I dette webinaret får du høyre om Gloppen-modellen og suksessoppskrifta bak at rekordmange innvandrarar tek fagbrev og kjem i arbeid.
Meir enn 130 elevar har starta utdanning sidan Gloppen-modellen blei etablert i 2013. Det starta med flyktningar i introduksjonsprogram, men tilbodet er seinare utvida til arbeidsinnvandrarar og familiegjenforente. Fra og med dette skuleåret er fagutdanninga med kombinasjon av praksis og teori, og tilpassa opplæring gjennom hele utdanningsløpet også et tilbod til unge som ikkje kan følgje ordinært studieløp.
Til å byrje med var det kun helsefagutdanning, men tilbodet er no utvida til flere fagområder som tannhelsesekretær, byggfag, teknikk og industriell produksjon (TIP), og restaurant- og matfag. Idag tilbys Gloppen-modellen på alle vidaregåande skuler i Nordfjord-regionen. Erfaringa med Gloppen-modellen syner at samarbeid mellom kommunen/det lokale NAV-kontoret, fylkeskommunen og næringslivet gjer det mogleg å ta innovative grep for å kvalifisere motiverte innvandrarar til fagutdanning.
Du får møte desse
- Ann Iren Festervoll, prosjektleiar Gloppenmodellen
- Anders Skipenes, kommunedirektør i Gloppen
- Samra Ytbarek, helsefagarbeidar
- Hallgeir Hansen, rektor Firda vidaregåande skule
- Synne Oppheim, leiar Personal og Bærekraft Brødrene AA
Målgruppe og varighet
Målgruppe for webinaret er først og fremst ansatte i kommunar og fylkeskommunar som jobbar med utdanning og kompetanse, og lokal- og regional utvikling. Lokale, regionale og statlege myndigheiter, næringslivsaktører og andre med interesse for kvalifisering til det lokale og regionale arbeidsmarkedet kan og lære av Gloppen-modellen.
Webinaret varar i ca. 1 time, og det blir mogleg å stille spørsmål til innleiarane til slutt. Opptak og presentasjonar vil bli lagt ut i etterkant.
Kontaktperson i Gloppen
Ann Iren Festervoll
Prosjektleiar for Gloppen-modellen
[email protected]
+47 994 43 982