Regionalpark Numedal

Regionalpark Numedal er ei forstudie som testar regionalparkmodellen som prosess for næringsutvikling, merkevarebygging og bolyst i Numedal.

Prosjektet i Numedal har undertittel ”saman står vi sterkare”, og skal gjennomføre ein forstudie som ser på kva meirverdi Numedal kan oppnå ved å bruke regionalparkmodellen som samarbeidsform mellom åtte utvalde satsingsområde.

Rik på historie

Numedal består av kommunane Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal med tilsaman ca 6500 innbyggarar og om lag 9000 hytter. Numedalslågen renn gjennom dalføret på veg frå Hardangervidda til Larvik. Dalen har historisk bakgrunn innan tømmerfløting, treforedling, industri og vannkraft. I tillegg er her lange tradisjonar innan reiseliv.

Tilrettelegging og verdiskaping rundt nasjonal sykkelrute nr 5 er eit av åtte satsingsområde i regionalpark Numedal.

Tilrettelegging og verdiskaping rundt nasjonal sykkelrute nr 5 er eit av åtte satsingsområde i regionalpark Numedal.

Satsingsområde

Gjennom forstudien er målet å finne ut om og korleis samarbeidsmodellen park kan løyse ut auka verdiskaping i allereie eksisterande samarbeid, prosjekt og prosessar. Det er valt ut åtte satsingsområde:

  • Profilering av 3-fjellsamarbeidet: Blefjell – Veggelifjell og Uvdal
  • Utviklingspotensialet i Middelalderuka, eit årleg arrangement i heile Numedal.
  • Numedalslågen som naturressurs og kulturhistorisk ressurs
  • Næring av verneområda Trillemarka – Rollagsfjell og Hardangervidda nasjonalpark.
  • Utviklingspotensiale i Numedalsbanen, nedlagt men foreslått freda.
  • Vidareutvikling av rasteplassar, sentrumsutvikling med mer av fylkesveg 40 gjennom Numedal.
  • Utvikle lokale matopplevingar gjennom Numedal.
  • Verdiskaping i samband med Numedalsruta – nasjonal sykkelrute nr. 5.

Regionalpark Numedal er eitt av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet for Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).