Regionpark Dokka-Etna-Randsfjorden

Er det grunnlag for å etablere ein regional park i våtmarkslandskapet i Vest-Oppland? Ved å bruke natur- og kulturarven i området er målet å auke verdiskapinga.

Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarksenter AS (DNV) vart etablert i 2008, og er eit naturinformasjonssenter. Kommunane Nordre Land og Søndre Land eig senteret. Målet med prosjektet er todelt:

  1. Utgreie grunnlaget for å etablere ein regional park i landskapet rundt Dokka-Etna og Randsfjorden i Vest-Oppland.
  2. Auke verdiskapinga i området gjennom å styrke marknadsføring og formidling av natur- og kulturbaserte attraksjonar. I løpet av 2014 er målet å gjennomføre to arrangement og eit fagseminar basert på natur- og kulturarv i regionen.

Forprosjekt avklarar geografi og tema

Gjennom eit forprosjekt skal ein avklare geografisk område, kva for tema skal parken byggje på og kva form for partnarskapsavtale prosjektet skal arbeide etter.

Randsfjorden er ein av dei største innsjøane i Norge, med unike natur- og rekreasjonsverdiar. Tilløpselvane, med Etna og Dokka, har stor verdi for miljøet og samfunnet. Særleg interessant er det at medan Dokka er regulert til kraftproduksjon, er Etna verna.

Dokka-Etna- Randsfjorden

Våtmarksormådet rundt Dokka-Etna- Randsfjorden. Målet er å utvikle ein regional park i området som styrkar grunnlaget for natur- og kulturbasert verdiskaping. Foto: Thor Østbye

Samarbeid på tvers

Prosjektet er eit samarbeid mellom tre institusjonar i Land-Randsfjords-regionen, som alle er sentrale for å ivareta og utvikle verdiar knytt til natur og kultur; Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarksenter AS (DNV), Randsfjordmuseene AS og Gjøvikregionen turistkontor.

Lag og foreiningar, bedrifter og kommunar vil bli involvert i prosjektet. Det er lagt særleg vekt på at grunneigarforeiningar blir involvert frå starten av.

Dette er eit av totalt 22 prosjekt som har fått midlar frå Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).