Fagområde: Omdømme

Det er ikkje slagordet det kjem an på

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Trond Blindheim ved Markedshøyskolen delte 3. februar ut terningkast for kommuneslagord i Firda, og uttalte at mange av slagorda til kommunane er ”krise”. Han slo fast at ingen av kommunane har kome i mål med kva som er det spesielle ved staden, assosiasjonar og profilering

Distriktssenteret jobbar med omdømmeprosessar i distriktskommunar over heile landet. Vi arrangerer årleg Omdømmeskulen, og her lærer vi kommunane at omdømmebygging ikkje handlar om å lage eit godt slagord. ”Det er de lates strategi”, seier foredragshaldar på Omdømmeskulen, Børre Berglund.

Omdømmearbeidet i ein kommune startar med å involvere innbyggjarar og næringsliv i å definere kommunen sin identitet. Kva er unikt med vår kommune? Kva kjenneteiknar oss? Her er det viktig med brei involvering blant innbyggjarane. Resultatet må vere noko innbyggjarane kjenner seg att i.

Jølster kommune er eit godt eksempel her. Dei arrangerer no folkemøte og inviterer ope til at innbyggjarane skal vere med å definere kva som er identiteten til Jølster. Basert på dette kan ein lage seg gode slagord for å selje kommunen – eller ein kan velje å la vere, og heller satse på å gjere kommunen attraktiv å bu i gjennom eit solid tenestetilbod.

Innbyggjarane vil alltid vere dei viktigaste ambassadørane til ein kommune. Gjennom gode prosesser med involvering og medverknad, kan eit omdømme byggast innanfrå og ut. Og det som kjem ut, kan gjerne vere eit godt slagord. Men det hjelper lite dersom slagordet ikkje stemmer overeins med innbyggjarane si oppleving av kommunen.

Hyllestad kommune vert trekt fram i artikkelen som ein kommune utan slagord. Flott, Hyllestad! Dei er no i gang med eit omdømmearbeid der dei startar i riktig ende, og går vegen via folk som bur i kommunen.

Så til kommunar utan slagord eller til dei som har fått dårlege terningkast: ”Krisa” er avblåst! Lykke til med omdømmearbeidet dykkar, som handlar om å trekkje innbyggjarane med i jakta på det unike ved heimkommunen dykkar. Og om prosessen fører fram til eit godt slagord som innbyggjarane stiller seg bak, då gir det retning og meining, og ein sel ”ekte vare” ut til omverda.

Innlegget har tidigare vore på trykk i avisa Firda.

Stikkord:
Steder: