Fagområde: Omdømme

Ein omdømmebyggar frå Ål stasjon

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Folk har stoppa på Ål stasjon for å sjå etter negeren som kom til liv gjennom Arne Moslåtten sitt rike tekstunivers. I 17 år har countryrockarane i Hellbillies satt heimdistriktet sitt på kartet.

Det var ikkje ambisjonar om å erobre halve kongeriket, som fekk Hellbillies til å gå i studio med si debutplate ”Sylvspente Boots” i 1992. Den gongen var det lokale tekstar skreddarsydd for ein lokal marknad som var hovuddrivkrafta bak satsinga til bandet frå Ål. 17 år og ti album seinare har Hellbillies blitt sterke omdømmebyggjarar for både seg sjølve, Ål, Hallingdal og hallingdialekta gjennom musikken sin.

– Det er vanskeleg å seie kva vi har betydd for Ål sitt omdømme. Men i og med at vi brukar hallingdialekt og at vi har nemnt både Ål og Hallingdal ei rekke gonger i tekstane våre, har dette etter kvart blitt ein sterk del av identiteten vår som band, seier tekstforfattar og Hellbillies-veteran Arne Moslåtten.

Fleire artistar kjem etter

Kvart år gjer han og bandkollegaene rundt 70 konsertar over heile Noreg. Uansett kvar dei spelar i landet, så syng folk med på tekstane på brei hallingdialekt. At fleire nordmenn har blitt kjende med heimdistriktet til Hellbillies som ei følgje av bandet sin enorme suksess, er det liten tvil om.

– Tekstane har nok tent nysgjerrigheita blant fleire lyttarar, og nokre blir såpass nysgjerrige at dei tek rundturar i området for å sjå stadene som er skildra i tekstane. Det er opptil fleire som har stoppa på Ål stasjon og spurt kvar han negeren står hen, ler Moslåtten.

Døropnarar for andre

Hellbillies var pionerar då dei satsa på hallingdialekten. Dei siste åra har fleire ålingar komme etter. Nyleg lanserte Tolv Volt-vokalist Stein Torleif Bjella ei soloplate på halling, og søstrene Bøygard syng også på halling.

Og nettopp søstrene Bøygard er ikkje i tvil om at Hellbillies har hatt ein stor innverknad på Ål og Hallingdal sitt omdømme. Dei meiner også bandet har vore ei viktig inspirasjonskjelde.

– Hellbillies har sett Ål på kartet. Dei har gjort hallingar stolte av dialekten og kulturen sin. For oss har Hellbillies utan tvil vore døropnarar og førebilete på mange vis, ikkje minst innan tekst og dialektbruk, seier Tove Bøygard, og får støtte av prosjektleiaren for Omdømmeprosjektet i Ål kommune, Jon Ola Bergaplass.

– Songane og dialektbruken deira er identitetsbyggjande og det gir oss ein sterk profil. Det har utvilsamt betydd mykje for bygda vår og distriktet sitt omdømme. Men samstundes er det viktig at ikkje Ål og Hallingdal brukar Hellbillies som ei sovepute i omdømmearbeidet sitt. Vi kan ikkje tillate oss bli gratispassasjerar, for det er ikkje sjølvsagt at det skal dukke opp nye Hellbilles-band eller ein ny Håvard Bøkko som kan dra lasset for oss.

Reindyrkar sine gode sider

Trass i at Arne Moslåtten og Hellbillies har vore solide omdømmebyggjarar for seg sjølve og distriktet sitt i ei årrekkje, er tekstforfattaren usikker på om Hellbillies kan gi råd til kommunar og regionar som arbeider med omdømmeprosessar.

– Vi arbeider langt smalare enn kva ein kommune gjer. Vårt omdømme er sterkt knytt opp mot musikk og stilart. Men omdømmearbeid handlar i stor grad om å bygge opp og trekke fram sine sterke sider. På same måte som vi reindyrkar det vi er gode på i vår musikk, bør ein kommune reindyrke sine sterkaste sider i presentasjonen av seg sjølv. Noko anna ville vere rart, seier Moslåtten.

– Likare enn vi trur

Sjølv om Moslåtten meiner dei lokale innslaga i tekstane hans var endå tydlegare tidleg i bandet si karriere, er det framleis spor av Hallingdal på dei siste utgjevingane til bandet.

– Vi har oppdaga at Ål og Hallingdal har mykje til felles med andre små lokalsamfunn i Noreg. Det gjer at folk kan kjenne seg att i låtane våre, sjølv om settinga av og til er henta frå Ål og Hallingdal. Mange stader utanfor dei store bysentra er ganske like, og på mange område er vi nok likare enn det vi trur, seier Moslåtten, som heller ikkje er redd for å ta distriktspolitiske kampar gjennom tekstane sine.

Distriktspolitikk på radio

På den siste plata ”Spissrotgang” som kom i 2007, tek Moslåtten oppgjer mot både Telenor si manglande breibandssatsing i distrikta, og ikkje minst det han meiner er feilslått norsk vegpolitikk. Det skildrar han gjennom ei musikalsk ferd langs Riksveg 7 som går gjennom nærområdet hans.

«Detta her e riksveg sju, men det skulle no ingen tru», syng vokalist Aslag Haugen i «Seks tusen hål» og slår samstundes fast at norske vegar er så holete at dei eignar seg best for eit slag biljard. Tekstforfattaren trur eit betre vegnett, kunne vore med å gjere det meir attraktivt å bli verande eller å busetje seg i distrikta.

– Noreg er eit land som ikkje kan baserast på tog åleine. Uansett kva som skjer med klimaarbeidet, må du kunne ta deg fram på hjul i dette landet. Men dessverre har dei fleste lokalsamfunna våre vegar som det knapt er råd å køyre på. Det er ikkje heldig for korkje distrikta eller Noreg sitt omdømme, seier Moslåtten.

Fakta Hellbillies

  • Hellbillies er ei countryrockgruppe frå Ål i Hallingdal. Bandet ga ut si første plate, ”Sylvspente boots” i 1992.
  • Til saman har Hellbillies selt rundt 700 000 plater, og gjort over 1 000 konsertar.
  • Arne Mostlåtten er tekstforfattar, og spelar både trekkspel og fløyte i bandet.
  • Bandet har gitt ut 11 plater, og den siste av dei, ”Spissrotgang” kom ut i 2007.
  • Dei har skrive klassiske låtar som ”Ei krasafaren steinbu”, ”Neger på Ål Stasjon”, ”Hallo, Telenor” og ”Mørkemann”.

www.boygard.net

Steder: