Dyrøyseminarsenteret – motor for lokal utvikling

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Med Dyrøyseminarsenteret har Dyrøy kommune etablert ein sterk plattform for lokalsamfunnsutvikling. Og arbeidet ber frukter langt utover kommunegrensene.

Dyrøy har gjennom fleire år drive målretta lokalsamfunnsutvikling og kommunen har delteke i fleire nasjonale programsatsingar for småsamfunn. Kommunen blei i St.meld. nr. 25 (2004-2005) definert som ”plusskommune” og ein stad for å hente gode døme på lokalsamfunnsutvikling.

Senter for læring

Det har også vore noko av kimen til etableringa av Dyrøyseminarsenteret, som er eit senter for læring og utvikling av småsamfunn, lokalt og i regionen. ”Senteret skal vere ei lokal drivkraft i kommunen, men tek også mål av seg å vere eit læringssenter og modellbyggar regionalt, gjerne også nasjonalt”, seier Ragnvald Storvoll, pådrivar og sentral ressurs i arbeidet. Han nemner IKT-satsinga med Breidband Troms som døme på Dyrøyseminarsenteret si rolle.

Her er senteret del av ein partnarskap som arbeider med breibandsatsing som verktøy for småsamfunnsutvikling og næringsutvikling i regionen.”Den konkrete jobbinga gjer vi her lokalt og i regionen, men utfordringane våre er jo dei same som for andre småsamfunn. Det er klart vi bør ha som mål å kunne bidra med ei tenking og nokre mogelege modellar, som andre kan dra nytte av”, seier Storvoll.

Kommunen som eigar

Senteret er etablert som eit kommunalt føretak og er ein del av ”Utviklingshuset” i Dyrøy kommune, saman med Senja Næringshage, Arvid Hanssen Dokumentasjonssenter, og biblioteket. I dag har senteret om lag 3 årsverk og hentar finansieringa si frå kommunale midlar, tilskot frå Småsamfunnssatsinga til KRD og frå Troms fylkeskommune. I tillegg kjem ekstern finansiering av enkeltprosjekt og noko inntekt frå senteret si eiga eksterne verksemd.

Forankra i kommune og fylkeskommune

I styringsgruppa for senteret sit formannsskapsmedlemmene og ein representant for fylkeskommunen og senteret si verksemd er forankra i den strategiske utviklingsplanen for Dyrøy og gjennom prosjektavtale med fylkeskommunen. ”Rolla som lokalt og regionalt læringssenter forpliktar og det er klart at forankringa til kommunen og fylkeskommunen må vere god”, seier Storvoll, som samstundes er oppteken av at senteret må ha eit sjølvstendig handlingsrom. ”Vi må vere i takt med lokalsamfunna – heilskapleg utvikling og mobilisering er verdigrunnlaget for heile senteret” seier han.

Ingen fårikålfestival utan lokal mobilisering

Heilskapleg utvikling med brei mobilisering i botn er nettopp kjenneteiknet for Dyrøysamfunnet og Dyrøyseminarsenteret, meiner Storvoll. Aktivitetane som spring ut av læringssenteret har brei forankring i lokalsamfunnet.

Senteret er pådrivar, men sjølve gjennomføringa er i stor grad basert på frivilligheit og godt samarbeid med næringslivet. ”Mobiliseringa og forankringa er avgjerande for t.d både Dyrøyseminaret og Fårikålfestivalen”, seier den engasjerte prosjektleiaren, som også blir brukt som inspirasjonskjelde og motivator når andre kommunar skal i gong med utviklingsarbeid.

Regionalt samarbeid

Regionalt samarbeid er eit anna viktig stikkord for framveksten av utviklingsmiljøet i Dyrøy. ”Vi står ikkje åleine”,seier Storvoll og fortel om koplingar både mot nabokommunar, Senja næringshage, fylkeskommune, Breiband Troms og høgskule- og universitetsmiljø i regionen.

Breiband Troms-samarbeidet er nemnt. I tillegg samarbeider senteret også med høgskule- og universitetsmiljøa for å sjå på mulegheiter for Dyrøy-ungdom til å ha både Tromsø og Dyrøy som framtidig studiestad. ”Vi må ta i bruk dei mulegheitene som teknologien gjev oss, ikkje berre snakke om det”,seier Storvoll, som trur det står mykje ikt-utstyr rundt i distrikta som ikkje blir nytta godt nok.

Dyrøy deler og lærer gjerne

Dyrøy kommune blir ofte trekt fram som eit fyrtårn for målretta arbed med lokalsamfunnsutvikling, i brei partnarskap med lokalsamfunn og næringsliv. I følgje Storvoll har det gitt senteret legitimitet og vore viktig for utviklinga. ”Men vi kan ikkje kun sjå tilbake på det som er gjort”, seier Storvoll, og ser på vidare læring som avgjerande for Dyrøy.

”Vi deler gjerne våre erfaringar og lærer veldig gjerne frå andre”, seier ein engasjert prosjektleiar, som gjennom Dyrøyseminarsenteret er med å bygge ein viktig entreprenørskapskultur for kommunen og regionen.