Fagområde: Omdømme Stedsutvikling

Byløft skal styrke Tvedestrand sitt omdømme

Tvedestrand har integrert omdømmearbeid i kommunen sitt stadutviklingsprosjekt «Byløft 2014».

Unik tettstad

Tvedestrand kommune er ein liten kystby i Aust-Agder med 6000 innbyggjarar. Historisk var Tvedestrand ei utskipingshamn for jern, noko som har hatt mykje å seie for utvikling av Tvedestrand sentrum. Tettheiten til den lille byen, der kvite trehus i 1800-tals sørlandsarkitektur klorer seg fast i bratte skråningar, gir byen ein heilt unik atmosfære. Det er eigen verneplan for sentrum, og mange historiske bygningar er godt bevart. Hamna i Tvedestrand med gjestehamn og promenade langs heile bukta, er ein svært populær møteplass på sommaren.

Byløft 2014

Tvedestrand deltok på Omdømmeskulen i 2010, og har etter det sett fokus på stadutvikling. Mykje av byen er velstelt og i god forfatning, men det er òg område og bygg som er prega av manglande vedlikehald og forfall. «Byløft 2014» er eit stadutviklingsprosjekt som set fokus på nedre bydel og hamneområdet og at det med sin særeigenheit skal framstå som innbydane og velstelt, og vere betre tilrettelagt for aktivitetar året rundt. Området skal utviklast gjennom deltakande prosessar og aktivitetar, og styrkast som byrom, fellesarena og møteplass.

Tvedestrand hamn (Foto: Distriktssenteret)

Tvedestrand hamn (Foto: Distriktssenteret)

Forankring tek tid

Forankring tek tid, og er ein viktig føresetnad når ein jobbar med omdømme.

– Ein kan ikkje selja staden ut mot omverda, utan at dette bildet stemmer overeins med innbyggjarane sitt bilde av staden, seier ordførar Jan Dukene i Tvedestrand kommune.

– Dette krev prosessar der ein involverer næringsliv, lag og organisasjonar, og blir einig om framtidig utvikling. Det kan sprike i kva retning ein vil gå, men prosessen er uansett veldig viktig og nødvendig. Vi opplever at gjennom Byløft 2014 i Tvedestrand er det lett å skape lokalt engasjement omkring framtidig utvikling, seier Dukene.

Følgeevaluering av Omdømmeskulen

Etter Omdømmeskulen i 2010, var Tvedestrand ein av 11 kommunar som blei plukka ut av Distriktssenteret til å delta i ein følgeevaluering av Omdømmeskulen 2010. For Tvedestrand kommune gav dette dei ein omdømmekartlegging som var nyttig i utviklingsarbeid deira. Tvedestrand har erfart mange av dei funna evalueringsrapporten om Omdømmeskulen peikar på.

Ressurser og kompetanse

Evalueringsrapporten peikar på at det er svært hensiktsmessig at prosjektleiar for lokale utviklingsprosjekt deltek på Omdømmeskulen. Dette var tilfelle i Tvedestrand. Anette Pedersen som no er prosjektleiar for Byløft 2014 deltok sjølv på Omdømmeskulen i 2010.

– Utan hennar kompetanse og kontinuitet, trur eg ikkje vi hadde klart å følgje opp og bruke kunnskapen frå Omdømmeskulen, seier ordføraren i Tvedestrand som også var deltakar på Omdømmeskulen.

Haldningsendring

Evalueringsrapporten viser til at kommunane som deltek får eit meir bevisst forhold til korleis ein kan bruke omdømme som eit strategisk verktøy for lokal utvikling.

– Dersom ein kommune er tydeleg på ønskja utvikling i sine kommunale planar og klarer å gjennomføre utviklingsprosjekt i den retning, så vert omdømme eit resultat av det arbeidet ein gjere, seier Birte Fossheim som er ansvarleg for Omdømmeskulen i Distriktssenteret.

– Vi merkar at det er i ferd med å skje ei haldningsendring her i Tvedestrand, seier Anette Pedersen. Samspele med næringsliv, handelsforeining, lag og organisasjonar bidrar til å skape engasjement for utvikling av staden. I dette samarbeidet er vi også blitt flinkare å fordele ansvar for ulike oppgåver som skal løysast. Vi køyrer t.d kurs for dei som eig bygningar i sentrum for å gje dei kunnskap om vedlikehald av bygg og design i butikk/utstillingsvindauge. Kommunen er vertsskap og hentar inn kompetanse, men jobben må gårdeigarane gjere sjølv.

Omdømme integrert i det ordinære utviklingsarbeidet

Tvedestrand har jobba med omdømme gjennom sitt arbeid med stadutvikling. Dette er heilt i tråd med slik Distriktssenteret anbefaler lokalsamfunn å jobbe med omdømme.

– Samspel mellom kommune, næringsliv og det frivillge omkring lokal utvikling skapar engasjement og gir felles retning for utviklingsarbeidet, seier Anne Irene Myhr i Distriktssenteret.

Gjennom Byløft 2014 har Tvedestrand lagt vekt på to paralelle løp. Eit kortsiktig – med aktiviteter som viser at «noko skjer» og som er med på å halde engasjemnet for utvikling oppe. I tillegg jobbar dei meir langsiktig med visjonar for vidare vegval, bevisstgjering og motivering av bebuarar og gårdeigarar.

Distriktssenteret synest Tvedestrand gjer ein interessant kopling mellom stadutvikling og omdømme. Fysisk opprusting av staden er noko som lett engasjerer mange i lokalsamfunnet, og bidrar til å skape identitet og tilhøyrigheit og gjere innbyggjarane stolt av staden dei bur på. Og stolte innbyggjarar er dei beste ambassadørane ein kommune kan ha i ut mot omverda.

Stikkord: