Byrom m fotgjengarar, køyretøy og bygningar. Illustrasjon.
Illustrasjon: Holscher + Kragh Berglund + Urban Creators.

Samarbeider om berekraftig stadutvikling

Distriktssenteret og BYLIVsenteret inngår samarbeidsavtale. Avtalen skal bidra til samordna innsats på stadutvikling, og gje auka nytte for kommunar, fylkeskommunar og statlege samarbeidspartar.

Distriktssenteret og BYLIVsenteret jobbar begge mot eit felles overordna mål om attraktive og berekraftige lokalsamfunn, og har allereie samarbeidd i fleire år. Distriktssenteret har bidrege til BYLIVkonferansen, og gitt innspel til handboka Aldersvennlig stedsutvikling. BYLIVsenteret har på si side bidrege med fagnotat til Distriktssenterets kunnskapsutvikling og delteke i fleire nettverkssamlingar.

Målet med samarbeidsavtalen

No er samarbeidet forankra i ein samarbeidsavtale. Avtalen skal styrke dialogen, bidra til eit samordna og målretta arbeid med å utvikle og dele kunnskap og gje råd om attraktiv og berekraftig stadutvikling.

Distriktssenteret og BYLIVsenteret utfyller kvarandre på fleire område. BYLIVsenteret har kompetanse på berekraftig stadutvikling med vekt på god arkitektur og planlegging av attraktive og fysisk velfungerande lokalsamfunn. Distriktssenteret har brei kunnskap om heilskapleg lokal samfunnsutvikling og utviklingsprosessar i distriktskommunar.

Konkrete aktivitetar i samarbeidet

Konkrete aktivitetar i samarbeidet vil mellom anna vere:

  • Gjensidig og løpande informasjonsdeling om aktivitetar og prosjekt.
  • Programutvikling og faglege bidrag til BYLIVkonferansane.
  • Deltaking i nettverk og koordinert dialog med fylkeskommunane.
  • Deling av gode eksempel og førebilete for berekraftig planlegging og utvikling av stader.
  • Samarbeid om webinar retta mot distriktskommunar.

BYLIVkonferansen som møteplass

I 2021 vil samarbeid om BYLIVkonferansen vere ei sentral oppgåve. BYLIVkonferansen er ein årleg møteplass for planleggarar, samfunnsutviklarar og andre som jobbar med berekraftig stadutvikling i kommunar, fylkeskommunar og ulike fagmiljø elles. Konferansen i 2020 blei arrangert i Narvik, i samarbeid med Narvik kommune, Nordland fylkeskommune, BYLIVsenteret og Distriktssenteret. Årets konferanse blir heildigital, og programarbeidet er enno i startfasen.

Kontaktpersonar

Lise Larstuvold, fagansvarlig BYLIVsenteret
[email protected]
+47 900 40 652

Trude Risnes, seniorrådgjevar Distriktssenteret
[email protected]
+47 481 68 287