Lokalt initiativ – regional forankring
Prosjektet omfattar i dag kommunane Lødingen, Sortland og Hadsel. Planen handlar om å ta i bruk regionalpark som metode for bygdeutvikling og mobilisering.
Organisasjonen ”Bygd for livet” er initiativtakar og har prosjektleiinga inntil endeleg organisering av regionalparken er avklara. Utfordringa er å danne aktive nettverk, og forankre arbeidet på regionalt nivå.
Den karakteristiske Møysalen 1266 moh. er eit landemerke og blikkfang i store deler av Vesterålen. Utfordringa er å komme over fra kulisselandskap for nasjonal og internasjonal reiselivsindustri, til lokal verdiskaping bygd på natur- og kulturarven.
Frå kulisse til verdiskaping
Dette fjordlandskapet er den mest populære etappen til Hurtigruta, og turen til Møysalen blei kåra som Norges beste naturopplevelse i 2009. Fjordfolket har mykje meir enn guida toppturar å by på; gravfelt fra vikingtida, eit nett av sauestiar og mjuke lågterskelløyper, landets eldste fjell, flotte sykkelruter og båtruter mellom fjordbygdene i ein vakker og rein skjærgard.
Det overordna målet er å sikre busetnad og motverke ”hyttefisering”, gjennom å rekruttere unge menneske og etablere nye arbeidsplassar bygd på natur- og kulturarven og landskapa under Møysalen, inkludert Møysalen nasjonalpark.
Dette er eitt av totalt 22 prosjekt som har fått midlar frå Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).