Regionalpark i Vesterålen – fjordfolk under Møysalen

Arbeidet med utvikling av ein regionalpark skal føre til bygdeutvikling og mobilisering.

Lokalt initiativ – regional forankring

Prosjektet omfattar i dag kommunane Lødingen, Sortland og Hadsel. Planen handlar om å ta i bruk regionalpark som metode for bygdeutvikling og mobilisering.

Organisasjonen ”Bygd for livet” er initiativtakar og har prosjektleiinga inntil endeleg organisering av regionalparken er avklara. Utfordringa er å danne aktive nettverk, og forankre arbeidet på regionalt nivå.

Bygda Hennes er ei av fjordbygdene under Møysalen (1266 moh.) og den alpine fjellheimen på Hinnøya. Hennes er knutepunkt for Møysalen nasjonalpark og landskapsvernområde og Svellingsflaket naturreservat. Foto: Trond Løkke, Vesterålen turlag.

Bygda Hennes er ei av fjordbygdene under Møysalen (1266 moh.) og den alpine fjellheimen på Hinnøya. Hennes er knutepunkt for Møysalen nasjonalpark og landskapsvernområde og Svellingsflaket naturreservat. Foto: Trond Løkke, Vesterålen turlag.

Den karakteristiske Møysalen 1266 moh. er eit landemerke og blikkfang i store deler av Vesterålen. Utfordringa er å komme over fra kulisselandskap for nasjonal og internasjonal reiselivsindustri, til lokal verdiskaping bygd på natur- og kulturarven.

Frå kulisse til verdiskaping

Dette fjordlandskapet er den mest populære etappen til Hurtigruta, og turen til Møysalen blei kåra som Norges beste naturopplevelse i 2009. Fjordfolket har mykje meir enn guida toppturar å by på; gravfelt fra vikingtida, eit nett av sauestiar og mjuke lågterskelløyper, landets eldste fjell, flotte sykkelruter og båtruter mellom fjordbygdene i ein vakker og rein skjærgard.

Det overordna målet er å sikre busetnad og motverke ”hyttefisering”, gjennom å rekruttere unge menneske og etablere nye arbeidsplassar bygd på natur- og kulturarven og landskapa under Møysalen, inkludert Møysalen nasjonalpark.

Dette er eitt av totalt 22 prosjekt som har fått midlar frå Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).