Det har i fleire år vore jobba med å utvikla ein natur- og kulturpark gjennom fleire prosjekt på Varangerhalvøya. Ein har sett på korleis naturarv kan væra ein ressurs i utviklinga av lokalsamfunn og det er gjort ein jobb med kartlegging av kulturminner. Dette arbeidet vil vera sentralt i utviklinga av natur- og kulturparken.
VVV-prosjektet
Sidan 2009 har partane i prosjektet samarbeida om prosjektet Varnjargga – Varenkinnnemi – Varangerhalvøya, også kalla VVV-prosjektet. Dette har vore ein del av Direktoratet for naturforvalting sitt verdiskapingsprogram Naturarven som verdiskapar. VVV-prosjektet har arbeidd med tilrettelegging i form av utbetring av tradisjonelle vandrestiar, restaurering av hytter og bygging av fuglekikkeskjul og naturrom i område med særskilde natur- og kulturkvalitetar.
Tre fasar
Varangerhalvøya natur- og kulturpark ser føre seg å jobbe fram parketableringa i tre fasar. Første fase skal kartlegge dei lokale ressursane, definere parkområdet og vurdere marknadssituasjonen for lokale produkt og opplevingar. I fase to skal ein legge strategiar for kulturminne- og landskapsforvalting, opplevings- og produktutvikling, i tillegg til strategiar for organisering og finansiering. Tredje fase skal produsera ein parkavtale som dannar plattform for handling.
Norske parkar
Dette er eit av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Kommunane som er med er Vardø, Vadsø, Nesseby og Båtsfjord. Målet til Varangerhalvøya natur- og kulturpark er å bli godkjent park i nettverket Norske parkar.