Fagområde: Kommunereformen
Bilete av forfattaren framom Steinkjer rådhus.
Kva har kommunen å seie for kven eg er? (Foto: Dan-Erik Aggvin/Distriktssenteret)

Er det kommunen som fortel kven eg er?

Eg kjem frå Odda. Eg bur på Steinkjer. Det er den enkle historia. Eg er odding, harding, steinkjerbygg, ogndaling – alt etter korleis du spør. Så har eg budd i Høyanger, Brønnøysund og Stirling. Kan det ha noko med kommunereform og eventuelle kommunesamanslåingar å gjere?

Identitet kan vere så mykje. Det er det første som slår meg etter å ha vore med på å samle forskarar og byråkratar til workshop om identitet og kommunereform. Skal vi bry oss om tilhøyrigheit og identitet i kommunereformen? spurde vi i Kompetansesenter for distriktutvikling der.

Alle var einige om at svaret var ja. Men korleis vi skal tolke spørsmålet, det er det ikkje like lett å sjå. For kva er identitet? Kva er tilhøyrigheit? Vi kan til og med spørje: Kva er kommunen?

Når vi snakkar om kommunereform, er det kommunesamanslåing lokalt folk tenkjer på. At det kan vere fornuftig å ha større kommunar med sterkare fagmiljø er det lett å forstå for mange. Men det er lettast å forstå at det er fornuftig for alle andre. Når vi snakkar om min kommune, er det noko anna som slår inn. Dei rasjonelle argumenta som fortel om kompetanse, økonomi, effektivitet, arbeidsmiljø og alt anna vi kan telje opp kjem til kort. Det er der identiteten kjem inn. Det er lokalt det kjem inn ein ustyrleg faktor som er vanskeleg å setje fingeren på og som kan få meir å seie for folkemeininga enn dei rasjonelle argumenta.

– Dei som har stemt, dei har stemt ut frå følelsar, fortalde ein ordførar etter ei folkeavstemming der det ikkje blei fleirtal for samanslåing til Bygdeforskning. – Ikkje fordi dei har sett seg ned og gjort kalkulasjonar og den typen vurderingar.

Forskarane som har sett på dette tidlegare fortel at innbyggarane forstår dei organisatoriske argumenta for samanslåing. Dei økonomiske og praktiske resultata er det mogleg å seie noko om. Det dei ikkje forstår er kva ei samanslåing gjer for dei som bur der.

Du kan lese forskarane sine notat til workshopen om identitet og kommunereform

Svein Frisvoll og Reidar Almås, Norsk senter for bygdeforskning: Kommunesammenslåing og identitet – betyr identitet noe i teknokratenes lekegrind?
Bent Aslak Brandtzæg, Telemarksforsking, TF-notat nr. 29/2014  Kommunesammenslåing og regional utvikling: Betydning av identitet og tilhørighet
Sigrun Marie Moss, Psykologisk institutt, NTNU: Sosialpsykologiske perspektiver på kommunesammenslåingsprosesser: Rekategorisering og truede sosiale identiteter
Helene Loe Colman, Handelshøyskolen BI: Identitet og kommunesammenslåing – Hva kan vi lære av forskningen på fusjoner og oppkjøp?
Guri Mette Vestby og Ragnhild Skogheim, NIBR, Hode og hjerte? Lyst eller smerte? – Om lokal identitet og tilhørighet i kommunereformen

Teori og kjensler

Reint praktisk er det ikkje noko problem å slå saman to eller fleire kommunar. Kommunen må levere tenestene sine. Dei tilsette må gjere jobben sin. Om to arbeidsgjevarar vert slått saman til ein, har dei tilsette rettar og plikter. Det er mogleg å planlegge prosessen, og det er mogleg å arbeide for å hente ut det beste av arbeidsmåtar, kultur og identitet i organisasjonen. På papiret skal det vere fint mogleg å gjere ting betre om samanslåinga vert gjort riktig. På papiret.

