Fagområde: Næringsutvikling

Skap fleire duettar i utviklingsarbeidet!

Skal utviklinga av gode reisemål og attraktive lokalsamfunn vere prega av samarbeid eller krangel? Duett eller duell?

Marknadsføringa av Noreg som reisemål ber i stor grad preg av at det er naturen som er det viktigaste salsproduktet. Men naturkvalitetane er berre råvarer dersom ingen foredlar det til eit reiselivsprodukt. Bortimot alt reiseliv føregår på ein stad der det bur folk, og det er folk som skapar reisemål – saman.

Mindre synsing, meir kunnskap

Fagfeltet der utvikling av gode reisemål og attraktive lokalsamfunn overlappar kvarandre er spennande. Distriktssenteret meiner det er viktig med mindre synsing og meir kunnskap om dette «fellesrommet». Vi ynskjer mellom anna svar på følgjande:

  • Korleis får ein eit endå betre reisemål og eit lokalsamfunn der folk ynskjer å bu og drive næring?
  • Korleis får ein samarbeidet mellom reiseliv og lokalsamfunn til å fungere endå betre?
  • Korleis gir betre reisemål og samarbeid auka verdiskaping lokalt?

Mange lokale aktørar oppfattar seg ikkje som reiselivsaktørarar. Sjølv om mange hentar mykje av sine inntekter frå tilreisande, ser dei på seg sjølve som tilbydarar for lokalbefolkninga. Ikkje minst gjeld dette handelsnæringa med forskjellige slags butikkar, bensinstasjonar etc. Samstundes er byggebransjen blitt ein viktig leverandør til reiselivsnæringa – eller det mange vil kalla besøksnæringa. Dette gjeld særleg i kommunar der hyttesatsinga er stor.

Mange stader hentar også aktørane i landbruket mykje av sine inntekter frå reiselivsnæringa. Vi har på berre nokre tiår fått store strukturendringar, spesielt i mange innlandskommunar, der «kalde senger/privathytter» har overtatt for «varme/kommersielle senger». Dette inneber at dei kommersielle aktørane i reiselivsnæringa har hatt og har store utfordringar.

Bilde av hotell og cruiseskip i Eidfjord.

Hotell og skip i Eidfjord. Foto: Oddrun Midtbø.

Tillitsfulle nettverk skapar suksess

Distriktssenteret meiner det må skapast større medvit om fellesrommet som oppstår mellom gode reisemål og attraktive lokalsamfunn. Det handlar ikkje berre om å organisere seg på nye måtar. Det handlar om å samhandla om nye verdiar. Tillit er ein slik verdi. Dette er noko som også kom sterkt fram i rapporten vår frå 2012 om suksessrike distriktskommunar. Folk med ulike interesser og kompetanse skapar suksess når dei samarbeider i tillitsfulle nettverk – prega av samarbeid og ikkje konflikt.

Skreddarsy ny kompetanse for framtida

Distriktssenteret byggjer og deler kunnskap til beste for norske kommunar og lokalsamfunn. Gjennom rapporten «Duett eller duell? Reiseliv og lokalssamfunnsutvikling» (2013) som Telemarksforsking i samarbeid med Mimir AS har utarbeida for oss, får også den tradisjonelle reiselivsnæringa, eldsjeler og andre i lokalsamfunnet ta del i denne kunnskapen. Distriktssenteret er avhengig av god kontakt med fylkeskommunane og det regionale partnarskapet i kvart fylke for å få til denne kunnskapsdelinga.

I 2011 fekk Distriktssenteret utarbeidd ein rapport om kommunane sine roller i reisemålsutvikling. Den gongen var det fleire som tok til orde for at det burde leggast til rette for ei etterutdanning med vekt på kommunane sin viktige rolle i å utvikla betre reisemål. Innovasjon Norge, som i fleire år har gjennomført kurs i reisemålsmålsutvikling, har delteke i diskusjonen.

Rapporten «Duett eller duell?» har styrka vår tru på at det bør leggast til rette for skreddarsydde tilbod om kunnskap på området. I utviklinga av det nye fagfeltet mellom gode reisemål og lokalsamfunn, blir det stilt omfattande krav til rollene som kommunane har: produkteigar, rammesetjar og planmyndighet, utviklingspartnar og vertskap for eit godt reisemål.

Kommunen har eit ansvar for å kjenne til og planlegge ut i frå kva som er den enkelte staden sitt unike konkurransefortrinn. Dei må ha vilje til å ta vare på og vidareutvikle dette. Stadig fornying og eit konstant fokus på kvalitet er difor nødvendig. Det krev kunnskap og omstillingsevne djupt inn i kommunen som organisasjon og hjå samarbeidande partnarar.

Det er eit sterkt ynskje i den siste nasjonale reiselivsmeldinga, Destinasjon Norge (2012), og i den nye regjeringsplattforma om å få ned talet på destinasjonsselskap. Fleire stader har dette allereie skjedd. Mange stader må reiselivssjefane med sin stab ha kontakt med opp mot 10 kommunar eller fleire. Distriktssenteret meiner at styrka kompetanse i fellesrommet mellom gode reisemål og attraktive lokalsamfunn vil bli endå viktigare når destinasjonsselskapa blir større.

Spørsmålet er korleis dette kan bli løfta fram som eit viktig kompetansetiltak for kommunar som prioriterer reiselivsnæringa i kommuneplanane, utviklingsarbeidet og ikkje minst i omdømmearbeidet. Distriktssenteret meiner det vil vera aktuelt å tilby ei opplæring for både lokale og regionale politikarar, gjerne i samarbeid med administrasjonane i kommunane. Dette vil gi betre forståing av forholdet mellom reiseliv og lokal samfunnsutvikling. Kunnskapen er allereie kopla til Omdømmeskulen som vi har ansvaret for.

Vi er med det attende til hovudfunnet i rapporten «Duett eller duell?». Det er folk som skapar gode reisemål – saman. Det handlar om stad, folk, kunnskap og nettverk.

Grip sjansen

Distriktssenteret håpar funna i den siste rapporten kan bli gode verktøy for folk både i kommunane og i næringslivet. Ein rådmann som var med i studien, sa det slik;

«Dette meiner eg at eg visste frå før, men no torer eg å bruke forståinga i den vidare samfunnsplanlegginga i kommunen».

Utfordringa er hermed gitt: Grip sjansen, styrk kompetansen og skap tillitsfulle nettverk til beste for gode reisemål og attraktive lokalsamfunn.

Innlegget er óg trykt som kronikk i Trønder-Avisa 22.oktober 2013.