Magiske og verdifulle opplevelser i Nord-Trøndelag

Opplev rovdyr i Indre Namdal, sørsamisk kultur og reiseliv i Røyrvik og Snåsa, eller bli fugleturist ved Trondheimsfjorden.

Stimulere til opplevingsturisme

Hovudmålet er å leggje til rette for og stimulere til opplevingsturisme i Nord-Trøndelag. Natur og kultur skal bli sett på og brukt som verdifulle ressursar i lokalsamfunnet. Prosjektet er delt opp i tre satsingsområde; rovdyropplevingar, sørsamisk kultur og fuglekiking.

Skal bli best på rovdyr

Indre Namdal er ein av få stader i Norge der alle dei fire store rovdyra; bjørn, gaupe, jerv og streifdyr av ulv, går fritt i naturen. Regionen skal bli best i landet på å tilretteleggje for rovdyropplevingar, og formidle kunnskap om rovdyr. Prosjektet skal gjere utfordringane med å ha rovdyr i nærområdet til ei opplevingsnæring. Til noko positivt som kan gi økonomisk vekst og betre livsvilkår for menneske – utan at det øydelegg naturressursane og miljøet.

Gir samekulturen ein arena

Målet med dette delprosjektet er å utvikle ein arena for formidling av sørsamisk kultur og tradisjon, gjennom ”Destinasjon Dærga” i Røyrvik, og samiske kulturopplevingar og handverk gjennom ”Rein og Godt”.

Bastion for fuglekikarar

Trondheimsfjorden har eit stort mangfald av fugleartar innafor eit lite geografisk område. Mange av dei er internasjonalt attraktive. Med utgangspunkt i miljøet i Verdal skal ein skape den første ”bastionen” for fuglekiking, i landet. Aktørar, mellom anna på Ørland og i Flatanger, vil bli trekt inn i prosjektet.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Prosjektet byggjer på erfaringar og resultat frå ”Verneområde som grunnlag for auka lokal verdiskaping”, eit prosjekt som vart avslutta i 2009.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.