Fagområde: Næringsutvikling
Ein nordmann sin draum
Ein nordmann sin draum (Foto: Distriktssenteret)
Foto: Picasa

Ein nordmann sin draum

Ei regntung veke inn i fellesferien melder media om masseflukt av nordmenn mot sydlegare strok. Mange gjer likevel som planlagt: Pakkar bilen og reiser på hytta.

Hytteturisme kan skape varige verdiar i distriktaMen kommunar og lokalsamfunn med ambisjonar om lokal vekst gjennom hytteturisme, bør sjå til kva andre har gjort og til kunnskapen som allereie finst. Under peiker vi på noko av det kommunar, næringsliv, grunneigarar og folk på staden bør vite, før dei kastar seg på hytteeventyret.

I Noreg finst no omlag 420.000 fritidsbustader og nær halvparten av befolkninga har tilgang til ei hytte eller eit feriehus. Turbulente økonomiske tider bremsar hyttemarknaden, men framleis er hyttekjøp ein nordmann sin draum, og ein draum mange realisererDet kan bety auka verdiskaping og utvikling i distrikta, der fritidsbustadene er og bygginga hovudsakleg skjer.

At hyttefelt og hyttefolk legg att pengar, det veit vi. Spørsmålet er heller korleis vi kan sikre at mest mogeleg blir lagt att lokalt. Og kva med kostnader? Er hytteutbygging einsidig positivt for alle, eller er her også ulemper og potensielle konfliktar? Korleis kan kommunar og lokalsamfunn få gevinstar av hytteturismen, med minst mogeleg ulempe for staden og folk som bur der?

I den nordiske studien Rural Housing, er fritidsbusetnad (Second Homes) omhandla særskilt. Studien presenterer status, utviklingstrekk og fleire case frå dei tre landa. Tal og fakta om fritidsbusettinga i Noreg er samanstilt av Østlandsforsking, og presentert i rapporten Second Homes i Norge. Notat og presentasjonar frå arbeidsseminar om Second Homes gjev også god innsikt.

Hytteutviklinga skjer i distrikta, men med stor variasjon i omfang og verdiskaping. I nærare halvparten av alle kommunane representerer fritidsbustader 40% av bustadmassen. I nokre kommunar er det endåtil fleire hytter enn fastbuande. Naturlegvis har dette noko å seie for den lokale utviklinga. Likevel sler Østlandsforsking fast at mykje av vekst, omsetnad og verdiauke dei siste åra har skjedd konsentrert. I fjellområda på austlandet, knytt til større alpinanlegg. Oppland og Buskerud er dei største hytteregionane i tal fritidsbustader, Sogn og Fjordane og Finnmark dei minste. Fjellområda blir framleis rekna å vere vekstområde, men det skjer også hytteutvikling langs kysten, frå Vestlandet og nordover. For fjellområda melder eigedomsmeklarar at tilrettelegging for langrenn er sterkt etterspurt.

Det betyr likevel ikkje at alle kyst- og fjellområde er like attraktive og med same potensial for lokal verdiskaping. Avstanden mellom staden ein bur fast og fritidsbustaden avgjer mykje rundt potensialet for omfang. Dei store hytteregionane- og kommunane ligg innanfor 3-4 timar frå større folketette område. Østlandsforsking peiker på at avstand utover dette tilseier små mulegheiter for storstila fritidshusutvikling.

Det er dei større, velutstyrte fritidsbustadene som blir brukt mest og der mest pengar ligg att. Østlandsforsking peikar likevel på at også mindre og enklare hytter representerer kjøpekraft og lokal lønsemd; Hytteområda skal utviklast, hyttene byggast, varer, tenester og tilbod kjøpast. Det krev derimot fleire av desse.

Kor mykje av verdiskapinga knytt til opphaldet som ligg att lokalt er heilt avhengig av det lokale tilbodet og kvar fritidshusa ligg. For å legge best mogeleg til rette for lokal handel, peikar Østlandsforsking på avstand og tilgjenge til, samt breidde og utvalg på lokalt handelstilbod som avgjerande. Det blir også peikt på at storleiken og strukturen på det lokale næringslivet i stor grad også vil bestemme kva som er mogeleg å dekke lokalt, knytt til investering og bygging. Dersom ein ikkje er godt førebudd og i forkant, vil det lokale næringslivet og lokale verksemder ha vanskar med å konkurrere, når storstilt og rask utbygging skjer. Altså er det mange forhold som verkar inn på den lokaløkonomiske effekten av hytteturisme.

Den kommunale interessa for fritidsbustader har i hovudsak samanheng med potensialet for næringsutvikling og sysselsetting. I dei seinare åra har vi likevel sett døme på at hyttekommunar tenkjer på hytte- og deltidsbuande som ressursar utover kjøpekrafta for lokale butikkar og handverkarar. Tinn og Flatanger er døme på kommunar som har kartlagt kva hytte- og deltidsbuarane ønskjer og forventar av kommunen og lokalsamfunnet, og kva dei sjølve kan og vil bidra med.

Resultata av kartleggingane har synleggjort at fritidsbuarar i desse kommunane gjerne deltek i dugnadsarbeid og andre lokale tiltak som bidreg til ei positiv utvikling av staden. Samstundes viser desse og andre breiare undersøkingar at fritidsbefolkninga forventar å få medverke i lokale prosessar og saker. Flatanger og Tinn erfarer at slik dialog og medverknad gjev større forståing og færre konfliktar rundt lokale dilemma og utfordringar.

Fleire kommunar burde sjå medverknad som sentralt verktøy i lokalsamfunnsutviklinga, og behov og ønskje som fritidsbuande har, kopla opp mot kva folk som bur på staden ønskjer av utvikling. Er desse to gruppene så ulike, eller er det slik at det som er godt for dei tilreisande er også bra for dei fastbuande, og omvendt? Kan fritidsbuande evt. vere ressurs og motor for å utvikle og gjere staden meir attraktiv også for fast busetting, eller er her kryssande interesser?

I Oppland, med Valdresregionen særskilt, er det gjennom mange år jobba strategisk med å løfte regionen som tradisjonsrik hytte- og reisemålsregion med ekte og mangfaldige kvalitetar. Gjennom forpliktande avtalar byggjer og profilerer regionen og kommunane tilbod og tenester som utviklar kvar enkelt stad. Ikkje berre som reisemål for besøkande, men også som ein attraktiv stad for deltids- og heilårsbuande. Valdres er verdt å sjå til for andre kommunar med ambisjonar for hytteturisme.

Distriktssenteret har i to sjølvstendige studier sett nærare på kommunen sin rolle i reisemålsutvikling, og på mulegheiter og utfordringar med å kople reisemålsutvikling sterkare til samfunnsutviklinga.

Stikkord: