Fagområde: Kommunereformen
Bymiljø
Kommunereformdebatten må handle om andre ting enn kommunestorleik, skriv Halvor Holmli. (Foto: ScanStockPhoto)
Foto: Scanstockphoto.com

Kommunereform – ikkje berre storleik

I dag overleverte ekspertutvalet sin delrapport Kriterier for god kommunestruktur, og det er lett å feste seg ved tilrådinga om at kommunar for å løyse dagens oppgåver godt bør ha 15 000-20 000 innbyggjarar. Folketalsdiskusjonen kjem lett i vegen for det som er vesentleg: At kommunane framleis skal sikre god samfunnsutvikling og lokaldemokrati.

Halvor Holmli, direktør Distriktssenteret 2008 – 2020

Ekspertutvalet sin delrapport er på mange måtar det første steget på vegen mot å finne ut kva kommunereformen eigentleg skal innehalde. Media og debattantar tek tak i tilrådinga om at ein kommune bør ha minst 15 000-20 000 innbyggjarar. I det blindsporet kan debatten fort låse seg fast.

Leverer vi godt nok?

Slik Kompetansesenter for distriktsutvikling ser det, er det ikkje storleiken som er det poenget vi skal henge oss opp i. Det viktige er at kommunane løyser oppgåvene sine på gode måtar. Dei skal levere gode tenester, vere gode på samfunnsutvikling, dei skal vere myndigheitsutøvar og demokratisk arena. Innimellom må alle kommunar sjekke at dei har full oversikt og gå gjennom korleis dei leverer på dei ulike oppgåvene sine. Er tenestene våre gode nok? Har vi god nok oversikt over aktiviteten og samarbeida våre? Har vi kompetansen vi treng? Gir vi innbyggjarane rom til å delta? Klarar vi å ta vare på og utvikle livskraftige lokalsamfunn?

Dette er spørsmål som alltid er like relevante for kommunane. Kommunereformen og debattane som no vert løfta fram gir kommunane ein god sjanse til å ta seg tid til å svare på desse spørsmåla. I kommunereformen generelt og kommunesamanslåingsprosessane spesielt blir det viktig å bruke mest tid på å sjå på dette. Både undervegs og etter ei kommunereform må kommunane ta vare på og utvikle livskraftige lokalsamfunn.

Samfunnsutvikling er lagarbeid

Basistenestene må leverast der folk bur, uavhengig av folketalsmessig eller geografisk storleik. Heller ikkje lokalsamfunnsutviklinga skjer på rådhuset. Prosessane som går inn i kommunereforma må ta med seg suksessfaktorane for utvikling av livskraftige lokalsamfunn. Det er lokalt næringsliv, frivillige organisasjonar, gründerar og eldsjeler i samspel med kommunen som skapar livskraftige lokalsamfunn.

Uansett kommunestorleik må ein ha enkeltpersonar med forandringskraft for å få til utvikling. Uansett prosessansvar må ein ha god samhandling mellom personar på tvers av sektorar for å ta lokalsamfunnet vidare. Uansett om ein jobbar med kommunesamanslåing eller med å få på ein ballbinge i ei lita grend må ein ha kultur for å heie fram idear og initiativ. Uansett kva ein vil ha gjort, må ein gjere den praktiske vegen mellom idear og avgjerder kort – same kor lang den geografiske avstanden er.

Moglege blindspor

Prosessane som går inn i kommunereforma må også ta med seg utfordringane knytt til tillit, kjensler og identitet. På same måte som med ein folketalsdebatt er det lett for å låse prosessen i eit blindspor, om desse vert førande i debatten i staden for at ein brukar kreftene på kontinuerleg og god lokal samfunnsutvikling. I staden må ein gje desse utfordringane nok rom samtidig som ein ser på gode løysingar for å løyse utviklingsoppgåvene og tenesteoppgåvene. Om løysinga skal vere kommunesamanslåing, er det kommunane si oppgåve å finne ut.

Kompetansesenter for distriktsutvikling skal halde fram med å bidra med kunnskap som kommunane har nytte av. Det vil framleis handle om å hjelpe til med å finne gode verkty for å sikre eit godt lokalt samfunnsutviklingarbeid. Det vil også handle om å hjelpe til med å dele lærdommen frå tidlegare kommunesamanslåingsprosessar, både der det vart samanslåing og der det ikkje vart det.

Norge er Norge. Vi har ei lang kystlinje, fjordar, fjell og lange avstandar. Og det bur folk stort sett over alt. Det er heilt klart at det og gir utfordringar når det offentlege skal løyse sine oppgåver. Ekspertutvalet har teke med seg det perspektivet, og slår fast at det er område der folketalstilrådinga deira ikkje passar inn. Det er Kompetansesenter for distriktsutvikling glade for.

Kommunane går ei spennande tid i møte. Det kjem ei kommunereform, og det kan gje kommunane nyttig drahjelp når dei skal løfte blikket og se på seg sjølv. I alle prosessar som er knytt til kommunereforma, er det viktig å gjere ei lokal vurdering av korleis ein kan løyse oppgåvene kommunen har for å sikre både eit godt lokaldemokrati og god samfunnsutvikling.