Fagområde: Næringsutvikling

Naturarv på første klasse

Naturarven i Norge står høgt i kurs i befolkninga. Men korleis tek vi den i bruk? Er vi bevisste nok til å utvikla og bruka den på ein god måte?

I kajakken er alle like. Her frå kajakkpadling på Sognefjorden. Foto: Roar Werner Vangsnes - Distriktssenteret.

I kajakken er alle like. Her frå kajakkpadling på Sognefjorden. Foto: Roar Werner Vangsnes – Distriktssenteret.

Verdas nest rikaste mann, Bill Gates, valde Norge og kajakktur på Geirangerfjorden med fottur til fjellgarden Skageflå sist sommar. Det kjende reisemålet er eit flott kulturminne som er lettare tilgjengeleg fordi det er mogeleg å leige kajakk og stien opp til fjellgarden er gjort tilgjengeleg for besøkande. Gates ville oppleve det som Norge er blitt flinkare og flinkare på – tilrettelegging for naturopplevingar, og som kajakkutleigaren sa: «Bill Gates ville vera ein av oss. I kajakken er alle like».

Verdiskapingsprogram med suksess

Natur- og kulturkvalitetar er viktig, men det handlar om folk som bur i lokalsamfunna – folk som vil skapa noko av desse kvalitetane. Folk som er både stolte og interessert av det dei har, og det dei vil syne fram.

Ein fersk rapport om reiseliv og lokalsamfunnsutvikling utført av Telemarksforsking på oppdrag frå oss i Kompetansenter for Distriktsutvikling, styrkar denne påstanden. Det handlar mellom anna om å skape forståing hjå folk i lokalsamfunna som i utgangspunktet har ulike meiningar, og difor i fleire samanhengar blir sett på som motstandarar. Innovasjonskrafta oppstår mellom anna når ein klarer å etablere tillitsfulle netteverk mellom desse.

Programmet Naturarven som verdiskapar har pågått i 5 år med 15 ulike prosjekt frå Vest-Agder i sør til Finnmark i nord. Kommunal – og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet drog i gang programmet. Det nye miljødirektoratet har koordinert arbeidet, som bli avslutta ved nyttår.

Eit av prosjekta i Naturarven som verdiskapar, har vore Magiske opplevelser i Nord-Trøndelag. I si oppsummering viser dei til at det er samhandlinga som er avgjerande for suksessen. Eit partnarskap i tverrfagleg samhandling – med forankring politisk og administrativt – skapar ein god utviklingsarena. Det er stilt krav til resultat og ei langsiktig tenking i arbeidet har vore avgjerande.

Våga å satsa

Naturopplevingar har eit stort potensiale i Norge. Men kva er det som gjer at det framleis er for få som vågar å satsa på å gjere butikk av dette? Det å gi rom for langsiktig tenking, der både gründerar og lokalsamfunn får moglegheit å legga til rette for verdiskaping, er ein av nøkkelfaktorane. Då er pengar viktig, men endå viktigare er kunnskap og forståing.

I Sogn og Fjordane finn vi eit døme på at ein vågar å satsa. Ideen til eit sjøfuglsenter på øya Værlandet med 300 innbyggarar kom opp for 10 år sidan. I dag har senteret med kombinasjon av cafe og kro, drive av ein gründer, utvikla seg til å bli eit viktig formidlingssenter for sjøfugl og andre naturkvalitetar på kysten av Vestlandet. Lokalsamfunna, kommunen og heile regionen haustar no frukter av eit naturarv-arbeid over mange år. Sjøfuglsenteret er indirekte drive opp og fram av Naturarven som verdiskapar.

Erfaringane viser at langsiktige og stabile rammer er ein suksessfaktor. Skal jobben med å bygga opp vellukka naturopplevingsbedrifter og styrka lokalsamfunn og regionar tufta på naturkvalitetar, må arbeidet strekke seg over fleire stortingsperiodar. Fleire departement må spela på lag på den nasjonale scena, på same tid som ressursane blir godt koordinert lokalt og regionalt. På den måten kan Bill Gates og mange andre i framtida få endå fleire opplevingar med naturarv på første klasse.