokalt, og aukar moglegheita for at deltakrane kan gå rett ut i jobb etter utdanning.

5 personar rundt eit bord. Foto.

Ein modell for inkludering gjennom tilknyting til arbeidslivet

Gloppen kommune har lenge vore ein relativt stor mottakskommune for flyktningar. Kommunen erfarte at mange av flyktningane gjerne ville arbeide. Samstundes var arbeidsløysa i denne innbyggargruppa likevel aukande. Kommunen erkjente at det tradisjonelle introduksjonsprogrammet bidrog lite til å få vaksne innvandrarar ut i jobb. Og resultatet var at mange innvandrarar flytta frå kommunen.

Samstundes hadde det lokale næringslivet utfordringar med å rekruttere nok arbeidstakarar med riktig fagutdanning. NAV hadde god kjennskap til flyktningane i kommunen, og så at mange av desse hadde moivasjon som passa med behova i arbeidslivet. Løysinga var å finne ein modell som gjorde det mogleg for desse personane å kvalifisere til jobbane i næringslivet lokalt. Som resultat av Gloppenmodellen er innvandrarar i Gloppen ikkje berre inkludert, men dei er i dag viktige ressursar for lokalsamfunnet.

Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, meiner at Gloppenmodellen har bidrege til ei meir heilskapleg tilnærming til inkluderingsarbeidet i kommunen. No er ikkje inkludering eit ansvar som ligg til flyktningkonsulenten åleine, men noko heile organisasjonen jobbar heilskapleg med. Han meiner det er viktig at innvandrarane får delta på arenaer saman med andre innbyggarar, og bli kjent som likeverdige. Arbeidslivet er den viktgaste slike arenaen for dei fleste, og deltaking i arbeidslivet er difor sentralt for å bli godt inkludert.

– Dottera mi, når ho er på skulen er ho veldig stolt av at eg jobbar som helsefagarbeidar. Dette har vært viktig for vår integrering, at ho kan være stolt og føle at mora er ein heilt vanleg person.

Hayat Bashari, lærling helsefag

Ein samarbeidsmodell for samfunnsutvikling

I Gloppenmodellen har ein funne gode løysingar på sentrale samfunnsutfordringar, knytt til rekruttering, kompetanseheving og inkludering. Modellen rører ved ansvarsområda til aktørar på ulike forvaltningsnivå, og lovverk som vert forvalta av kommune, fylkeskommune og NAV.

I følgje Ann-Iren Festervoll legg ikkje NAV-systemet og utdanningssystemet automatisk godt til rette for løysingane i Gloppenmodellen. Det å koordinere aktørane og lovverka har difor vore ei sentral utfordring i arbeidet. Det gode samarbeidet mellom NAV, kommunen, fylkeskommunen, dei vidaregåande skulane og arbeidsgjevarane, er difor avgjerande for dei gode resultata. Samarbeidet er stadfesta gjennom avtaler som skildrar målsetting, fordeling av ansvar og økonomiske forpliktingar.

 – Det gode samarbeidet mellom aktørane er heilt avgjerande for å få dei gode effektane som vi har i Gloppenmodellen. Om ein jobbar kvar på sin kant, og forsøker å få ut gode resultat berre for seg sjølv, så ramler modellen saman.

Ann Iren Festervoll, prosjektleiar for Gloppenmodellen i NAV Gloppen

I Gloppenmodellen har ein oppretta ei arbeidsgruppe som består av representantar frå flyktningtenesta, NAV, vidaregåande skule, og rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune. I arbeidsgruppa er alle dei viktigaste aktørane representert, og dei har ansvar for å halde god dialog mellom samarbeidspartane og sørge for at partane er godt koordinerte og jobbar mot same målsetting. Dei siste åra har ein også hatt ein koordinator som har tatt ekstra ansvar for å utvikle modellen. Det å ha ei koordinerande arbeidsgruppe og ein dedikert koordinator lokalt vert fremheva som eit viktig grep for å lukkast med samarbeidet.

Du kan lese meir om Gloppenmodellen på gloppenmodellen.no. Der finn du også ein rettleiar med utdjupande informasjon for deg som ønskjer å sette i gang liknande arbeid.

Suksesskriterier i Gloppenmodellen

Godt samarbeid mellom motiverte samarbeidspartar er avgjerandre for å lukkast – I Gloppen samarbeider kommunen, NAV, næringslivet og den vidaregåande skulen tett for å sørge for at dei ulike aktørane er koordinerte og jobbar i same retning. Partane er koordinerte gjennom ei arbeidsgruppe med representantar frå dei ulike aktørane. Samarbeidet er og stadfesta i avtalar som forpliktar partane økonomisk og med tanke på arbeidsoppgåver.

Utdanningstilbodet må vere godt tilpassa behova i arbeidsmarkedet og elevgrunnlaget – I Gloppen er det behovet for kompetanse i arbeidsmarknaden i kombinasjon med ynskje til potensielle deltakarar som avgjer kva utdanningar som vert sett i gang. Ein har difor lagt stor vekt på forarbeid i form av motivasjons- og behovsundersøkingar i næringslivet, og ein har nytta ulike metodar for å sikre at deltakarane er godt kjent med utdanninga, og har dei rette haldningar og ambisjonar for å fullføre.

Elevane er sikra moglegheit til å gjennomføre studieløpet. – gjennom avtalar med arbeidsgjevarane er deltakarane i Gloppenmodellen sikra lærlingplass i bedrift, og dermed sikra rett til å fullføre studieløpet. Erfaringa i Gloppen er at lærlinggarantien er spesielt viktig for deltakarane i Gloppenmodellen, og eit viktig suksesskriterium.

Stikkord:
Steder: