Den lokale distriktsutviklinga

Distriktspolitikk handlar om meir enn sentrale føringar. Det handlar mest om lokal utvikling der både kommune, næringsliv og lokalsamfunn evnar å samarbeide om å gripe moglegheitene.

10. august teiknar Dag og Tid eit bilete av utviklinga av distriktspolitikken sidan 1960-talet. Distriktssenteret bruker mykje tid på å sjå korleis det lokale utviklingsarbeidet i praksis vert gjennomført. Vi deler ikkje oppfatninga om at kultursatsing er det mest sentrale satsingsområdet i lokalt utviklingsarbeid. Gjennom kontakt med kommunane og i forsking ser vi at det også blir lagt vekt på mykje anna enn kultur. Dei som lukkast er dei som evnar å gripe sjansane som byr seg.

Gode utviklingstiltak handlar om arbeidsplassar, bustadar, fritidstilbod, tenestetilbod, miljø og mykje anna. Vi ser gang på gang at lokal tilpassing av både innhald i og organisering av arbeidet er avgjerande for resultatet.

Mange stader manglar arbeidskraft, og utfordringa er å få folk til å kome for å gjere jobben – og få dei til å bli. Med høg innvandring, er det naturleg å sjå det som ein av løysingane. Men vi har den same utfordringa som for dei som er oppvaksne i Noreg: Vi må få dei til å flytte dit vi treng dei. Vi har til gode å sjå ein fylkesplan eller ein kommuneplan gjennomsyra av ein heilskapleg strategi for korleis fylket eller kommunen skal lukkast med å inkludere tilflyttarar generelt og innvandrarar spesielt. Gjennom studien ”Derfor blir vi her” ser Distriktssenteret og Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet (IMDi) at berre enkelte kommunar tek på alvor at samansettinga av menneske i alle deler av landet er under stor forandring og utvikling.

Fiskeri- og havbrukskommunen Herøy i Nordland har erfaringar på dette området. Dei hadde arbeidsplassar, men mangla hus. Meir varig busetting og folketalsvekst fekk kommunen først då dei starta ei målretta satsing på bustadutvikling, systematisk kompetansekartlegging og integreringstiltak. Slik sett kan vi seie at innvandringspolitikken og er ein del av distriktspolitikken.

Distriktssenteret lanserte nyleg studien ”Suksessrike distriktskommunar”, som tydeleg viser at det ikkje finst ei universell oppskrift for å lukkast med den lokale utviklinga. Men det finst nokre fellestrekk. Eit av dei er at ulike aktørar må avstemme forventningar til kvarandre og samhandle betre. Betre samhandling er det vanskeleg å lage politikk av. Den må skapast av lokale og regionale aktørar.  KS og NHO er til dømes to aktørar som må sette samhandling mellom næringsliv og kommunal sektor høgare på dagsorden.

Å lukkast med å tiltrekke seg og halde på nye innbyggarar krev at ein tenkjer og handlar heilskapleg, er mangfaldig og jobbar langsiktig. Samfunnsplanlegginga må ta omsyn til eit mangfald av nye innbyggarar, og fleire politikkområde må sjåast i samanheng. Det er ikkje noko som berre er distriktspolitikk. Det kan samstundes  vere næringspolitikk, innvandringspolitikk, samferdslepolitikk, helsepolitikk og mykje anna – også kulturpolitikk.

Trykt som debattinnlegg i Dag og Tid 24.8.12