Så lenge kommunesamanslåing er frivillig, og så lenge innbyggarane gjennom folkeavstemmingar eller spørreundersøkingar eller på andre vis skal seie meininga si, er det ikkje like enkelt. Då skal vi motivere innbyggarane til å vere positive til ei samanslåing. Eg trur politikarane tek vala sine ut frå rasjonelle og ideologiske utgangspunkt. Men kva er det som får innbyggarane til å ta vala sine?

For meg er det eigentleg nokså irrelevant om kommunen eg bur i heiter Steinkjer, Innherred, eller Nord-Trøndelag, for den saks skuld. Det eg er oppteken av er at kommunen leverer det eg treng. For eksempel at dei stakar opp kloakken når den er tett, at dei brøyter vegane og at eg veit at ungane får dei tilboda dei treng. Så foreslår nokon kommunesamanslåing. Det er greitt for meg det, så lenge eg framleis får det eg treng. Men blir eg redd for at noko forsvinn? Viss eg trur at ei kommunesamanslåing vil gjere at grendeskulen blir lagt ned, at den næraste sjukeheimen forsvinn eller at det går fem år ekstra før grenda mi får fiber. Då er det noko anna.  Då vil ikkje eg ha samanslåing. Eg treng ikkje ein gong vite at det er sånn det blir. Eg er redd for at det er sånn det blir. Kanskje eg til og med lagar ei facebookgruppe og startar min private kampanje mot kommunesamanslåing. Men det eg eigentleg tenkjer er at at eg ikkje vil at grenda mi skal kome i bakleksa og miste tilboda eg vil ha der.

Det er i sånt identiteten min har grunnlaget sitt. Frå forskarane si side får eg då høyre at eg har mange identitetar, knytt til skulen, idrettslaget, regionen, jobben og mykje anna. Den identiteten som eg kjenner er trua kan lett få stor plass og bli endå viktigare. Eg vil forsvare den. Og så blir eg imot kommunesamanslåing. Difor har identitet noko å seie i kommunereformen.

Meir å lære

Forskarane tykkjer vi veit for lite om korleis dette virkar. Dei meiner det kan vere mogleg å byggje ein overordna, regional eller interkommunal identitet som bur meg på kommunesamanslåing, om det skulle vere svaret. Men det tek tid. Og mykje speler inn. Det kan vere kvar i regionen eg jobbar, kvar eg handlar. Og det kan vere at eg ser interkommunale samarbeid som fungerer. Den regionale avhengigheita er stor. Alle kommunar samarbeider med andre kommunar for å løyse oppgåvene sine. Hadde eg innsett kor avgjerande det er, trur forskarane at eg kanskje hadde endra meining om kva kommunen min burde vere. Det vil dei forske meir på.

Stortinget har akkurat gitt klarsignal for den store kommunereforma. Den har ein tett timeplan. Så vi har ikkje tid til å forske på alt før vi gir råd om korleis kommunane bør jobbe. Vi treng ikkje meir forskning for å fortelje at kommunane vil tene på å ta innbyggarane med på råd. Og dei vil tene på informere godt om kva dei arbeider med, korleis ting er, korleis dei kan bli og korleis innbyggarane vil få det i framtida.

Skulle kommunereformen føre til at Steinkjer blir slått saman med andre kommunar i Nord-Trøndelag, kjem eg framleis til å vere steinkjerbygg. Eg kjem og framleis til å vere både odding og harding, sjølv om Odda skulle bli slått saman med fleire hardangerkommunar. Og sjølv om eg ikkje har budd der på mange år.

Dette blogginnlegget er forfattaren sine eigne tankar etter å ha delteke på workshopen om identitet og kommunereformen. Forskarmiljøa som deltok på workshopen leverte eigne notat om temaet – desse kan du lese under. Kompetansesenter for distriktsutvikling kjem til å arbeide for å auke kunnskapsnivået om identitet knytt til kommunane – og korleis det bør takast omsyn til i samanslåingsprosessar.