Byregionprogammet
Midt-Telemark deltek med eit prosjekt i Byregionprogrammet.
Prosjektet har som mål å bygge ned barriarar for samarbeid, og utvikle modellar der regionale utdanningssystem blir strategiske verktøy i større grad. Konkret skal prosjektet bidra til:
- 150 nye kunnskapsbaserte arbeidsplassar i regionen i løpet av 5 år
- Minst 20 verksemder i Midt-Telemar inngår årleg i nettverk med Høgskulen i Sørøst Norge HSN om studentarbeid i eksisterande arbeidsplassar
- Minst 50 verksemder deltek årleg på kurs
- Studiestaden Bø skal utviklast som føretrekt kontaktpunkt for akademisk kompetanse for næringsliv og regionale aktørar
Manglande samarbeid hemmer arbeidsplassvekst
Som ein del av sitt prosjekt i Byregionprogrammet, har Midt-Telemark sett nærare på samarbeidet mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonar og korleis dette kan styrkast framover. Med utgangspunkt i ei samfunnsanalyse gjennomført i 2013, valde Midt-Telemark innovasjon og kunnskapsdeling mellom høgskule, næringsliv, kommunar og vidaregåande skular som tema i sitt byregionprosjekt.
Prosjektet har fått viktig kunnskap frå samfunnsanalysa og samtalar med aktørane. Det er tydeleg at næringslivet ikkje kjenner godt nok til kva for kompetanse høgskulen kan tilby. Samstundes kjenner heller ikkje høgskulen til kva næringslivet sine kompetansebehov er. Nokre kompetansehevingstiltak som næringslivet har meldt, har det teke for lang tid for å levere. Den manglande kjennskapen til kvarandre hemmar potensiale for arbeidsplassvekst i regionen.
Næringslivet etterspør praksisretta kompetanseutviklingstiltak som er skreddarsydde
For å få svar på kva for fagfelt bedriftene treng kompetanseheving og kva for undervisningsform dei ønskjer, sendte prosjektet ut eit enkelt spørjeskjema til 280 bedrifter. For å nå ut til bedriftene i regionen, brukte prosjektet adresselistene til Midt-Telemark Næringsutvikling, som har oversikt bedriftene i regionen. Midt-Telemark Næingsutvikling er også deltakarar i prosjektet.
Kompetansekartlegginga viste at næringslivet er særleg opptekne av å styrke kunnskapen sin på område som ligg nært til deira daglege utfordringar. Verksemdene etterspør fysiske, praksisretta og konsentrerte kurssamlingar.
Formal kompetanseheving er i mindre grad etterspurd. Dette meiner prosjektleiinga blant anna har samanheng med at verksemdene også signaliserer manglande kapasitet til å prioritere utviklingsarbeid. Over tid vil dette utan tvil kunne hemme samspel og arbeidsplassvekst.
Næringsselskap som kompetansemeklar
Det er ei krevjande utfordring prosjektet har føre seg. Så langt er også erfaringa at det er stort behov for nokon som tek initiativ og den viktige kople- og koordinatorrolla mellom etterspurnad og tilbod. I prosjektet har Midt-Telemark Næringsutvikling teke initiativet, og støtta høgskulen i kartlegginga av næringslivet sitt kompetansebehov. Samtundes har dei i felleskap gjort høgskulen til næringslivet sitt kontaktpunkt for kompetanse.
Denne samarbeidsmodellen blir no prøvd ut gjennom eit pilotkurs innanfor marknadsføring og kundebehandling. Tilsvarande samarbeider næringsselskapet med dei vidaregåande skulane om kurs for fagarbeidarar, og med ulike typar sertifiseringskurs.
Kan regionens utdanningssystem dekke næringslivet sine behov?
Skreddarsaum og regionalt tilpassa etter- og vidareutdanning er generelt vanskeleg å få til, særleg gjennom høgskulesystema. Slik kompetanseutvikling gjev verken status eller økonomisk støtte for høgskulane, sjølv om dei i sitt mandat har ei definert regional utviklingsrolle. Handlingsrommet for å utvikle og følgje opp slike opplegg blir difor opplevd som lite tilpassa ønskjet om ein aktiv regional rolle.
Så langt har prosjektet vist at den etterspurde kompetansen og ressursane finst i opplærings- og utdanningsinstitusjonane. Det er med andre ord ikkje dette som hemmar samspel mellom utdanning og næringsliv.
Utdanningssystema- og strukturane er derimot ei større utfordring. Erfaringa er at samspelet mellom regionalt næringsliv og høgskule ikkje bygger på institusjonaliserte strukturar. Det er få dediserte ressursar innanfor opplæringssystema til å systematisk spørje, utvikle og gjennomføre kurs/-kompetansetiltak for næringslivet. Krav til årsplanar fyller tida til dei undervisningstilsette slik at ekstra tidsbruk på kursbehov til næringslivet vil krevje overtidsbruk. Prosjektet viser samstundes at det er i stor grad er vilje hjå eldsjeler og enkeltpersonar. For å styrke samarbeidet, er det no inngått partnarskapsavtale mellom Høskulen i Sørøst-Norge HSN og regionrådet.
Læring so langt
Midt-Telemark
Midt-Telemark består av kommunane Bø, Nome og Sauherad, med tilsaman 17000 innbyggarar. Regionen utgjer ein felles bu- og arbeidsmarknad og er vertskap for viktige utdanningsinstitusjonar i Telemark. Regionen har eit godt etablert samarbeid gjennom mellom anna Midt-Telemarkrådet.
Midt-Telemark-regionen meiner at prosjektet so langt har gitt viktig læring til eit regionalt satsingsområde. Arbeidet har mellom anna avdekka at etter- og vidareutdanninga i for liten grad er institusjonalisert i opplærings- og utdanningssystema. HSN har til dømes gjort seg nyttige erfaringar knytt til utvikling og organisering av kommersielle kurs, og dei vurderer ein eigen verksemd for etter og vidareutdanning.
Vidare er det tydeleg behov for å få fram kompetansebehova hjå næringslivet, og at næringslivet sjølve blir flinkare til å spørje etter kompetanse lokalt. Etterkvart som kunnskapen om behova hjå næringslivet aukar hjå opplærings- og utdanningsinstitusjonane, vil dette også stimulere til fleire lokale kurs-/utdanningstilbod.
I det vidare arbeidet vil høgskulen bli utfordra rundt næringslivets framtidige kunnskapsbehov og korleis desse kan ivaretakast. Innanfor programperioden betyr det å ta tak i og prøve ut fleire tiltak som møter arbeidslivets behov. På lengre sikt også bidra inn til ein strategi for vidareutdanning i regionalt næringsliv. Slik vil Midt-Telemark-regionen bygge varige samspelsstrukturar mellom næringsliv og utdanning.