Tettsted sett fra luften. Foto.
Foto: Adobe Stock

Inviterer distriktskommunar til nytt innovasjonsprogram

Kan nye samarbeidsmodellar og innovasjonsdesign styrke distriktskommunars arbeid med smart og bærekraftig stad- og næringsutvikling? Det skal innovasjonsprogrammet Gnist finne ut meir om.

Stiftinga DOGA, Design og arkitektur Norge og organisasjonen Nordic Edge er initiativtakarar til det nye innovasjonsprogrammet, som rettar seg særleg mot distriktskommunar. Distriktssenteret bidreg fagleg, saman med Siva, Leverandørutviklingsprogrammet, verksemda Loft4 og KS.

For kommunane vil fylkeskommunen vere ei særleg viktig støtte, både i programprosess og for å lukkast med konkret gjennomføring.

Gnist startar opp i oktober 2020 og går ut 2021. Kommunar kan søke om å delta. 3 kommunar med dei mest interessante og innovasjonsvennlege utfordringane blir valde ut. (Vinnarar er no plukka ut. Red. anm 28.01.2021)

Føremålet med Gnist

Programmet kombinerer 3 verktøy: Samskaping, designmetodikk og ny teknologi. Dette skal bidra til:

  • Auka kompetanse på stad- og næringsutvikling i distriktskommunar, med utgangspunkt i staders særlege fortrinn og behov.
  • Nye samarbeidskonstellasjonar for meir innovative, heilskaplege og langsiktige løysingar på konkrete utfordringar i lokalsamfunn.
  • Attraktive, berekraftige og tilpassingsdyktige lokalsamfunn å bu, arbeide og leve i.
  • Kunnskaps- og erfaringsutveksling på tvers av kommunar og regionar.
  • Skalering og eksport av innovative løysingar for smart og berekraftig stad- og næringsutvikling.

Kvifor særleg for distriktskommunar?

Alle kommunar som ønskjer å prøve ut nye arbeidsmåtar og samarbeidsmodellar kan delta. Samstundes vender Gnist seg særleg til distriktskommunar. Norske kommunar generelt har eit stort potensial for å legge til rette for innovative og berekraftige prosessar i lokalt utviklingsarbeid. Dette gjeld ikkje minst distriktskommunar, som i mindre grad brukar innovasjonsvirkemidlar. Vi veit også at den pro-aktive, entreprenørielle kommunen, som koplar stad- og næringsutvikling i strategiar og arbeidsmåtar, er den sentrale krafta for positiv lokal samfunnsutvikling i distriktskommunane.

Dette er bakgrunnen for å rette særleg merksemd mot distriktskommunane. Det er også til at Distriktssenterets deltek i programmet. Målet er å bidra med kunnskap om stad- og næringsutvikling i distriktskommunar, innbyggjarinvolvering og samskapande prosessar. Distriktssenteret skal løfte fram praksis og døme frå distriktskommunar, bygge og dele kunnskap kunnskap frå programmet.

Innhaldet i Gnist

Viktige byggesteinar i Gnist er erfaringane frå den tidlegare innovasjonskonkurransen med kommunane Utsira og Krødsherad, og Nasjonalt veikart for smarte og bærekraftige byer og lokalsamfunn. Dette er ein metode og eit rammeverk for stad- og næringsutvikling, og den skal ligge i botn for ulike fasar og steg i utviklingsarbeidet.

Programmet har 2 deler:

  • Kompetansebyggingsdelen (fase 1) er open og gratis for alle kommunar. Dette skjer gjennom fleire digitale arbeidsverkstader, der dei ulike samarbeidspartnarane bidreg.
  • Innovasjonsdelen (fase 2-5) er innretta som ein innovasjonskonkurranse, der tre kommunar med dei mest interessante og innovasjonsvennlege utfordringane blir valde ut. Gjennom ein strukturert prosess, leia av DOGA og Nordic Edge, vil lokale og nasjonale verksemder bli inviterte til å utvikle løysingar, i samarbeid med kommunen, fylkeskommunen og innbyggjarane.

Les meir om innhald og framdrift i dei ulike fasane hjå DOGA.

Tilbod, men også plikter

Programmet tilbyr kommunar og fylkeskommunar kunnskapspåfyll om konkrete innovasjonsverktøy i ein tilrettelagd prosess. For kommunane som blir valde ut gjev DOGA fagleg rådgjeving og eit tilskot på 150.000 kroner, til gjennomføring av innovasjonskonkurranse.

Det er ei forventning til kommunane at dei bidreg med eit tverrfagleg samansett team i arbeidet. Kommunane som blir valde ut til innovasjonsdelen av programmet, må også matche DOGA sitt økonomiske bidrag med tilsvarande beløp. Dette skal konkret gå til gjennomføring av innovasjonskonkurranse. Kommunane deltek samman med sine respektive fylkeskommunar i ein felles workshop med mål om å skaffe innsikt, spisse utfordringane samt  gje inspirasjon og fremje kunnskapsutveksling på tvers av kommunane.

Les meir om tilbod og plikter hjå Dogas informasjonsside om Gnist.

Stikkord: