Vi i Distriktssenteret jobbar alltid for at kunnskapen og rettleiinga vil tilbyr kommunen skal treffe så godt som mogleg, og vere enkel for kommunen å ta imot og ta i bruk. Vi samarbeider til dømes tett med fleire av fylkeskommunane om konkrete problemstillingar innan stadutvikling, samfunnsplanlegging, næringsutvikling og bustadutvikling. Samtidig veit vi at Statsforvaltaren har informasjon som vil gjere det lettare å skaffe seg det heilskaplege biletet som trengst for å kunne rettleie kommunane godt.
Med andre ord er vi ein av fleire aktørar i det offentlege som tilbyr rettleiing til kommunane. Vi er naturlegvis opptekne av at denne rettleiinga skal vere godt koordinert og heilskapleg innretta.
Praksis for oppfølging av og dialog med distriktskommunar kan variere i dei ulike delane av forvaltinga sitt virkemiddelapparat, men det burde ikkje vere naudsynt for kommunen å finne ut av og handtere denne variasjonen.
Difor nytta vi høvet, då vi traff alle statsforvaltarane på Kommunal- og distriktsdepartementet sitt fagmøte i februar, til å invitere til møter og dialog mellom Distriktssenteret, Statsforvaltaren og fylkeskommunen.
- Korleis kan vi samarbeide meir?
- Har vi ei felles forståing av kvar samfunnsoppdraga våre overlappar kvarandre?
- Kjenner vi kvarandre sin praksis for kontakt med og oppfølging av distriktskommunar?
Dette var spørsmål vi jobba godt med då vi hadde det første av desse møta i Tromsø tidleg i mai. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark og Troms og Finnmark fylkeskommune var først ute, og tilsvarande møte med Møre og Romsdal og Innlandet er planlagt over sommaren.
Resultatet av denne dialogen er forhåpentlegvis at samkøyringa og koordineringa av rettleiingsinnsatsen som blir retta mot kommunane skjer allereie før kommunen kjem inn bildet. Slik kan vi bidra til at kommunen får frigjort mest mogleg tid og krefter til å utvikle lokalsamfunn som er attraktive for både fastbuande, besøkande og dei som vil drive næring.